Årets presidentskifte skulle feirast med god middag og foredrag på Skotholmen i Herøy, slik vi har snakka om i snart eit år. Då alle stod samla til avgang utanfor Quality Ulstein Hotel, kom imidlertid meldinga om at vegen var stengt ved Garneskrysset, og at omkøyringsvegen over Gamleeidet også var stengt.
Gode råd var dyre, og etter litt hektisk aktivitet fekk avtroppande president Bjørn Gunnar Tafjord hyrt inn Hindholmen til å frakte oss ut til Skotholmen, og kjøpt inn bollar og brus så vi ikkje skulle svelte i hel på turen. Det vart ein nydelig båttur ut gjennom Ulsteinleia og gjennom Søre Vaulen til Sævika og Skotholmen.
På
Skotholmen stod ein av eigarane, Arthur Almestad, klar og tok imot trossa, før
han geleida oss inn til eit foredrag om den eldre og nyare historia til
Skotholmen. Det har budd folk på Skotholmen sidan 1500-talet, og holmen har
både vore husmannsplass og hatt handelsprivilegium. I 2009 tok dei noverande
eigarane over, restaurerte eine sjøbua og rydda resten. Du kan lese meir om
historia til Skotholmen her: https://www.skotholmen.no/omoss/
Les gjerne også saken NRK laget om Arthur og Skotholmen i 2016: Nytt liv til gammelt handelsted
Magnar Hjertenæs viste så fram si unike samling av gamle foto som bestefaren hans tok frå tidleg på 1900-talet og utover til etter krigen. Bileta held ein imponerande både teknisk og kunstnarisk kvalitet, og ber vitnesbyrd om eit fiskarbondesamfunn som no er borte. Du kan lese meir om Magnar og fotosamlinga her https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling/unik-fotosamling-mellom-permar
Vi har hatt eit imponerande tilfang av nye medlemmer dette året. To av desse, Ingunn Røyset og Arnfinn Godø, møtte opp på Skotholmen, og fekk utdelt Rotarynåla. Vi er glade for å ha dei med i klubben vår.
Sjølve presidentsskiftet stod for tur. Avtroppande president Bjørn Gunnar Tafjord overrekte Rotary-kjedet til påtroppande Lidun Hareide, medan Lidun overrekte blomar til Bjørn Gunnar og takka han for innsatsen i året som gjekk.
Endeleg var det klart for matservering, og Skotholmen sin signaturrett; krabbesuppe med reker, fenikkel og ramsløk vart fortært med andakt med ein tilhøyrande nydelig rosévin og fantastisk focaccia. Til dessert fekk vi sjokoladefondant med jordbær og kaffi.
Etter ein lang og innhaldsrik kveld tok vi farvel med Skotholmen, vel vitande at her kan vi lett kome tilbake. Damene fekk haike med Arthur Almestad inn til hotellkaia i Fosnavåg, der Ragnhild hadde bil ståande, medan karane hoppa om bord i Hindholmen og tøffa seg heim i solnedgangen. Og alle var samde om at det hadde vore ein heilt fantastisk tur!
28. september 2020
President Lidun Hareide informerte om guvernørbesøket, opplegg for poliodagen 24.10., og innspel til levekårsutvalet m.m.
21. september 2020
Kjell Olav Kleppe heldt eit spennande og interessant føredrag. Han fortalde om oppvekst, utdanning, yrkeskarriere, interesser, og krydra det med historier
14. september 2020
Guvernørbesøket fann stad på Thon hotell i Fosnavåg. Hareid, Herøy og Ulstein Rotary hadde kvar sine møte med DG Roald Fiksdal.
7. september 2020
Rotarymedlem Stig S. Riise holdt en engasjert presentasjon om stølsdrifta på Hareidlandet tidlig på 1900-tallet.
Sjå presentasjonen her.
31. august 2020
«Mer enn fisk i havet – sunne og næringsrike matprodukt fra den blåe åkeren»
24. august 2020
President Lidun Hareide ledet med glans det første medlemsmøtet i Rotaryåret 2020/2021 - Vi ser fram mot en innholdsrik høst!
23. august 2020
Det spanande haustprogrammet til Ulstein Rotaryklubb er no klart!
29. juni 2020
Årets presidentskifte ble feiret med nydelig middag og flere foredrag på idylliske Skotholmen i Herøy.
22. juni 2020
Ragnhild Velsvik Berge hadde ordet denne dagen, - i ein kombinasjon av å presentere seg sjølv, yrket sitt og det sjølvvalte temaet «frå kontinuitet til vendepunkt»
18. juni 2020
En dugnadsgjeng fekk i dag satt siste hånd på verket ved å montere informasjonskiltet om Høddmonumentet!