Web Analytics Made Easy - StatCounter

Presidentskifte


President Bjørn Gunnar Tafjord overrekker kjedet til Lidun Hareide - Vår nye president for Rotaryåret 2020/2021

 

Årets presidentskifte skulle feirast med god middag og foredrag på Skotholmen i Herøy, slik vi har snakka om i snart eit år. Då alle stod samla til avgang utanfor Quality Ulstein Hotel, kom imidlertid meldinga om at vegen var stengt ved Garneskrysset, og at omkøyringsvegen over Gamleeidet også var stengt. 

Gode råd var dyre, og etter litt hektisk aktivitet fekk avtroppande president Bjørn Gunnar Tafjord hyrt inn Hindholmen til å frakte oss ut til Skotholmen, og kjøpt inn bollar og brus så vi ikkje skulle svelte i hel på turen. Det vart ein nydelig båttur ut gjennom Ulsteinleia og gjennom Søre Vaulen til Sævika og Skotholmen.





På Skotholmen stod ein av eigarane, Arthur Almestad, klar og tok imot trossa, før han geleida oss inn til eit foredrag om den eldre og nyare historia til Skotholmen. Det har budd folk på Skotholmen sidan 1500-talet, og holmen har både vore husmannsplass og hatt handelsprivilegium. I 2009 tok dei noverande eigarane over, restaurerte eine sjøbua og rydda resten. Du kan lese meir om historia til Skotholmen her: https://www.skotholmen.no/omoss/

Les gjerne også saken NRK laget om Arthur og Skotholmen i 2016: Nytt liv til gammelt handelsted 


Magnar Hjertenæs viste så fram si unike samling av gamle foto som bestefaren hans tok frå tidleg på 1900-talet og utover til etter krigen. Bileta held ein imponerande både teknisk og kunstnarisk kvalitet, og ber vitnesbyrd om eit fiskarbondesamfunn som no er borte. Du kan lese meir om Magnar og fotosamlinga her  https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling/unik-fotosamling-mellom-permar


Vi har hatt eit imponerande tilfang av nye medlemmer dette året. To av desse, Ingunn Røyset og Arnfinn Godø,  møtte opp på Skotholmen, og fekk utdelt Rotarynåla. Vi er glade for å ha dei med i klubben vår.


Sjølve presidentsskiftet stod for tur. Avtroppande president Bjørn Gunnar Tafjord overrekte Rotary-kjedet til påtroppande Lidun Hareide, medan Lidun overrekte blomar til Bjørn Gunnar og takka han for innsatsen i året som gjekk.


Endeleg var det klart for matservering, og Skotholmen sin signaturrett; krabbesuppe med reker, fenikkel og ramsløk vart fortært med andakt med ein tilhøyrande nydelig rosévin og fantastisk focaccia. Til dessert fekk vi sjokoladefondant med jordbær og kaffi.

 Etter ein lang og innhaldsrik kveld tok vi farvel med Skotholmen, vel vitande at her kan vi lett kome tilbake. Damene fekk haike med Arthur Almestad inn til hotellkaia i Fosnavåg, der Ragnhild hadde bil ståande, medan karane hoppa om bord i Hindholmen og tøffa seg heim i solnedgangen. Og alle var samde om at det hadde vore ein heilt fantastisk tur! 

 


 
Sivertstøl Film

2. februar 2026

Sivertstøl Film

Ein inspireande time med filmskapar Tor Sivertstøl

Medlemsforedrag

26. januar 2026

Medlemsforedrag

Møte med presentasjon av nytt medlem og litt informasjon frå presidenten

Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong

19. januar 2026

Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong

Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre.

Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26

12. januar 2026

Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26

Vi tok turen til Skaparhuset i Ulstein der vi hadde eit triveleg møte med Ulstein næringsforum.

Kaffimøte på Ulstein hotell

15. desember 2025

Kaffimøte på Ulstein hotell

Årets siste møte brukte vi til mimring og god drøs

Årsmøte

8. desember 2025

Årsmøte

Årsmøtet vart halde på Ulstein hotell

Intercitymøte med Hareid

1. desember 2025

Intercitymøte med Hareid

Johannes Alme fortalde frå boka si om selfangst og GC Rieber si betydning for norsk selfangst

Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik

17. november 2025

Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik

Vi fekk presentasjon av bedrifta og omvisning i dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum

Kaffimøte

10. november 2025

Kaffimøte

I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.

3. november 2025

Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador

Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.