Web Analytics Made Easy - StatCounter

Idar Flø holdt et svært spanande foredrag om sin gründer-karriere (Ship Equip og NCMC), samt om livets dramatiske hendingar

President i Ulstein Rotary - Bjørn Gunnar Tafjord takkar Idar Flø for et svært spanande foredrag!

Idar Flø Idar Flø frå Norwegian Centre of Maritime Communication (NCMC) fortalte om ei spanande teknologireise frå 1992 fram til i dag.  Reisa starta i Ship Equip, ei  teknologibedrift som satsa på TV til båt, og som leverte stort sett det som var av TV til skip. Dei var dei første som leverte tovegsinformasjon basert på satellitt. Den mest prominente kunden var Kong Harald, som skulle til Spania og segle regatta, og trengte verinformasjon. Dette selskapet vart selt i 2005, og i 2011 vart det selt vidare til Inmarsat.

16.4.1999 skulle Idar fikse noko om bord i ein båt på Skarbøvik Slipp, fall 15 meter ned, og vart funnen flytande i vatnet med andletet ned. Dramatikken var ikkje over med dette, Flø var også om bord under brannen om bord i hurtigruta Nordlys. Eit brannoljerør hadde rista laust, og utløyste ein veldig konsentrert og intens brann. Brannen var dramatisk, to personar døde, og skipet heldt på å velte. Passasjerane gjekk i livbåtane like ved Ålesund. Etter dette vart det utvikla ein ny standard for kommunikasjon for hurtigrutene, og Flø leverte  varslingssystem og alarmsystem  for ca. 10 millionar kroner.

NCMC sitt hovudprodukt er SEA ERN, eit kommunikasjonskonsept som skal ivareta alle kommunikasjonsutfordringar som finst ombord i et moderne skip. For å få eit optimalt samband, koblar ein saman VSAT, FleetBroadband, Iridium Pilot, ICE and GSM Data. Sambandet kan nyttast til ei rekkje kommunikasjonsføremål, som vist på plansjen. 


Eit av produkta til NCMC er SEA EARN video &medic solution, som i følgje Flø er den einaste telemedisinløysinga som fungerer over lavare satellittbandbreidde. Produktet er utvikla i samarbeid med Radio Medico ved Haukeland sjukehus,  og tillet videoløysing der medisinsk personell på land kan guide båten sin medic både med diagnostisering og i medisinske prosedyrer. I tillegg leverer firmaet utstyr for intern og ekstern kommunikasjon på fiskefartøy. Til dømes har dei til  Rav (Peder Hempsø) levert eit system kalla «virtuel window», der strategisk plassserte kamera gjer at ein frå brua har kontroll med alle viktige operasjonar som foregår. Rav har heile 52 kamera plassert rundt om på båten.

NCMC samarbeider også med Sintef om innsamling av data frå fiskeflåten for meir effektiv fangst og betre bestandsestimering gjennom SEA ERN Ocean Intel: intelligent Ocean resource Monitoring. Dette produktet gir ei oversikt over resursane i havet i sanntid, gjennom å bruke data frå samtlege norske fiskebåtar heilt ned til 11 meter. Det finst 1124 båtar i Norge som kan vere med i konseptet. Prosjektet lagar ein fiskeriportal der ein ser all aktivitet frå alle båtane i sanntid. Systemet kan også nyttast til å måle mikroplast og miljøgifter i havet – og til å lage ein lage ein kunnskapsbase. No skal det lagast ein kunnskapsbase for heile Nordatlanteren, og  ei demonstrasjonsløysing til ESA. 




Referat: Lidun Hareide/Sekretær


 
Fin medlemstilvekst :)

9. juni 2026

Fin medlemstilvekst :)

Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

1. juni 2026

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

11. mai 2026

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

4. mai 2026

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

27. april 2026

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming

Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.

Vil du skal kjenne deg herifra..

13. april 2026

Vil du skal kjenne deg herifra..

dfggdsfg fgwg

13. april 2026

Herifra..!

finnmmlmlkdsmf

13. april 2026

Herifra

finn

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

23. mars 2026

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet