Web Analytics Made Easy - StatCounter

Restaurering av kvernhus ved Ulsteinelva

Rotary gjorde ein heil del restaurerings-arbeid for å sette i stand eit kvernhus ved Ulsteinelva på slutten av 60-tallet. (årstall noe usikkert)

Rotary beisa (olja) også bygningen -  Bjørn Nytun skaffa oljen.

Annstein Flø, tidlegare maskinist, amcar-entusiast og med stor interesse for lokalhistorie døydde 3. april 2020. 

I Levd Liv i 2010 hadde han ein artikkel om Ulsteinelva, der han beskreiv dei ti kvernhusa som i si tid stod langs elva.

Om den aktuelle kverna skriv han:

Svennskverna (Svend Helgeson (1690)) Bnr. 7

Som ein ser, er namnet på garden gammalt. Men det er ikkje godt å seie om det tyder at kverna er gammal. Svend og Svein er brukt på eigedomane i lang tid, heilt til våre dagar.

Denne kverna er den einaste som står no, men ho er i svert dårleg stand. Ho vart delvis restaurert i 1960-åra av Knut Ulstein (Plasse-Knut). Til dette vart det gjort ei løyving over kommunebudsjettet på kr. 2.000,- Dette strekte ikkje til, og vidare løyvingar vart ikkje gitt, endå arbeidet med huset var gratis. Kvernkallen var i dårleg stand, men fullt reparerbar.

Eigarar no er arvingane etter Hans Svendsen.

Kvernhuset slik det står i dag (2020) - Foto: Stig S. Riise / Rotary:






Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...