Web Analytics Made Easy - StatCounter

Frå kontinuitet til vendepunkt


Ragnhild Velsvik Berge hadde ordet denne dagen, - i ein kombinasjon av å presentere seg sjølv, yrket sitt og det sjølvvalte temaet «frå kontinuitet til vendepunkt». Her avbildet sammen med President Bjørn Gunnar Tafjord

Ho trådde sine barnesko i Volda og vaks opp i ein lykkelig heim med mor, far og ein liten bror. Mor frå Herøy og far frå Dalsfjord. Ragnhild lærte tidleg at ein ikkje skal ta livet for gitt då broren omkom i ei trafikkulykke berre 21 år gamal. Ho har sidan fått tre barn sjølv, - ein gut og to jenter. Og to barnebarn som bur i Herøy, på Ragnhild sin slektsgard der.

Ho valte sjukepleiaryrket, men vart tidleg rekruttert som leiar og har vore det det meste av sitt yrkesaktive liv. Ho har arbeidserfaring frå sjukehus og kommunehelseteneste, og erfarte at på sjukehus har du ekspertisen rundt deg når det skjer noko, medan du i kommunen ofte sjølv er ekspertisen. Det gjer det utfordrande på ein heilt annan måte å jobbe i kommunehelsetenesta. Ragnhild har alltid likt å lære og har studert mykje på deltid opp gjennom åra. Har brei leiarutdanning, og fag innan pedagogisk rettleiing og regional planlegging og utvikling.

Etter mange år i toppleiinga i Herøy kommune gjekk vegen til stilling som rådmann i Hareid kommune. Hareid er ei kommune som på mange måtar har lege i dvale gjennom mange år på Robek, men som Ragnhild meinte hadde eit stort utviklingspotensiale. Ho trivst godt i jobben og kommunen, og meiner rådmannsjobben  må vere den mest spennande jobben du kan ha fordi den femner alt frå vogge til grav, og du får vere med på den lokale samfunnsutviklinga og tenesteytinga. Samspelet mellom politikk og administrasjon er sentralt i dette.

Ei kommune er eit offentleg forvaltningsmynde med rolle som samfunnsutviklar, tenesteprodusent og arena for politisk styrt lokaldemokrati. Kommunen er også ein stor aktør innanfor eigedom og kjøpar av varer og tenester, og dette engasjerer mange. Rådmannen, eller kommunedirektøren som det no heiter, er den som får delegert mynde til å drifte kommunen på vegne av kommunestyret. Det er ei krevjande rolle på den måten at du står i krysspresset mellom politikarar som kjem og går kvart fjerde år, alle tilsette og forventningar og meiningsytringar frå lokalbefolkninga. Rådmannen skal ha fugleperspektiv men også evne å sjå den einskilde, sjå det nære og planlegge for det fjerne. Ein skal ut frå ei faktabasert tilnærming belyse desse samanhengane.  Som rådmann må du også ta alle sine feil på dine skuldrar, og det kan tyngje til tider. Likevel er det utruleg gjevande å få stå midt i samfunnsutviklinga og gjere det du kan for at utviklinga skal gå rette vegen medan du er ved roret.  Eller som i eit uttrykk sagt om bonden: «når eg gir frå meg garden til neste generasjon, så skal han vere litt betre enn han var då eg tok over»

Så snakka Ragnhild over temaet frå kontinuitet til vendepunkt. Dette handlar om at måten vi drifter velferdsstaten på ikkje lenger er berekraftig. Vi må gjere noko anna enn det vi gjer om vi skal greie å halde velferden på eit tilfredsstillande nivå. Tre av fire som går ut av ungdomsskulen må velje helse- og omsorgsyrke om vi skal greie å gi same tenestetilbodet som i dag. Kombinasjonen av ei sterkt aukande eldre befolkning, mange unge som er utanfor arbeidslivet (utanforskap) og færre yrkesaktive som betaler skattepengar og held hjula i gang, gjer det heilt nødvendig å tenke annleis på drift av det offentlege. Kommunane har gått vegen frå forvaltningskommunen, om servicekommunen og er på vei over i samskapingskommunen. Her er må den enkelte ta større ansvar for eigen velferd. Ragnhild er oppnemnt til å sitte i eit nasjonalt råd for innovasjon og forsking og har difor førstehandskjennskap til at dette har nasjonalt fokus. Frå at mange før har jobba med denne problemstillinga stykkevis og delt, er det no sett på dagsorden av Kommunenes sentralforbund at ein må jobbe saman for å få til ei radikal endring. Det vert spennande å følgje utviklinga vidare.

 Referat: Lidun Hareide / Foto:Jan Einar Saunes Web: Stig Ole Borgundvåg


 
Bedriftsbesøk - Jets Vacuum

24. januar 2023

Bedriftsbesøk - Jets Vacuum

Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.

Bedriftsbesøk DIMO

16. januar 2023

Bedriftsbesøk DIMO

Flott foredrag og omvisning i en bedrift i stor vekst!

Kaffimøte

9. januar 2023

Kaffimøte

Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.

Båtbesøk - SMARAGD

12. desember 2022

Båtbesøk - SMARAGD

Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.

Årsmøte 2021/2022

5. desember 2022

Årsmøte 2021/2022

Rekneskap og Årsmelding vart godteke med applaus :)

Julegilde 2022

26. november 2022

Julegilde 2022

Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande

Rikets tilstand - sett fra et politiblikk

14. november 2022

Rikets tilstand - sett fra et politiblikk

Denne kvelden var Ulstein Rotary samlet for å høre foredrag om rikets tilstand fra Oddbjørn Solheim og Hilde Sæter.

Bedriftsbesøk - Kongsberg Maritime AS, avd Ulsteinvik

7. november 2022

Bedriftsbesøk - Kongsberg Maritime AS, avd Ulsteinvik

Kjekk omvisning med Geir Sundal og Torgeir Helvik.
Store utbyggingsplanar og lærerik innføring i Rim Drive (Permanent magnet thrustere).

Offisiell åpning av Rotaryhagen av verdenspresident Jennifer Jones

31. oktober 2022

Offisiell åpning av Rotaryhagen av verdenspresident Jennifer Jones

Historisk besøk på Sunnmøre og til Ulstein Rotaryklubb sin åpning av Rotaryhagen

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...