Hilde Marte og Akshat og deres eldste sønn - Her saman med President i Ulstein Rotaryklubb; Bjørn Gunnar Tafjord.
Hilde Marte er frå Ulsteinvik og Akshat frå Mumbai. Som 17-åring valde Hilde Marte å reise til Singapore for å vere utvekslingstudent ved United World College. Valet fall på Singapore fordi ei av besteveninnene, Kari Brandal, hadde flytta til Singapore året før, og foreldra syntest derfor det var trygt for Hilde Marte å reise dit. Der møtte ho Akshat, og etter ei tid vart dei kjærestar. Etter at dei to åra i Singapore var over, hadde dei hadde eit avstandsforhold i fleire år, medan Akshat studerte i Boston og Hilde Marte i Norge, før dei til slutt gifta seg. Dei har to gutar, Rian på 10 år og Sebastian 8, og har no vore saman i 22 år.
India ga oss ein sjanse til å endre folk sine liv, og vi valde å satse på skule og sanitær, seier Akshat og Hilde Marte. Skulegang er ein stor fordel som du kan gje eit barn, og det er det smartaste du kan gjere for å utvikle eit samfunn. Vi starta alt for 15 år sidan med utdanning. I 2005 observerte ei veninne av Hilde Marte at det var mange born som jobba for foreldra sine med å tigge på gangfeltet rett utanfor der ho bodde. Borna var på jobb heile dagen, og fekk knapt leike. Vi byrja å gå dit tre gongar i veka mellom klokka 17 og 19 for å leike med borna. Så byrja vi med å hjelpe dei borna som fekk lov for foreldra inn på lokale skular. Vi hjelpte dei med leksehjelp, og hjelper også jenter med å kome inn på internatskule for å få dei bort frå gata, og vi vitjar dei og hjelper dei med leksene. Prosjektet heiter Hamara Foothpath, etter fortauet prosjektet det oppstod for 15 år sidan.
Sanitærforhold
er også viktig for å endre folk sine liv. Matt Damon sa at du kan aldri endre
fattigdom utan å løyse vatn og sanitærforhalda. Mangel på toalett fører til
mange problem, der det mest openberre er forureining, men også valdtekt er eit
problem når kvinner og barn må gå langt av garde på natta for å kome seg på eit
offentleg toalett. Les meir om farene ved dårlege toalett i Mumbai her: www.theguardian.com
Her er
nokre av prosjekta vi har hatt innanfor sanitær:
Marine Drive toilet: dette er eit jets vacuum toalett
i eit UNESCO-beskytta område. Dei fekk masse merksemd på toalettet. Les meir
her: www.jswrealty.in
Slum toilet: Det første Jets-toalettet i ein slum vart
ferdigstilt i 2017.
Back in the ring: Back in the ring er ein organisasjon som brukar yoga og arbeid som terapi for tidlegare narkomane og forbrytarar. Ei gruppe frå organisasjonen reiste til Mumbai og bygde eit offentleg toalettanlegg. Dei kom tilbake året etter for å reinse ei elv i bykjerna saman med lokalbefolinga. I tillegg til å faktisk gjere jobben, lærer lokalbefolkinga også mykje om haldningar. www.backinthering.no
I India
lever fleire millionar menneske av dagslønn, og har greidd seg godt og levd
verdige liv fram til Covid-19 utbrotet. Dette gjeld mange yrkesgrupper, som
handverkarar, frisørar, hushjelper o.sb. Då samfunnet stengte, sat dei der utan pengar til å kjøpe
mat. Covid-krisa er difor meir ei svoltkrise enn ei viruskrise i India, og vi tenkte
at vi måtte gjere noko. First byrja vi å levere ut varme måltid i dei verst
råka områda i Mumbai, men vi endra dette seinare til å gje matpakkar for heile
familier for to veker, så dei kan halde seg heime og lage maten sjølv. Etterpå
har vi endra til at ein kan adoptere ei familie i tre månadar, for å gje folk tryggleik
over tid. Det er viktig å la folk få halde på verdigheita.
Vi tenkte at vi skulle samle inn eit par hundre tusen kroner, men har no samla inn 9 millionar NOK på dei to siste månadane.
4.5 millionar måltid er delte ut, og 200 000 liv er forbetra.
Krisa er ikkje over i Mumbai, ho eskalerer enno. Covidtala stig veldig – men økonomien er vanskeleg, folk svelt, og styresmaktene vil opne oppatt byen for å hindre hungersnaud. Det er spanande tider, og all hjelp trengst.
Vårt motto er: You make a living by what you get… but you make a life by what you give.
Aksjonen finn du på Facebook: https://www.facebook.com/fromu2them/
VÆR MED Å STØTT AKSJONEN: "adopter" en famile i 3 måneder for ca 740 kroner:
https://www.ketto.org/FROMU2THEM
Innslag på NRK 25 mai 2020: https://www.nrk.no/
Sak i Vikebladet Vestposten 25 mai 2020: https://www.vikebladet.no
Referat: Lidun Hareide / Foto:Gunnar Tafjord & Stig Ole Borgundvåg / Web: Stig Ole Borgundvåg
17. mars 2025
Foredrag av Rotary-medlem Johan Ottesen, som har skrive om slaget ved Hjørungavåg i boka *The Jomsviking Battle*. Johan Ottesen har presentert ulike teoriar om kvar slaget fann stad.
10. mars 2025
Ulstein Rotary hadde nyleg eit møte der temaet var svindel og økonomisk tryggleik. Møtet vart halde i det moderne bygget Millenium på Hareid. med Ellen Kvalsund
10. februar 2025
På kveldens møte hadde vi den æra å høyre Yrjar Garshol fortelje om sitt engasjement for Ukraina gjennom organisasjonen Fritt Ukraina. I over to år har Yrjar vore ein aktiv deltakar i dette viktige arbeidet, som har som mål å støtte det ukrainske folket i
3. februar 2025
Ulstein Rotaryklubb samla seg til eit innhaldsrikt møte på Ulstein Hotell, der godt frammøte vitna om stor interesse for kveldens tema. Kjell Olav Kleppe tok forsamlinga med på ei eventyrleg reise til Antarktis .
20. januar 2025
Hovudinnslaget denne gongen var eit spennande foredrag av Bjørn Roppen, som representerte selskapet Ava Ocean. Roppen delte innsikt i korleis dei har utvikla teknologi for å plukke kamskjel på ein meir skånsam og miljøvenleg måte.
13. januar 2025
Måndag 13. januar samla Ulstein Rotaryklubb sine engasjerte medlemmar seg til eit triveleg og inspirerande medlemsmøte.
6. januar 2025
Vi hadde gleda av å starte året med eit interessant foredrag av Stig Sandanger Riise, som sette søkelys på ein dramatisk del av polarhistoria
2. desember 2024
Under eit engasjerande møte i Ulstein Rotaryklubb heldt arkeolog Arve Eiken Nytun eit lærerikt foredrag om forminne i regionen, frå steinalderen til mellomalderen.
18. november 2024
Ulstein Rotaryklubb på eksklusiv omvisning: Eit bygg for framtida hos Kongsberg Maritime
11. november 2024
Vi samlast for hyggelig kaffimøte i godt lag der Thor Martin Eidem held informasjon frå styremøtet tidlegare på kvelden