15. juni 2020 kl. 18:00 - 20:00
Gode Rotaryvener,
Komande måndag kl. 18.00 skal Ulstein Rotaryklubb overføre dei to gapahukane og Høddmonumentet til Ulstein kommune! Hendinga vert markert med ein formell seremoni ved Bugardshuken. Det vil vere representantar frå kommunen for å ta i mot gåva frå Ulstein Rotayklubb. Lokalavisa kjem også så alle medlemer vert spesielt oppmoda om å støtte opp om arrangementet for å vise engasjement og bredde! Det vert servert kaffi og kaker i samband med overrekkinga.
Rett etter at den formelle overrekkinga vert det altså muleg å få seg ein kopp kaffi og ei kake før vi tek til på siste dugnadsrunde på Bugards- og Lisjevatnhuken i denne omgang! Sjølv om kummunen overtek det formelle eigarskapet av installasjonane skal vi framleis stille opp til dugnad ved seinare høve dersom kommunen ber oss om det eller at vi ved sjølvsyn ser at noko må gjerast.
Vi har fylgjande oversikt over kva som står att av arbeid på gapahukane:
BUGARDSHUKEN
1) Inspisere torvtak og ev. legge meir torv ved behov. Torv finn vi i nærområdet. Ta med spader og greip til denne jobben. Behov for 2-3 personar.
2) Justere fall på takrenne, samt legge tetningsstoff i botnen. Her treng vi skrutrekkar/drill med bitsalternativ. Behov 2-3 personar.
3) Rydde inn- og utvendig. Behov 1-2 personar.
4) Vurdere kva som skal gjerast med opninga i veggen (Tettast med villmarkspanel, lage vinduslem eller liknande). Behov: Alle gode innspel tel!
LISJEVATNHUKEN
1) Ferdigbeising av bord og benkar. Det vert delt ut beis og kostar i Bugardshuken etter seremonien. Behov 1-2 personar.
2) Inspisere torvtak og ev. legge meir torv ved behov. Torv finn vi i nærområdet. Ta med spader og greip til denne jobben. Behov for 2-3 personar.
3) Rydde inn- og utvendig. Behov 1-2 personar.
Dersom de veit om andre ting som må gjerast ber eg om at de tek kontakt med meg om dette i god tid!
Oversikta viser at vi treng om lag 8-12 dugnadsfolk denne gongen. Alle møter ved Bugardshuken kl. 18.00!
Eg håpar at dei som har høve til å stille frå lokal prosjektkomite tek med nokre kanner kaffi og saft/sider/juice. Hugs også tallerken og beger, samt gaflar/skeier! Fint om leiar i komiteen så snart som råd stadfestar at dette let seg gjere.
Eg kjøper marsipankakekake eller liknande.
Vermeldinga for måndagen seier akkurat no SOL, flau bris og 19-20 grader
Med venleg helsing
Bjørn Gunnar Tafjord
President 2019-2020
Ulstein RotaryKlubb