Web Analytics Made Easy - StatCounter

Bedriftsbesøk - Ko:Ko - Mjølstadneset kl.1930.

3. juni 2019 kl. 19:30 - 20:30

Fellesmøte med Herøy Rotaryklubb.

KO:KO NORWAY er eit Norsk klesmerke, etablert i Fosnavåg i 2011.
KO:KO Norway er hovudsakleg unike damekjolar. Norsk design med kjolar i fokus.
Designaren elskar kontrasten mellom det fargerike, leikne "colorful living» og det enkle, klassiske "less is more".
Ein kontrast som gjer kolleksjonen spennande og som kan gi litt overraskande detaljar.
Vi er stolt av å fortelje at alle kjoledesign og stoffmønster vert teikna og utforma av ko:ko designar i Fosnavåg, slik vert våre produkt unike.
Inspirasjonen kjem frå menneske som elskar det dei driv med og som brukar kreativiteten sin til nyskaping.
Velkomen til norsk design med kjærleik til kjolar.