Frå kontinuitet til vendepunkt

Ho trådde
sine barnesko i Volda og vaks opp i ein lykkelig heim med mor, far og ein liten
bror. Mor frå Herøy og far frå Dalsfjord. Ragnhild lærte tidleg at ein ikkje
skal ta livet for gitt då broren omkom i ei trafikkulykke berre 21 år gamal. Ho
har sidan fått tre barn sjølv, - ein gut og to jenter. Og to barnebarn som bur
i Herøy, på Ragnhild sin slektsgard der.
Ho valte
sjukepleiaryrket, men vart tidleg rekruttert som leiar og har vore det det
meste av sitt yrkesaktive liv. Ho har arbeidserfaring frå sjukehus og
kommunehelseteneste, og erfarte at på sjukehus har du ekspertisen rundt deg når
det skjer noko, medan du i kommunen ofte sjølv er ekspertisen. Det gjer det
utfordrande på ein heilt annan måte å jobbe i kommunehelsetenesta. Ragnhild har
alltid likt å lære og har studert mykje på deltid opp gjennom åra. Har brei
leiarutdanning, og fag innan pedagogisk rettleiing og regional planlegging og
utvikling.
Etter
mange år i toppleiinga i Herøy kommune gjekk vegen til stilling som rådmann i
Hareid kommune. Hareid er ei kommune som på mange måtar har lege i dvale
gjennom mange år på Robek, men som Ragnhild meinte hadde eit stort
utviklingspotensiale. Ho trivst godt i jobben og kommunen, og meiner
rådmannsjobben må vere den mest
spennande jobben du kan ha fordi den femner alt frå vogge til grav, og du får
vere med på den lokale samfunnsutviklinga og tenesteytinga. Samspelet mellom
politikk og administrasjon er sentralt i dette.
Ei
kommune er eit offentleg forvaltningsmynde med rolle som samfunnsutviklar,
tenesteprodusent og arena for politisk styrt lokaldemokrati. Kommunen er også
ein stor aktør innanfor eigedom og kjøpar av varer og tenester, og dette
engasjerer mange. Rådmannen, eller kommunedirektøren som det no heiter, er den
som får delegert mynde til å drifte kommunen på vegne av kommunestyret. Det er
ei krevjande rolle på den måten at du står i krysspresset mellom politikarar
som kjem og går kvart fjerde år, alle tilsette og forventningar og
meiningsytringar frå lokalbefolkninga. Rådmannen skal ha fugleperspektiv men
også evne å sjå den einskilde, sjå det nære og planlegge for det fjerne. Ein
skal ut frå ei faktabasert tilnærming belyse desse samanhengane. Som rådmann må du også ta alle sine feil på
dine skuldrar, og det kan tyngje til tider. Likevel er det utruleg gjevande å
få stå midt i samfunnsutviklinga og gjere det du kan for at utviklinga skal gå
rette vegen medan du er ved roret. Eller
som i eit uttrykk sagt om bonden: «når eg gir frå meg garden til neste
generasjon, så skal han vere litt betre enn han var då eg tok over»
Så snakka
Ragnhild over temaet frå kontinuitet til vendepunkt. Dette handlar om at måten
vi drifter velferdsstaten på ikkje lenger er berekraftig. Vi må gjere noko anna
enn det vi gjer om vi skal greie å halde velferden på eit tilfredsstillande
nivå. Tre av fire som går ut av ungdomsskulen må velje helse- og omsorgsyrke om
vi skal greie å gi same tenestetilbodet som i dag. Kombinasjonen av ei sterkt
aukande eldre befolkning, mange unge som er utanfor arbeidslivet (utanforskap)
og færre yrkesaktive som betaler skattepengar og held hjula i gang, gjer det
heilt nødvendig å tenke annleis på drift av det offentlege. Kommunane har gått
vegen frå forvaltningskommunen, om servicekommunen og er på vei over i
samskapingskommunen. Her er må den enkelte ta større ansvar for eigen velferd.
Ragnhild er oppnemnt til å sitte i eit nasjonalt råd for innovasjon og forsking
og har difor førstehandskjennskap til at dette har nasjonalt fokus. Frå at
mange før har jobba med denne problemstillinga stykkevis og delt, er det no
sett på dagsorden av Kommunenes sentralforbund at ein må jobbe saman for å få
til ei radikal endring. Det vert spennande å følgje utviklinga vidare.
Referat: Lidun Hareide / Foto:Jan Einar Saunes / Web: Stig Ole Borgundvåg
22. juni 2026
Ragnhild Velsvik Berge er ny Rotary-president
Ulstein Rotaryklubb markerte måndag 22. juni det årlege presidentskiftet med rekordstort oppmøte på Kråen Gard i Sande.
15. juni 2026
Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy
Herøy Rotaryklubb hadde ei fin markering av sitt 60-års jubileum.
9. juni 2026
Fin medlemstilvekst :)
Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.
1. juni 2026
Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre
Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.
11. mai 2026
Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring
så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet
4. mai 2026
Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal
Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap
27. april 2026
Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming
Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming
Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.
13. april 2026
Vil du skal kjenne deg herifrå..
Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid
23. mars 2026
Orientering om Ulstein vidaregåande skule
Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet