Web Analytics Made Easy - StatCounter

Orienteringsmøte om The Rotary Foundation frå Gunnar Kvalsund

The Rotary Foundation (TRF) 

Gunnar Kvalsund (t.h) er godt kjend for klubben gjennom sitt store engasjement i Rotary. Han har mellom anna vore distriktsguvernør, og er no distriktsrepresentant for Rotary Foundation. Kvalsund er fosnavågar, men busett på Vigra og medlem i Giske Rotaryklubb. 

Kvalsund innleia sin presentasjon med å gratulere klubben med å ha fått Påtroppande distriktsguvernør. Han oppmoda klubben om å støtte Lidun Hareide i hennar verv, og om å førebu seg på å arrangere distriktskonferanse. 

TRF kapitalen til Rotary, og det systemet som vert nytta for å finansiere organisasjonen sine mange prosjekt ute i verda og lokalt. I følgje Rotary sin grunnleggjar, Paul Harris, er Rotary det Rotary gjer. Rotary består av 1.22 millionar medlemmar på verdsbasis, med cirka 50 000 klubbar fordelt over 200 land. 

Sjølv om The Rotary Foundation og Rotary er to separate organisasjonar, med eigne styre, så jobbar dei saman mot felles mål. TRF er kapitalen og fondet, medan Rotary organiserar aktiviteten opp mot klubbane. Mottoet til TRF er «Doing good in the world”, og for å få tildelt Global Grant, må prosjektet vere innanfor eit av fokusområda til fondet som er: 

·         Fred og konfliktforebygging /-løysing

·         Sjukdomsførebygging og behandling

·         Vatn og sanitær

·         Barne- og mødrehelse

·         Grunnutdanning og leseferdighet

·         Økonomi- og samfunnsutvikling

·         Miljø og naturvern

Den såkalla Rotary Grants-modellen er delt inn i Global (globale tilskot) og District Grants (distriktstilskot). 

Globalt Grant støttar store internasjonale aktivitetar med berekraftige, målbare resultat innanfor eit eller fleire av dei sju fokusområda som nemnde ovanfor. For å få tildelt Globalt Grant er det ei rekke krav som må vere stetta, som mellom anna at prosjektet må: 

·         Vere eit internasjonalt partnerskap mellom rotarydistrikt og/eller rotaryklubb i landet der prosjektet gjennomførast, og ein Rotary klubb eller distrikt utanfor dette landet. Den klubben som søker om tilskotet er anvvarleg for prosjektet og at det er i samsvar med krava.

·         Inkludere målbare mål som dokumenterast gjennom framdriftsrapportar.

·         Være i samsvar med minst ett av Rotarys syv fokusområder.

·         Dekke reelle behov i samfunnet.

·         Ha eit totalt budsjett på minst USD 30.000.

·         Oppfylle dei generelle krava for å få tilskot 

Ein kan søke The Rotary Foundation om tilskot gjennom heile året. Søknaden er elektronisk (online), men må gå igjennom ein kvalifiseringsprosess der distriktet anbefalar og innstiller prosjektet til Rotary International, som er godkjennar. 

District Grant – (Distriktstilskot) 

Denne tilskotsordninga støttar mindre, kortsiktige aktivitetar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er ein enklare søknadsprosess enn for Global Grants. Frist for søknader er 15. nobember kvart år. 

Meir informasjon om TRF finn du her: https://www.rotary.no/no/rotaryfondet-trf 

Kvalsund oppmoda Ulstein Rotaryklubb og medlemmane om å auke sitt bidrag til TRF. Gjennomsnittet til klubbane bør ligge på 30 USD per medlem per år. I tillegg kan kvart enkelt medlem gje ein donasjon digitalt ved å gå inn på Rotary si heimeside, der ein mellom anna kan velje betaling via automatisk trekk på bankkonto: https://www4.solidus.no/SolidusUser/avtalestraks/35A7B50C-E391-4B93-871E-E5CD9730672C 

https://www.rotary.no/no/trf-the-rotary-foundation 

Kvalsund orienterte også om at det er mogleg å gje donasjonar til Ukraina innan 30. april via Rotary sitt Disaster Fond: https://rotary.no/no/nyhetsdetaljer/301#

Fullt møtereferat på medlemsnett

 


 
PRESENTASJON - WILLY SOLVANG

29. januar 2024

PRESENTASJON - WILLY SOLVANG

Rotarymedlem, grunder og kokk Willy Solvang holdt ett givende foredrag fra oppveksten på Kvamsøya med koking av albueskjell til opplæring og læretid på Stattholdergaarden..

Kaffimøte med orientering 15/1-2024

15. januar 2024

Kaffimøte med orientering 15/1-2024

Kaffimøte med orientering angående konferansen 2024 og foredrag fra Orlando med Lidun Hareide

Kryptovaluta med Carl Magnus Hegde Næss

8. januar 2024

Kryptovaluta med Carl Magnus Hegde Næss

Carl Magnus Hegde Næss tok turen innom Ulstein Rotary og holdt en presentasjon om kryptovaluta.

Medlemsmøte hos Larsnes Mekaniske

12. desember 2023

Medlemsmøte hos Larsnes Mekaniske

Bedriftsbesøk til Larsnes Mekkaniske Verksted med en usedvanlig engasjert og positiv Daglig leder Jarle Gunnarstein

11. desember 2023

Årsmøte 11-12-2024

Vi hadde ett fint og engasjerrt medlemsmøte for
ÅRSMØTE.

Kaffimøte med orientering 27-11-2023

27. november 2023

Kaffimøte med orientering 27-11-2023

Kaffimøte og loddsal

Julebord på Bogne

20. november 2023

Julebord på Bogne

Hyggekveld i saman med Herøy Rotaryklubb

VIKINGHUSET PÅ  LEIRA I HJØRUNGAVÅG

13. november 2023

VIKINGHUSET PÅ LEIRA I HJØRUNGAVÅG

Intercity i saman med Hareid Rotaryklubb.

LANDBRUKET I ULSTEIN

6. november 2023

LANDBRUKET I ULSTEIN

Presentasjon av landbruket i Ulstein av avdelingsleder hos Landbrukskontoret; Anne Kathrine Løberg, med påfølgende besøk i det hypermoderne fjøset til Jonas Flø.

Ulstein Rotary - Solidarisk støtte

5. november 2023

Ulstein Rotary - Solidarisk støtte

Etter invitasjon frå Ulstein Sokn, deltok Ulstein Rotaryklubb søndag kveld 05.11.23 med å markere solidarisk støtte til sivile som er offer for krig i Ukraina og Midtausten.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...