Web Analytics Made Easy - StatCounter

Presidentens time

President Bjørn Gunnar Tafjord orienterte blant annet om programmet fremover, og vi fekk presentert flere nye medlemmer i Ulstein Rotaryklubb.

Presidenten starta møtet med å ønske dei 22 frammøtte medlemene velkomne. Han gjekk så vidare gjennom sakene som var oppe i styremøtet i forkant av medlemsmøtet:

-PETS (President Elected Training Seminar) for Distrikt 2305 vert på Dombås 14.-15. mars 2020. PETS er eit obligatorisk opplæringsprogram for innkomande klubbpresidentar. Vidare så vert det avholdt styreseminar i Ålesund 28.mars for klubbane i vest og på Gjøvik 18. april for klubbane i aust. Styreseminaret består av generell kursing av innkomande styremedlemer og har spesielt tilrettelagde kurs for innkomande kasserar, sekretær, medlemsutviklingsansvarleg, internettansvarleg (CICO) og PR/WEB ansvarleg.

-Klubben søkte i oktober 2019 TEFT-midlar hjå Sparebanken Møre til fullfinansiering av Høddmonumentet og fekk nyleg beskjed om at søknaden på 50.000,- vart innvilga. Det betyr at hovudsponsoren vår til Høddmonumentet totalt har støtta prosjektet med 150.000,- Vi takkar banken for dette! Vi har også søkt District Grant midlar frå district 2305 til same føremål. Her ventar vi på at søknaden skal verte handsama.

-Leiar i programkomiteen Otto Kjetil Nytun informerte om programmet som er fastlagd for våren 2020.

-Klubben må ha på plass eit nytt styre i løpet av januar 2020. Det må også arbeidast vidare med å finne ein meir tenleg måte å rotere verv på enn det som er tilfelle i dag. Vi ønsker å kome fram til eit system som gjer det meir forutsigbart og samtidig lettare å handtere for det sittande styret. Styret har fått nokre forslag og innspel på korleis dette kan gjerast. Ein bør vidare legge opp til ein open prosess i klubben, samt sørge for at det vert gjort eit endeleg vedtak på dette i løpet av inneverande Rotaryår!

-President la fram forslag til revidert oppsett av komiteane grunna endringar i medlemsmassen siste halvåret.

-Klubben arbeider med å få på plass ei informasjonsskilt for Høddmonumentet av same type som ein finn ved andre monument/skulpturar i sentrum. Det er tenkt at skiltet skal plasserast på eit av fortaua nært monumentet og rundkøyringa. Dette må skje i samråd med Ulstein kommune. Tegneren AS har laga skilta til dei andre monumenta/skulpturane og har sagt seg villig til å lage eit av same type for Høddmonumentet. Ulstein Rotary vil nytte sponsormidlar frå Sparebanken Møre til dette føremålet.

-Vi arbeider også med å gje gapahukane og Høddmonumentet i gåve til Ulstein kommune. Vi gjer dette for å sikre at installasjonane vert tekne i vare og haldne ved like på ein god og trygg måte. Ulstein Rotary stiller seg etter nærare avtale med kommunen til disposisjon i form av dugnad/gratis arbeidstimar når det gjeld vedlikehald. Ulstein Rotary håpar at Ulstein kommune vil takke ja til gåva!

-Ulstein Rotary fekk rett før jul ein førespurnad frå Ulstein næringsforum om ta ansvar for lysdekoreringa i sentrum til advent/jul. Styret gjorde vedtak om at vi ikkje kunne gå inn på ein slik avtale med Ulstein næringsforum.

Referat v/president Bjørn Gunnar Tafjord


 
HAV Hydrogen

30. januar 2023

HAV Hydrogen

Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.

Bedriftsbesøk - Jets Vacuum

24. januar 2023

Bedriftsbesøk - Jets Vacuum

Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.

Bedriftsbesøk DIMO

16. januar 2023

Bedriftsbesøk DIMO

Flott foredrag og omvisning i en bedrift i stor vekst!

Kaffimøte

9. januar 2023

Kaffimøte

Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.

Båtbesøk - SMARAGD

12. desember 2022

Båtbesøk - SMARAGD

Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.

Årsmøte 2021/2022

5. desember 2022

Årsmøte 2021/2022

Rekneskap og Årsmelding vart godteke med applaus :)

Julegilde 2022

26. november 2022

Julegilde 2022

Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande

Rikets tilstand - sett fra et politiblikk

14. november 2022

Rikets tilstand - sett fra et politiblikk

Denne kvelden var Ulstein Rotary samlet for å høre foredrag om rikets tilstand fra Oddbjørn Solheim og Hilde Sæter.

Bedriftsbesøk - Kongsberg Maritime AS, avd Ulsteinvik

7. november 2022

Bedriftsbesøk - Kongsberg Maritime AS, avd Ulsteinvik

Kjekk omvisning med Geir Sundal og Torgeir Helvik.
Store utbyggingsplanar og lærerik innføring i Rim Drive (Permanent magnet thrustere).