Rotaryåret 2020/2021
INFO:
1.
Kontaktpersonar er førde opp i parentes etter
programposten. Desse personane tar kontakt ei veke i førevegen med den/dei som står for programmet, for å
sjekke at programmet går
etter planen. Deretter melder dei frå til presidenten.
2.
Ved arrangementa krabbefest,
Stordalstur og juleavslutning, som ligg på fredagar, går måndagen før eller etter ut. Den kan om naudsynt
nyttast til gjeremål
presidenten finn føremålstenleg.
3. Kaffimøtet er innført igjen, men på ein ny måte, i kombinasjon med at presidenten orienterer (15-20 min) og at eit rotarymedlem deretter held ein 5/10- minuttar. Deretter samtale rundt borda.
PROGRAMMET:
Kjære Rotaryvennar!
Med dette ønsker eg dykk alle hjarteleg velkomne til det første møtet i perioden 2020 – 2021, der temaet for perioden er «Rotary opens opportunities».
Dette møtet vert ein kombinasjon av presidentens time og kaffimøte; rett og slett avsparket på denne Rotaryperioden.
Det blir kake og kaffi, litt informasjon – og forhåpentlegvis litt tid til å prate litt over borda og oppdatere oss på kvarandre igjen.
PROGRAM:
- Kaffi og kake
- Litt om planane for dette Rotaryåret (5 minutt)
- To nye dugnadsprosjekt (Lidun og Otto Kjetil 10 minutt)
- Dagfinn Olav presenterer kjapt hovudpunkta i programmet for hausten (10 minutt)
- Synnøve presenterer kjapt den økonomise situasjonen (5 minutt)
- Stig gir oss eit innblikk i medlemssituasjonen og planar for verving i perioden (5 minutt)
- Lidun presenterer forslag til komitear og noterer innspel til endringar
Eg håper at så mange som mogeleg kan kome på møtet, og gler meg til å sjå dykk alle igjen.
Alt godt!
Lidun Hareide , President Ulstein Rotaryklubb
Anne
Lise Chapman: Tango Seeweed. Om tang og tare. Kanskje også med smaksprøver (Lidun)
Rotarymedlem Johannes Kristian Bjøringsøy: Føredrag med tittelen «Kvit og priviligert» (Dagfinn)
Guvernørbesøk. Sammøte med Herøy og Hareid RK. Rotarymedlemane møter guvernøren på Thon Hotel Fosnavåg kl. 20:00. Samkøyring frå
Ulstein hotel kl. 19:15 (Lidun)
Ordførar Knut Erik Engh: Føredrag med sjølvvalt emne (Dagfinn)
28.09.
Presidentens time/kaffimøte. Orientering ved presidenten. Håkon Waage held ein 5/10-minuttar
(Dagfinn). Alternativt dugnad
Magne Grimstad/Asle Geir Johansen: Kyrkja i Ulstein - eit ankerfeste ( Dagfinn)
Møtet
er flytta til 16.10. Presidenten kallar inn viss det er behov for møtet
Krabbefest med underhaldning. Stad og tid vert kunngjorde av festkomiteen (Njål)
Bedriftsbesøk: Artic Nutrition, Ørsta, kl. 19:00. Muleg sammøte med Ørsta og Volda RK. Samkøyring frå Ulstein hotel kl. 18:00 (Bjørn Gunnar)
24.10

Presidentens time / kaffimøte. Presidenten orienterer. Stig Sandanger Rise held ein 5/10-minuttar (Dagfinn). Alternativt dugnad
Rotarymedlem Arnfinn Godøy: Ego- og yrkesføredrag (Dagfinn)
Stordalstur: Smaking på årets juleøl / føredrag om øl og ølbrygging i Kvammen (Dagfinn). Tradisjonsmat på Nilsgardstunet (Njål)
Møtet er flytta til 06.11. Presidenten kallar inn viss det er behov for møtet
Fotograf Cecilie Hatløy: Liv og yrke. Intervju med bildevising (Bjørnar)
Forfattar Øystein Orten: «Norske smertepunkt». Litt om arbeidet med boka «Krigshistorier» - frå fakta til fiksjon. Det blir muleg å få kjøpe signerte eksemplar av boka (Dagfinn)
30.11.
Presidentens time/kaffimøte. Presidenten orienterer.
5/10-minuttar ved Otto Kjetil Nytun (Dagfinn). Alternativt dugnad
Rotarymedlem Kjell-Olav Kleppe: Føredrag med tittelen «Kjell-Olav Kleppe: Sjølvpresentasjon - eit aktivt liv» (Dagfinn)
Møtet er flytta til 18.12. Presidenten kallar inn viss det er behov for møtet
Juleavslutning med underhaldning. Tid og stad vert kunngjorde av festkomiteen (Njål)
Program: Dagfinn Olav Bye / Web: Stig Ole Borgundvåg
9. juni 2026
Fin medlemstilvekst :)
Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.
1. juni 2026
Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre
Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.
11. mai 2026
Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring
så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet
4. mai 2026
Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal
Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap
27. april 2026
Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming
Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming
Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.
13. april 2026
Vil du skal kjenne deg herifrå..
Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid
23. mars 2026
Orientering om Ulstein vidaregåande skule
Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet