Web Analytics Made Easy - StatCounter

Kunstnaren Guttorm Osnes

Guttorm Osnes besøkte Ulstein Rotaryklubb, og holdt et svært interessant foredrag om sin kunstutdanning og karriere. Vi ble alle utrolig imponert over bilda han viste frem!

Guttorm «Gutte» Osnes om eit liv med teikning

For Guttorm Osnes har mykje av livet handla om teikning. 

Han har kjære minne om teikning med bestefaren, Petter Ludvig, var så flink til å teikne hestar.  Guttorm sjølv streva med å få til hovane. Han hadde ikkje tolmod, likte best strekteikningane, og ikkje minst likte han merksemda teikninga førte med seg.  

Teikninga har gitt meg mange store opplevingar, seier Guttorm. På barneskulen teikna han seg gjennom dei fleste timane. Han byrja å teikne for Vikebladet, og selde si første teikning til Teateret Vårt. 

Det lokale førebiletet hans var Einar Magne Flø, som ga han følgjande råd: - Teikn alt du kan, men det er vanskeleg å leve av det. Dette vart også Guttorm si erfaring. Sjølv om oppdraga kom; fane for Ten-Sing, strekteikningar til 17.mai-avisa, teiknejobb i Vikebladet, og teikneoppdrag i militæret, var det på trykkeriet i Vikebladet han fekk fast jobb. Vegen gjekk så vidare til desken i Se og Hør, der han lærte å teikne lay-out på tynt papir, og brått hadde 15 år gått utan fri teikning. 

Så ein dag fekk han teiknepapir i presang av systera Linn, og då han ramma inn nokre av teikningane, foreslo innehavaren av rammebutikken ei utstilling. Ballen tok til å rulle, og teikninga var igjen ein viktig del av livet hans. 

I 2009 flytta Guttorm tilbake til Ulsteinvik, og fekk i oppdrag av Line Urke å teikne ei side til Regionavisa kvar veke. I tillegg tok han på seg oppdrag. 

Paddene ved Kvivsvegen som hadde fått eigen tunnell vart foreviga samen med ei Citroën-padde, ei teikning som både Statens Vegvesen og Norsk Citroën-klubb ønskte seg. Han teikna Odd Nordstoga og «grisen står og hyler», og Vamp på utekonsert på Flø, alt medan han jobba med deskarbeid i Regionavisa. 

Den store endringa i livet kom då Guttorm kom inn på Florence Academy of Art i Göteborg, der kun 27 elevar fekk praktisk opplæring i klassisk malekunst. Det første året handla utelukkande om blyantteikning, der ein kunne bruke 100 timar på å kopiere teikningar av gipsfigurar. Her trudde Guttorm at han hadde ein fordel sidan han hadde teikna så mykje før, men opplevde at han måtte lære alt på nytt. Neste år teikna dei med kolstift på mjukt papir, og først tredje fekk dei prøve seg med penslar og oljemaling. Dette året valte Guttorm å ta ved avdelinga i Firenze, og her vart han kunstnar med diplom. 

Han syntest det var trist at dei tre åra på kunstskulen tok slutt, men malarkunsten vil han aldri legge vekk, og han lever no av biletkunsten. 

Rundt 20 bilete sel han kvart år, både portrett, landskap og stilleben, og har no eit mål om å samle alle dei 25 norske som har gått på Florence Academy til fellesutstillinga «Norske Firenzekunstnarar». 

Ein kort diskusjon kring det evige spørsmålet «Kva er god kunst» avslutta Guttorm si vitjing i Ulstein Rotaryklubb, og også her har Guttorm gode refleksjonar. «Det store spørsmålet er kva slags kunstnar du ønskjer å vere. Eg har valt å gå inn i ein skule der ein lærer å male på same måten ein lærte å male på tidleg på 1900 talet. Eg meiner at klassisk malekunst er på veg tilbake.» 

Ulstein Rotaryklubb takkar Guttorm Osnes for ein spanande og lærerik kveld, og ønskjer han til lykke med planlegginga av utstillinga «Norske Firenzekunstnarar». 

President Bjørn Gunnar Tafjord overrakte en velfortjent blomsterhilsen til Guttorm Osnes etter det flotte foredraget

Referat: Lidun Hareide - sekretær

 
TUSSA IKT

30. november 2021

TUSSA IKT

Steinar Hauge og Ivar Driveklepp frå Tussa IKT presenterte bedriften og den fantastiske utviklinga gjennom 20 år, der Sunnmøre blant annet har fått en rekordstor fiberdekning.

Forefrag av Direktør i Kystverket - Einar Vik Arset

22. november 2021

Forefrag av Direktør i Kystverket - Einar Vik Arset

Kystverket Direktør Einar Vik Arset heldt eit gjevande og interessant foredrag om
Kystverket sitt arbeid og planar for framtida.

Kaffimøte

15. november 2021

Kaffimøte

President Thor Martin Eidem orienterte om framtidsplanar og program.
Kaffi og kaker saman med hyggelig prat rundt borda.

Dugnad i Rotaryhagen

1. november 2021

Dugnad i Rotaryhagen

Fin dugnad i Rotaryhagen på laurdag! Vi sette ut nye blomsterkasser som vi planta vintergrøne og vinterblømande planter i, og planta hundrevis av blomsterløk i dei store kumbeda. Enda sår det att å plante ein del løkar

Havets Festbord på Snorrebuda Mat & Vinhus

15. oktober 2021

Havets Festbord på Snorrebuda Mat & Vinhus

Kjekk og tradisjonsrik sosial samling i URK

Paul Harris Fellow til 3 Rotarymedlemmer

11. oktober 2021

Paul Harris Fellow til 3 Rotarymedlemmer

Bjørn Nytun, Synnøve Riise og Otto Kjetil Nytun

Omvisning National Geographic Resolution

5. oktober 2021

Omvisning National Geographic Resolution

Vi var så heldige å få en full omvisning av rederiet ombord i det siste nybygget fra Ulstein Verft.

Besøk hos Johan Ottesen

27. september 2021

Besøk hos Johan Ottesen

I dag var vi på besøk hos Johan Ottesen og fekk høyre den fantastiske historia bak hans enorme fotoarkiv, samlingen av gamle fotoapparat, hans mange utgitte bøker og til slutt demostrasjon av Jukebox, unikt piano, musikkbokser +++

Alv Ottar Folkestad om havørna si utvikling i Norge

20. september 2021

Alv Ottar Folkestad om havørna si utvikling i Norge

Alv Ottar Folkestad holdt et engasjert foredrag om Havørna si positive utvikling i Norge.

Kaffimøte

13. september 2021

Kaffimøte

Past President Lidun Hareide ledet dagens kaffemøte.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...