Web Analytics Made Easy - StatCounter

Teknologiskulen i Ulstein Kommune (Åpent referat)


Skulane i Ulstein er Norges beste i Teknologi-satsing!

Marianne Ulstein Johnston og Gry Osnes Nordal heldt ei god orientering om teknologiskulen til Ulstein Kommune. 

Presidenten ønskte medlemmane og Gry Nordal (kommunalsjef oppvekst og kultur) og Marianne Ulstein Johnston (rektor på Hasund skule) velkomne. Nordal og Johnston var invitere til å snakke om teknologi satsinga i Ulstein skulen «Ulstein modellen».

I Ulstein kommune har Hasund skule vore ein pilot i teknologisatsinga, og Nordal meinte at Ulstein Johnston er den fremste teknologi-rektoren i kommunen. 

Ulstein kommune har gjennom prosjektet Teknologiskulen hatt fokus på å utvikle kompetente born og ungdom for ei ny tid. 

Kommunen ønsker å legge til rette for at oppveksande generasjonar kan verte premissleverandørar og produsentar av teknologi, meir enn berre konsumentar av den same teknologien. Dette krev innsikt og forståing av dei prosessane som driv teknologien. 

Teknologiskulen vil sikre at alle born får den same grunnundervisinga og kompetansen innanfor fag som programmering/koding/teknologilæring. 

Dette er ein kompetanse som er etterspurt både av bransjeorganisasjonar og næringsliv. 

Gjennom Teknologiskulen vil elevane frå 1-10 klasse frå innsikt i korleis teknologien rundt oss fungerer, korleis ein kan løysa problem med denne teknologien og korleis ein kan skapa ny teknologi. All undervising er kopla tett opp mot læreplanar og læringsmål i skulen. Programmering er eit nøkkelomgrep i Teknologiskulen. Programmering er innført som eit verkemiddel som skal løyse oppgåver på tverrfagleg basis.

Ulstein kommune har eit tett samarbeid med Høgskulen i Volda om prosjektet, som består av 3 hovudsøyler: 

  1. Teknologi skal vere eit verktøy for å oppnå betre 
  2. Alle elevane i grunnskulen skal ha kjennskap til teknologi og utstyr, uavhengig av kva skule dei går på 
  3. Kompetanseheving av pedagogisk personale 
Satsinga til Ulstein kommune er kostbar, og ein har fått tilskot og prosjektmidlar frå mellom anna Utdanningsdirektoratet.  Nordal viste til at ein ikkje hadde lukkast med prosjektet om ikkje satsinga hadde ei politisk forankring. 
Ein annan føresetnad for å lukkast er at ein har dedikerte ressursar (2 årig prosjektstilling), at ein har samarbeidspartnarar både sentralt og lokalt. 
I tillegg er det viktig å ha eit klårt mål og ei meining med det ein set i gang. 
Det har vidare vore heilt nødvendig å få heva kompetansen til lærarane og få dei til å verte positive til prosjektet og bruk av teknologi. 
Det var ein viss skepsis hjå enkelte lærarar i starten, men dette har gått seg til. 
Ulstein kommune har nedsett ei prosjektgruppe der mellom anna Rolls-Royce , Ulstein, Kleven og Island Offshore har vore med. 
I tillegg har ein hatt samarbeidspartnarar som IKT Norge, Utdanningsdirektoratet, «Lær Kidsa Koding», og som tidlegare nemnt, Høgskulen i Volda. 
Erfaringane med prosjektet, som starta i 2015, er positive, og Ulstein modellen har fått mykje blest i Noreg. 
Prosjektet har vist at ein får motiverte elevar som opplever meistring. Nordal og Johnston viste ein film som 10 klassingane hadde laga, som viser korleis elevane jobbar med koding og programmering. 
Johnston hadde også teke med seg diverse utstyr som ho viste fram. 
Ulstein kommune er glade for at Ulstein vidaregåande skule no har etablert ei eiga teknologilinje, som ein følgje av teknologi satsinga i grunnskulen. 
Presidenten takka Nordal og Johnston for ein spennande presentasjon og delte ut blomar.

Referat v/Ingunn Hestnes - sekretær

Se også detaljer her: http://www.ulsteinskulen.no/

Fra Hasund Skule: 

Link til Video (Facebook)

Teknologi i praksis på Ulstein ungdomsskule


Lær Kidsa Koding - kickoff Ulstein kommune:












Fullt referat (for medlemmer): LINK

 
Sivertstøl Film

2. februar 2026

Sivertstøl Film

Ein inspireande time med filmskapar Tor Sivertstøl

Medlemsforedrag

26. januar 2026

Medlemsforedrag

Møte med presentasjon av nytt medlem og litt informasjon frå presidenten

Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong

19. januar 2026

Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong

Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre.

Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26

12. januar 2026

Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26

Vi tok turen til Skaparhuset i Ulstein der vi hadde eit triveleg møte med Ulstein næringsforum.

Kaffimøte på Ulstein hotell

15. desember 2025

Kaffimøte på Ulstein hotell

Årets siste møte brukte vi til mimring og god drøs

Årsmøte

8. desember 2025

Årsmøte

Årsmøtet vart halde på Ulstein hotell

Intercitymøte med Hareid

1. desember 2025

Intercitymøte med Hareid

Johannes Alme fortalde frå boka si om selfangst og GC Rieber si betydning for norsk selfangst

Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik

17. november 2025

Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik

Vi fekk presentasjon av bedrifta og omvisning i dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum

Kaffimøte

10. november 2025

Kaffimøte

I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.

3. november 2025

Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador

Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.