Web Analytics Made Easy - StatCounter

Ingunn Røyset heldt ein presentasjon av boka si "Brevet frå krigen"


Vårt nye Rotarymedlemm Ingunn Røyset heldt ein spennande presentasjon av boka si Brevet frå krigen. 
(Samlaget, 2017)

Boka er ei sakprosabok for ungdom og bygger på verkelege hendingar frå andre verdskrigen. Hovudpersonen er Jorun Emilie Waage, som fortel korleis det var å vekse opp i eit okkupert land.

Jorun var 12 år då krigen starta og budde på ei lita øy i Oslofjorden. Etter krigen gifta Jorun seg med Peder Fritz Waage og flytta til Ulsteinvik. Jorun har i dag blitt 91 år, og var med forfattaren på møtet. Ho skildra med eigne ord korleis det opplevdest å sjå Donau legge frå kai med dei norske jødane 26. november 1942. Og korleis fredsdagane i mai 45 føltest for ei ung jente som i fem år hadde frykta at heimen hennar skulle bli bomba, der han låg på Lindøya, tett inn til sentrum av hovudstaden. Boka Brevet frå krigen er kjøpt inn gjennom den statlege innkjøpsordninga og er å finne i alle biblioteka i landet.
 

Ingunn Røyset er forfattar av yrke. Ho vart i 2014 medlem av NBU (Forfattarforeininga for norske barne- og ungdomsbokforfattarar) og har gitt ut fem bøker:

  • Fiskelykke (Barnebok, Samlaget, 2018)
  • Brevet frå krigen (Ungdomsbok, Samlaget, 2017)
  • Aldri fred å få (Barnebok, Samlaget, 2015)
  • Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen (Barnebok, Samlaget, 2014)
  • Prins Storm (Barnebok, Samlaget, 2013)

I tillegg er ho representert i ein antologi med 18 andre forfattarar frå Møre og Romsdal gitt ut i høve Bokåret i 2019. Ho underviser elles i skrivekunst for barn- og unge og reiser rundt i heile landet med Den kulturelle skulesekken. 

Frå 2018 har ho site i Det litterære råd i NBU.

Dei første 11 sidene av "Brevet frå krigen" kan leses her:  https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/brevet_fra___krigen/10

Bøkene til Ingunn kan for øvrig bestilles hos Samlaget: https://samlaget.no/collections/ingunn-royset

Les meir om forfatterskapet til Ingunn:  https://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/ingunn-royset/




 
Sivertstøl Film

2. februar 2026

Sivertstøl Film

Ein inspireande time med filmskapar Tor Sivertstøl

Medlemsforedrag

26. januar 2026

Medlemsforedrag

Møte med presentasjon av nytt medlem og litt informasjon frå presidenten

Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong

19. januar 2026

Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong

Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre.

Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26

12. januar 2026

Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26

Vi tok turen til Skaparhuset i Ulstein der vi hadde eit triveleg møte med Ulstein næringsforum.

Kaffimøte på Ulstein hotell

15. desember 2025

Kaffimøte på Ulstein hotell

Årets siste møte brukte vi til mimring og god drøs

Årsmøte

8. desember 2025

Årsmøte

Årsmøtet vart halde på Ulstein hotell

Intercitymøte med Hareid

1. desember 2025

Intercitymøte med Hareid

Johannes Alme fortalde frå boka si om selfangst og GC Rieber si betydning for norsk selfangst

Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik

17. november 2025

Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik

Vi fekk presentasjon av bedrifta og omvisning i dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum

Kaffimøte

10. november 2025

Kaffimøte

I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.

3. november 2025

Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador

Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.