Web Analytics Made Easy - StatCounter

David School - 10 års markering

Møtereferat (for medlemmer): LINK

Utdrag fra referat:

Presidenten ønska  John Stennes frå Hareid (/Volda) Rotaryklubb velkomen til å fortelje om David School og om 10 års markeringa som fann stad ved skulen 28. oktober 2018.

David School vart etablert i oktober 2008 av David School Trust med briten David Wallwork i spissen. 
Dette er ein registrert veldedig organisasjon som vert støtta av fleire andre organisasjonar, derunder Rotary. 
Kjell Høydal vart utnemnd til Trustee i 2014 på grunn av all støtta organisasjonen har fått av norske Rotaryklubbar.

Skulen ligg i Freetown i Sierra Leone og har i dag 360 elevar, som får undervisning av 21 lærarar. 

Dette er ein av få skular i landet som er gratis. Det er fleire bygningar på skuleområdet deriblant ein barneskule med 3-4 klasserom, og ein eigen bygning for 1 og 2 klassetrinn. 
Vidare har dei ein ungdomsskule med eit ressurssenter, som inneheld bibliotek, TV, projektor m.m. I tillegg har skulen eit hybelbygg med 4-5 rom der lærarar med lang reiseveg kan overnatte. 
Den siste bygningen som er reist er eit sanitæranlegg, men som ikkje er sett i drift enno.
Volda Rotary har vore med frå starten med finansiell støtte til David School, og Kjell Høydal og Per Helge Jøsok var med og montere solcelle anlegg på skulen i 2011. 
Klubben samla etter dette inn 168 000 kr. med hjelp frå regionale klubbar for at ungdomsskulen også kunne få eit slikt anlegg.
I 2014 vart det samla inn ytterlegare 150 000 kroner slik at skulen kunne utvide med fleire klasserom.

Stennes fortalde at det er etablert støtteordningar for vidareutdanning av elevane på David School. So langt er det utdanna 7 lærarar, og 3 elevar går no på universitetet. 
Vidare er det etablert ei fadderordning med 110 fadderar. 
I tillegg vert det gjeve driftsstøtte til skulen og krisehjelp under Ebola utbrotet. 
Skulen har også eit samarbeid med det lokale sjukehuset, som kjem til skulen og undersøker elevane. 
Stennes fortalde at Stranda Rotaryklubb gjeve økonomisk støtte til 14 syklar.
Den 28. oktober i fjor vart skulen sitt 10 års jubileum feira og John Stennes deltok på dette saman med medlemmar frå David School Trust.  Det vart mellom anna arrangert ei parade med 300 elevar, og det var underhaldning med song og talar frå både elevar og lærarar. Stennes viste ein film frå denne markeringa.

David School Trust er no i dialog med myndigheitene i Sierra Leone om korvidt myndigheitene skal ta over drifta ved skulen og ansvaret for lærarutdanninga. 
Moglegheita for å utvide med ein vidaregåande skule er og eit tema som vert diskutert.

Det neste prosjektet som er på trappene og som ein ønsker støtte til er til sertifisering av 4 lærarar. 
Det er eit ønske om at 2 lærarar skal bli sertifisert med «Teacher Certificate» og 2 med «Higher Teacher Certificate». 

Dette er 3 årige program som kostar kring 4-5000 per år. 
Det er i følgje Stennes behov for å samle inn 20 000 frå klubbane her i regionen, og han oppmoda Ulstein Rotaryklubb om å gje støtte. Prosjektet vil ha oppstart i 2020 og vare i 3 år.

Presidenten takka Stennes for foredraget og lova at Ulstein Rotaryklubb vil vurdere oppmodinga om vidare støtte.

Referat v/Ingunn Hestnes - sekretær


Følgende er lånt fra kilde: Vikebladet Vestposten i 2012:


  Inga Ishild Hareide  - Vikebladet Vestposten (2012):


– Når eg no er tilbake får eg ei merkeleg kjensle, eg trur mange her i landet hadde hatt godt av å sjå ein annan kvardag enn den vi lever i. Til dømes i skulen. På David School var dei 30 elevar i eit lite klasserom, og dei kunne ha to eksamenar på ein dag.

John Stennes, leiar for Rotary Foundation (TRF) i distriktet, er nyst komen heim frå eit to vekers opphald i Sierra Leone. TRF er den humanitære delen av Rotary som støttar humanitære prosjekt og gir utdanningsstipend. Han reiste i lag med Per Helge Jøsok, Kjell Høydal og Harald Indresøvde frå Volda Rotary for å sjå på utviding av eit skuleprosjekt i landsbyen Port Loko, ein times køyring utanfor Freetown.

– Årsaka til at eg reiste, var å bli med teamet som fotograf og at eg ville sjå om her var behov for andre prosjekt. Vi diskuterte opplæring av lærarar og vidare utdanning for elevane. Utdanning av ungdomen er viktig for Sierra Leone. Landsbyen har heller ikkje sjukestove. 

Mange givarar

For fem år sidan var her ingen skule. På desse år har dei makta å bygge opp eit tilbod til og med ungdomsskulen for dei 300 elevane. Klasseromma har ikkje vår standard, men læreviljen er stor, og kristne og muslimar sit i lag utan at det byd på problem.

Volda Rotary har siste åra engasjert seg i eit skuleprosjekt som den engelske rotarianaren David Wallwork, hadde ideen til og starta opp. Volda Rotary er venskapsklubb til klubben hans i England. David School Trust er ansvarleg for å drive skulen, basert på frivillige støttespelarar. Stennes fortel at i tillegg til Volda og Ørsta, har klubbane i Hareid, Herøy, Sykkylven og Giske støtta opp om prosjektet. Det har også fått støtte frå regionen og privatpersonar.

Ringverknader

Denne gang skulle dei montere solcellepanel på taket til den nye ungdomsskulen. Her er nok lys på dagtid, men skal dei kome vidare i undervisninga av vaksne, som skjer på kveldstid, må dei ha lys. Det vart plassert 12 panel på taket og bygd eit rom for det kompliserte utstyret. Dei lærde også opp folk til å halde anlegget ved like.

Tidlegare har dei montert solcellepanel på taket på barneskulen. På grunn av fattigdomen i området, får skulen støtte frå FN sitt matvareprogram til å gje barna eit måltid mat for dag. Dette gjer at foreldra blir motiverte til å sende barna på skulen.

– Solcellepanela opna ein heilt ny verd for landsbyen som ikkje har elektrisk kraft. No kan dei nytte dette til å lade opp telefonar og verkty. Det vart også kjøpt inn eit kjøleskåp til oppbevaring av medisinar som elles ikkje let seg lagre i varmen.

Planane er å få i gang ein vidaregåande skule. Det trengst alle typar fagfolk som kan vere med på å byggje opp det krigsherja landet.

– Etter år med borgarkrig står landet på bar bakke. Mange av elevane ved skulen ønskjer å ta høgare utdanning. Men eit studium kostar 4.000,- kroner i året, og det har dei jo ikkje. Dei har omtrent ikkje pengar.

Gåveutdeling

I forkant var det sendt ein container frå England. Her var i tillegg til skuleuniformer, sko, tannbørste og tannkrem, vassbehaldarar som kan rullast på bakken. Då slepp dei bere vatnet på hovudet lange vegar, og slepp   såleis øydelegge nakken sin. Med desse Rotary-Rollers kan også barn hente vatn. Kvar av dei 110 familiane fekk sin.

– Å oppleve denne utdelinga var som å feire fødselsdag, 17. mai og jul på ein gong. Der var ei veldig glede.

Barna ser sunne og friske ut. Stennes fortel at dei dyrkar ris og peanøtter og har fisk i elva. Det er einsidig kosthald, men dei svelt ikkje.  

Skulen har eit stort område. Under besøket vart det merka opp eit område som etter planen skal nyttast til fruktproduksjon, noko som både kan gje eit tilskot til kosthaldet, og skape arbeidsplassar og dermed inntekter for landsbyen. 

Medisinar i staden for blad

Stennes fortel at den største dødsårsaka er vanlege sjukdomar og infeksjonar som let seg behandle. Difor vert det starta med opplæring i behandling av sår og allmenn helse ved skulen på kveldstid. 

John fekk med eigne auge sjå korleis ein infeksjon kunne arte seg. Ein dag oppdaga han ei jente med eit steinansikt stå litt til sides for dei andre. 

– Uttrykket var prega av smerte. Eg gjekk bort til ho og fekk sjå handa hennar. Den var hovna opp og heilt betent, og nokon hadde lagt blad på i von om at det skulle hjelpe. Det såg stygt ut. Vi hadde ein tenestebil under opphaldet og nytta den til å køyrde ho til doktor. Der fekk ho hjelp.

– Ho vinka smilande til meg då vi reiste. Det var godt å sjå.

Redda liv

Ei anna jente som gjekk på ungdomsskulen, hadde betennelse i ein fot og var hoven frå ankelen til kneet. Også henne fekk dei køyrt til sjukehuset. Det kostar pengar både å bli innlagt og maten dei treng. Stennes betalte for opphaldet og maten dei dagane ho måtte vere på sjukehuset. Eit lite sjukehus med ein sal der det var plass til om lag 10 senger. Stennes fekk ikkje kome inn til jenta, men han lurte seg til å kike inn. 

– Her redda vi eit liv, kjem det alvorsamt.

Mange av elevane fekk også anna hjelp. Ved hjelp av enkle middel tok dei elevane gjennom ein synstest. Her sila dei ut 30 som ikkje såg så godt, og som dei køyrde til næraste augelege, ein frivillig frå Nederland. Ut frå undersøkinga var det 14 som måtte vidare til behandling, nokre måtte til og med opererast, og ni trong briller. Dei betalte teamet frå Norge.


– Vi reiste før dei ni elevane fekk brillene, så eg veit ikkje korleis det gjekk.

Kontrasten

Det legg seg rynker i ansiktet til forteljaren. Ein slik fattigdom var ukjend for han.

– Eg var lite budd på kva vi møtte. Det var denne kontrasten frå det rike Norge. Å kome til plassar der dei ikkje har nokon ting. Eg tenkte på kva vi har gjort i Norge som har det så godt. Eg har reist ein del i Aust-Europa, men dette var mykje, mykje verre. Noko anna eg merke meg, var at eg såg ikkje eldre folk. Kanskje ikkje rart når levealderen er berre 42 år.

Han opplyser at Rotary er ein av verdas største og mest akta humanitære organisasjonar. Dei gir om lag 150 millionar dollar kvart år til ymse prosjekt. Sidan 1985 har det kome opp i ein milliard dollar berre til å utrydde polio i verda. Det spesielle med Rotary er at dei etablerer eit samarbeid med ein rotaryklubb i område som tek imot hjelp.

Fattige – men frie

Delegasjonen budde i Freetown, i eit hotell som var innegjerda av høge murar. Dei kunne ikkje gå ut aleine. Kvar dag køyrde dei ein time ut til landsbyen. Dei hadde gode hjelparar.

– Vi køyrde gjennom Freetown, også gjennom slummen, og   det var skikkeleg fælt. Heilt ufatteleg at nokon kan bu og ha det slik. På landsbygda hadde dei ingenting, men som ein av landsbybebuarane sa ”vi er friare”. Det har han nok rett i. 

Så kom han heim att til julepynt og bugnande butikkar.

– Vi er ufatteleg privilegerte. Vi lever i ei boble. Her slepp ungdomen kjempe for eksistensen.




 
NORSK LOSHISTORIE 1720-2020

29. april 2024

NORSK LOSHISTORIE 1720-2020

Foredrag/boklansering ved Ola Teige om Norsk Loshistorie 1720-2020
Lærerikt og interessant om utviklinga av lostjenester på kysten vår.

MEDLEMSFOREDRAG

8. april 2024

MEDLEMSFOREDRAG

Medlemsforedrag holdt av Monica Småge Skeide som varmt
delte sin historie og betydningen av fellesskap, familie
og faglig utvikling i livet sitt.

Bedriftsbesøk hos Hyperthermics

18. mars 2024

Bedriftsbesøk hos Hyperthermics

Bærekraftig miljø for fremtidige generasjoner..Foredrag holdt av CEO Harald Nordal

Sparebank 1 SMN - Ulsteinvik

11. mars 2024

Sparebank 1 SMN - Ulsteinvik

På kveldens møte med Sparbank 1 SMN i Ulsteinvik ble det lagt stor vekt på framtidsfullmakt

KVINNEDAGEN  8 mars 2024

9. mars 2024

KVINNEDAGEN 8 mars 2024

Også i år var det markering på SUFH for å markere kvinnedagen.
Kvinnene i Hareid og Ulstein stimla til kvinnedagsmarkeringa fredagskvelden, i regi av Ulstein Rotaryklubb.

TORSKEMIDDAG

4. mars 2024

TORSKEMIDDAG

Torskefest med Ulstein Rotaryklubb på Quality Hotel Ulstein. Mandag 4 mars, klokka 19:30

TEAM WARHOLM - INTERCITYMØTE

12. februar 2024

TEAM WARHOLM - INTERCITYMØTE

Intercity møte mandag 12 februar. På besøk til Hareid Rotaryklubb i sammen med Herøy Rotaryklub. Foredrag av Kristine Haddal, manager Karsten Warholm og daglig leder for Sunn Vekst AS.

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE (SUFH)

5. februar 2024

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE (SUFH)

Kanskje landets fineste Folkehøgskule? «Forvent mykje, få meir». Omvisning og presentasjon holdt av rektor Arnt Ole Grimstad.

PRESENTASJON - WILLY SOLVANG

29. januar 2024

PRESENTASJON - WILLY SOLVANG

Rotarymedlem, grunder og kokk Willy Solvang holdt ett givende foredrag fra oppveksten på Kvamsøya med koking av albueskjell til opplæring og læretid på Stattholdergaarden..

Kaffimøte med orientering 15/1-2024

15. januar 2024

Kaffimøte med orientering 15/1-2024

Kaffimøte med orientering angående konferansen 2024 og foredrag fra Orlando med Lidun Hareide

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...