Intercity-møte : Høgskulen i Volda
Rotaryklubbene i Volda og Ulstein fekk en flott presentasjon om Høgskulen i Volda, av rektor Johann Roppen.
Høgskulen i Volda (HVO) vart etablert 1. august 1994 og har inneverande studieår om lag 4300 studentar og 350 tilsette. Med det er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim.
Høgskulen er eit resultat av fusjonen mellom Møre og Romsdal distriktshøgskule og Volda lærarhøgskule.
Høgskulen tilbyr fag- og profesjonsstudiar innan lærarutdanning, humanistiske fag, mediefag og samfunnsfag. Desse kan takast som bachelorgrader, mastergrader og doktorgradsstudier, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Medieutdanningane og dei tradisjonsrike lærarutdanningane er leiande innanfor sine område i Noreg.
Vi fekk med oss rektor Johann Roppen denne kvelden og han nytte høvet til å presentere Høgskulen i Volda for Rotaryklubbane våre.
Johann kjem frå Flø i Ulstein kommune og bur no i Volda. Han gjekk på Ulstein vidaregåande skule og studerte på Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda og Universitetet i Bergen. Han har arbeidd som journalist i Vikebladet, rådgjevar i Eierskapstilsynet for media, forskingsleiar ved Møreforsking og i undervisnings- og forskingsstillingar ved Høgskulen i Volda. Før han vart rektor ved høgskulen i 2015 fekk han også innvilga professorkompetanse i journalistikk.
Sjå presentasjonen som ble holdt av Rektor
Johann Roppen (klikk på bildet under):
26. januar 2026
Medlemsforedrag
Møte med presentasjon av nytt medlem og litt informasjon frå presidenten
19. januar 2026
Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong
Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre.
12. januar 2026
Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26
Vi tok turen til Skaparhuset i Ulstein der vi hadde eit triveleg møte med Ulstein næringsforum.
1. desember 2025
Intercitymøte med Hareid
Johannes Alme fortalde frå boka si om selfangst og GC Rieber si betydning for norsk selfangst
17. november 2025
Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik
Vi fekk presentasjon av bedrifta og omvisning i dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum
10. november 2025
Kaffimøte
I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.
3. november 2025
Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador
Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.
