Web Analytics Made Easy - StatCounter

Guvernørbesøk

F.v President Ulstein RK  - Lidun Hareide, President Hareid RK - Oskar Grimstad, Distriksguvernør Roald Fiksdal, President Herøy RK - Janita W Remøy 

Guvernørbesøket fann stad på Thon hotell i Fosnavåg.  Hareid, Herøy og Ulstein Rotary hadde kvar sine møte med DG Roald Fiksdal. 

Styret i Ulstein Rotary hadde møte med DG kl 18 - 19.  Lidun presenterte klubben sine mål og tiltak med ein ppp, der ho greidde ut om om dei ulike tiltaka og måla. Ein god presentasjon av Lidun. DG hadde nokre spørsmål, kommentarar, med alt i alt syntest han det var bra.

KL 20 skulle det vere fellesmøte for alle, så vi hadde 1 time til disposisjon, der styremedlemmene hadde felles middag, spandert av Rotary. Det var ei kjekk stund. Kjekt å kunne sitje i lag og prate.

På fellesmøtet presenterte distriktsguvernør Roald Fiksdal ein del viktige punkt:

Medlemsrekruttering:

  • Distriktet jobbar med å utarbeide ein sams velkomstpakke for nye medlemmer i von om dette vil gjere det meir attraktivt/informativt å verte medlem
  • Eit forslag til rekruttering kan vere å invitere partnarar/ledsagarar til personar som allereie er medlemmer i klubben
  • Distriktets målsetjing er ein andel med 30% kvinnlege medlemmer.
  • Ta gjerne temperaturen i alle grupperingar i klubben (kvinner, over/under 50, yrkesaktive og pensjonistar) for innspel om kva som skal til for å engasjere
  • Fadderordninga må på plass for å sikre at nye medlemmer ikkje fell frå 
Paul Harris vs Året rotarianar: 

  • Eit alternativ til å dele ut Paul Harris til medlemmer, kan godt vere å lage ein tradisjon med utdeling av Årets rotanianar -nål, den som Otto Kjetil og Bjørn Nytun fekk for sin innsats på gapahukane 
 District Grant:

  • Her må vi søkje pengar til prosjekta våre 
 Distriktssamling Union Geiranger 2021 

  • Denne samlinga er utsett til 08.-09.2020










Fullt referat: Link

Referat: Eldrid Anne Vik (Sekretær) / Foto:Jan Einar Saunes, Stig Ole Borgundvåg, Bjør Gunnar Tafjord Web: Stig Ole Borgundvåg

 
Fin medlemstilvekst :)

9. juni 2026

Fin medlemstilvekst :)

Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

1. juni 2026

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

11. mai 2026

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

4. mai 2026

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

27. april 2026

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming

Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.

Vil du skal kjenne deg herifrå..

13. april 2026

Vil du skal kjenne deg herifrå..

Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

23. mars 2026

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet

Fest e kjekt

16. mars 2026

Fest e kjekt

Torskemiddag har vore ein fast tradisjon i mange år

Synfaring til dei nye omsorgsbustadane

9. mars 2026

Synfaring til dei nye omsorgsbustadane

På besøk til dei nye omsorgsbustadane i sentrum

Bedriftsbesøk frå Conplan

9. februar 2026

Bedriftsbesøk frå Conplan

Spennande bedriftspresentasjon frå ei lokal bedrift