Velferdsteknologi med Hildegunn Utgård (Åpent referat)

Hildegunn Utgård har det siste året vore prosjektleiar for velferdsteknologi i 7- stjerna (dei 7 kommunane: Hareid, Herøy, Ulstein, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda). Ho er utdanna fysioterapeut og held også på med ei Master oppgåve innan helsefag.
Velferdsteknologi er ein fellesnemnar for tekniske installasjonar og løysningar som
Dei 7 kommunane er med i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet «Morgendagens omsorg». Programmet, som er eit samarbeid mellom KS, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet skal bidra til at fleire kommunar tek i bruk velferdsteknologi. Per i dag er det 270 kommunar med i programmet. I Stortingsmelding 29 (2012-2013) om morgondagens omsorg vert det uttalt at velferdsteknologi skal vere ein integrert del av tenestetilbodet til omsorgssektoren innan 2020. Det er vidare eit overordna mål at kommunen sitt tilbod skal vere heilheitleg og tilpassa den enkelte brukaren sine behov for omsorg, tryggheit, mestring og kvalitet. Det er med andre ord brukaren som skal vere i sentrum.
For å sikre berekraftige tenester i framtida må ein ta i bruk teknologi. Fram mot 2050 vil 25% av befolkninga vere over 67 år, og det vil vere færre hender til å yte den hjelpa som trengt. Morgondagen vil ha ein ressurssterkt seniorgenerasjon, med høgare utdanning, inntekt, og større forventning til medverknad. Framtidas brukarar vil vere vande med å nytte teknologi, ha større innsikt i sine rettar og folk vil leve lenger med sjukdom. Samstundes vil pasientar verte utskrivne tidlegare frå sjukehus, slik at kommunen sine brukarar vil vere sjukare. Om ein skal klare å møte framtida sitt omsorgsbehov utan teknologi må 1/3 av innbyggarane utdanne seg til helsearbeidarar.
Velferdsteknologi kan mellom anna vere digitalt tilsyn, medisin dispenserar/ robot som seie at no må du ta medisin, elektroniske låsar, GPS, kunstige gjerder, digitale huskelister med meir. Fordelen ved å nytte digitalt tilsyn er at ein kan sleppe å bemanne opp med personale om natta, og prioritere hjelpa dit den trengst. Digitalt tilsyn vil og førebyggje skader og alvorlege hendingar. Dersom ein person til dømes har lett for å ramle ut av senga, kan ein stille inn det digitale tilsynet slik at ein får eit varsel om at vedkomande har sett seg opp i senga. I Ulstein kommune har ein per i dag 10 digitale tilsyn. På sjukeheimen har ein gjort klåre alle rom for digitale tilsyn. Utgård fortalde at ein ikkje nyttar ikkje GPS i noko særleg utstrekning i dag. Kommunane kan ikkje nytte velferdsteknologi utan vidare, då regelverket set enkelte skrankar. Inngripande tiltak som til dømes digitalt tilsyn kan bli vurdert som tvangsvedtak om den enkelte ikkje samtykker/ ikkje er samtykkekompetent.
Utgård understreka at velferdsteknologi ikkje skal erstatte tenester, men vere eit supplement. Velferdsteknologi er kostbart, og noko må den enkelte brukaren koste sjølv. Dette gjeld til dømes tryggleiksalarm. Dersom velferdsteknologien er nødvendig for å gje forsvarleg helsehjelp, er det kommunen som skal dekke kostnaden.
Det som vert fokus for det interkommunale prosjektet framover er å kome i hamn med dei teknologi løysingane som vert tilrådd i det nasjonale programmet som skal gå i eitt år til. For å klare det må ein i følgje Utgård vere tett på heile tida.
Sekretær Hestnes takka Utgård for eit spanande foredrag og overrekte eit sett med osteknivar i gåve.
I høve kveldens foredrag om Velferdteknologi viser Margot eksempel på dette :)


22. juni 2026
Ragnhild Velsvik Berge er ny Rotary-president
Ulstein Rotaryklubb markerte måndag 22. juni det årlege presidentskiftet med rekordstort oppmøte på Kråen Gard i Sande.
15. juni 2026
Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy
Herøy Rotaryklubb hadde ei fin markering av sitt 60-års jubileum.
9. juni 2026
Fin medlemstilvekst :)
Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.
1. juni 2026
Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre
Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.
11. mai 2026
Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring
så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet
4. mai 2026
Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal
Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap
27. april 2026
Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming
Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming
Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.
13. april 2026
Vil du skal kjenne deg herifrå..
Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid
23. mars 2026
Orientering om Ulstein vidaregåande skule
Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet