10. februar 2020 kl. 18:00 - 19:30
Hareid Rotaryklubb og Ulstein Rotaryklubb inviterer til ope møte i Hareidhallen. Tema for møtet er organdonasjon og dei to klubbane håpar å fylle Hareidhallen denne kvelden.
Dit kjem Hege Lundin Kuhle, dagleg leiar i stiftinga Organdonasjon. Håpet er at møtet skal gje utfyllande informasjon og svar på det meste av spørsmål kring organdonasjon. Stiftinga vart oppretta i 1997, på bakgrunn av den store mangelen på organ for transplantasjon og har sidan jobba for at alle som treng eit nytt organ skal få det.
– Organdonasjon er noko det blir meir og meir fokus på. Det er tusenvis av menneske i Europa som sit og ventar på organ, og mange hundre berre i Norge. Dette er noko som vi absolutt bør ha fokus på, også lokalt, fortel Oskar Grimstad, visepresident i Hareid Rotary.
Ifølgje stiftinga Organdonasjon stod det 448 personar på venteliste for organtransplantasjon ved utgangen av 2019.
Rotary-klubbane minner igjen om at møtet er ope for alle som kan vere interesserte og at det sjølvsagt er gratis inngang i Hareidhallen.
– Dette er noko av det viktigaste Rotary kan gjere. Vi håpar verkeleg at folk vil møte opp!
Rotaryklubbane oppmodar mellom anna alle som jobbar innan helse- og omsorg, eller andre som kan få spørsmål om organdonasjon i sitt arbeid, om å ta turen til Hareidhallen denne kvelden. Idar Flø fortel at ein mellom anna få ei orientering om stiftinga Organdonasjon.
– I tillegg har folk truleg ein del spørsmål og dei kan ein få svar på under møtet. Ein vil også få eit forhold til organisasjonen, slik at ein kan ta kontakt med dei seinare dersom ein skulle lure på noko.