Web Analytics Made Easy - StatCounter

Jarle Osnes - Med kunsutstilling i høve sin 90års dag!


President Otto Kjetil Nytun takker Jarle Osnes for flott presentasjon av utstillinga!

Jarle Osnes fyller 90 år i år. I den anledning stiller Ulstein kunstlag ut 50 av bileta til den engasjerte arkitektkunstnaren.


Osnes er utdanna ved Chalmers Tekniska Högskola Gøteborg, der han også budde og dreiv sitt eige arkitektfirma i mange år. Han kom flyttande tilbake til Ulstenvik i 1979, og på midten av 80-talet heldt han si første utstilling i Ulstein kunstlag.
 
Osnes nyttar både penn, blyant, kolstift og oljemåling i bileta sine. Dei eldste penneteikningane som er med på utstillinga er 25 år gamle. Det er desse teikningane som er kjernen i utstillinga, han omtalar dei som tankestrek. Detaljrikdomen i penneteikningane er overveldande. Ein kan lese i bileta som ein les i ei bok. Det er ikkje noko tilfeldig i framstillingane hans, det ligg alltid noko bak. For Osnes er det viktig med innhald i kunsten, ikkje berre kunst for kunsten si eiga skuld.
 
Dei 15 kolstiftteikningane som Osnes stiller ut er laga no i haust. Med stø hand skildrar han ulike stemningar ved hjelp av ulike gråtonar, det er nesten som vi kan kjenne vinden som bles inne i bileta.
Osnes hentar inspirasjon frå mellom anna bøker og tv, og hans interesse for middelalderen kjem godt fram i penneteikningane. Vi kan også sjå hans fasinasjon for den spanske kunstnaren og grafikaren Francisco Goya, både når det kjem til teknikk og tema.
 
Samstundes som Osnes tek opp tunge og noko dystre tema, så er bileta hans også i stor grad prega av humor. Vi finn både Snåsamannen, Prinsesse Märtha Louise, troll og alvar i bileta hans, og han har også bilete som viser ulike karakterar frå heimbygda.

Kilde tekst: Ulstein Kunstlag

Les meir om utstillinga: Vikebladet Vestposten.

Bilder: Ulstein Rotary / Njål Vikanes


 
Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik

17. november 2025

Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik

Vi fekk presentasjon av bedrifta og omvisning i dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum

Kaffimøte

10. november 2025

Kaffimøte

I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.

3. november 2025

Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador

Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.

27. oktober 2025

Problematiske stadnamn

Klubben har mange interne ressursar, og denne kvelden var det Johan Ottesen som delte av sin kunnskap

24. oktober 2025

Ulstein Rotary markerer poliodagen 24.10.25

Rotaryklubbar over heile landet går saman om å utrydde polio. Bill Gates Foundation bidreg slik at for kvar lokal krone som vert samla inn, vert det 3 kroner.

Presentasjon av Susteni

20. oktober 2025

Presentasjon av Susteni

Arild Hatløy og Alf Einar Moldtubakk orienterte om tenestene deira innan innovasjon og analyse

Dugnad i Rotaryhagen i Holsekerdalen

13. oktober 2025

Dugnad i Rotaryhagen i Holsekerdalen

Ein fin gjeng sytte for at hagen ved omsorgsbustadane er klar for vinteren

Guvernørbesøk

6. oktober 2025

Guvernørbesøk

Klubbane i Ulstein, Herøy og Hareid hadde fellesmøte med guvernøren for vårt distrikt. Hareid var vertskap

Bedriftspresentasjon ved Glen Bradley frå Rostein AS

29. september 2025

Bedriftspresentasjon ved Glen Bradley frå Rostein AS

Rostein AS er eit av dei tre største brønnbåtrederia i verden. Dei transporterer smolt- og slaktefisk og utfører sortering/telling av laks og ørret. Dei utfører også utsleppsfri parasittbehandling uten bruk av kjemikalier eller medikament.

Kaffimøte

22. september 2025

Kaffimøte

I dag var det medlemsmøte med informasjon frå styremøtet, og høve til fri drøs over ein kopp kaffi