Web Analytics Made Easy - StatCounter

Bethel Nursery and Primary School

President Bjørn Gunnar Tafjord sammen med Birgitte Fondevik & Magne Grimstad

Birgitte har lenge hatt ein draum om å reise på safari. Lars Erling Bjåstad Hovlid sa at ei måtte ikkje berre reise på safari, dei måtte vitje folk også sjå korleis fork verkeleg lever. Han sette dei i kontakt med sin studiekamerat Godbless og kona Neema. Neema jobbar som lærar og rektor, og for Birgitte som underviser på lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, var jo dette veldig interessant for Birgitte, så ho tok kontakt og avtalte vitjing før dei reiste ned. Godbless og Neema bur i Himo, som ligg veldig nær grensa til Kenya i Tanzania. Tanzania har no 58 millionar innbyggjarar, og veks med 3% årleg. Hovudspråka er Swahili og engelsk, men det finst 120 språk i landet.

Godbless og Neema driv ein privatskule, der dei foreldra som har råd betalar for skulegangen, medan dei også tek imot born av foreldre som ikkje har råd til å betale. Skulen har 700 elevar. Klasseroma er proppfulle, i eit talte Birgitte over 90 elevar. Det er ei lesebok per 3 elevar, men kvar elev får kvar si eiga kladdebok, og det er dei veldig stolte over. Det finst ingen kontor, og mat til dei 700 elevane vert laga på eit veldig enkelt utekjøken over vedfyring. Borna vil gjerne gå på skulen også i ferien, for då får dei mat på skulen.

På skulen foregår all undervising på engelsk, og elevane der gjer det veldig bra. Allereie frå barnehagen foregår undervisinga på engelsk, eit språk borna ikkje kan. Dette fordi at all høgare utdanning i Tanzania foregår på engelsk, og det er viktig at borna byrjar å lære engelsk så tidleg som mogeleg. Det vert lagt mykje vekt på skule fordi det er det som kan redde dei ut av fattigdom. I byrjinga hadde Godbless og Neema eit eller to fattige born buande heime, men no har dei bygd eit internat der det no bur 200 born. Desse borna får også skulefritidsordning, og er mellom dei som gjer det aller best på skulen.

Birgitte syntest at det var synd at borna berre kunne lese det som læraren skreiv på tavla, så ho kjøpte inn engelske barnebøker til skulen. Ideen om å opprette eit bibliotek vaks fram, Ulstein bibliotek ville vere vennskapsbibliotek, og dei tok det første spadetaket til eit nytt bibliotek. Så sa skulemyndigheitene frå om at området var for lite, og Godbless kjøpte då 25 mål og skal no bygge bibliotek og opplevingssenter. Godbless har også oppretta eit gjestehus, Kilishare Guesthouse, som en kan leige om ein har lyst til å reise på vitjing og sjå for seg sjølv.

Åge og Magne tok med seg fem pc’ar og tre prosjektorar, og ga lærarane opplæring i bruken av desse. Ivar Mork hadde med seg kona Ellen Grete si første symaskin, som også var ei gåve til skulen.

Godbless har også tatt over eit lite meieri, og har gjort det til eit mønsterbruk. Her leverer bøndene mjølk, og får pengar tilbake, slik at borna kan få fleire måltid for dag. Godbless har tilsett 50 ungdommar som hentar mjølk på moped, og fem inspektørar som lærer bøndene hygiene og å ta vare på både dyra og mjølka. Målet er at pengane skal gå tilbake til bøndene, for å hjelpe dei ut av fattigdom, og sikre at borna får utdanning.

Takk til Birgitte og Magne for ein spanande kveld!

12. mars 2019 inviterte Birgitte og Magne saman med Ulstein bibliotek til eit arrangement som markerte starten på vennskapssamarbeidet mellom biblioteket i Ulstein og biblioteket som ekteparet Neema og Godbless Mamkwe driv i Tanzania. Les meir om arrangementet her:  Link til sak i Vikebladet Vestposten





 

22. juni 2026

Ragnhild Velsvik Berge er ny Rotary-president

Ulstein Rotaryklubb markerte måndag 22. juni det årlege presidentskiftet med rekordstort oppmøte på Kråen Gard i Sande.

Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy

15. juni 2026

Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy

Herøy Rotaryklubb hadde ei fin markering av sitt 60-års jubileum.

Fin medlemstilvekst :)

9. juni 2026

Fin medlemstilvekst :)

Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

1. juni 2026

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

11. mai 2026

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

4. mai 2026

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

27. april 2026

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming

Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.

Vil du skal kjenne deg herifrå..

13. april 2026

Vil du skal kjenne deg herifrå..

Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

23. mars 2026

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet

Fest e kjekt

16. mars 2026

Fest e kjekt

Torskemiddag har vore ein fast tradisjon i mange år