Kyrkjebakkespel for Ulstein
Dagfinn Olav Bye, Ståle Helvik og Jan Ove Ulstein held orientering om det fantastiske Kyrkjebakkespelet dei skal ha på Sjøborg til neste år!Kyrkjebakkespel er historiske spel.
Dei samtalte og fortalde om kyrkjebakkespelet for Ulstein.
Det var ein svært interessant time med informasjon om eit spennande prosjekt, som dersom alt går etter planen, skal framførast 19.03.2022.
Jan Ove har skrive manuset der ein går langt tilbake i tid, religion/heidendom/kristendom og natur er sentralt. Pasjonsspel med utgangspunkt i Ulstein gamle kyrkjegard. Spelet er lagt til tida rundt 1840. Dette var eit brutalt samfunn. Alt som er med kunne ha skjedd, men ingenting er historisk.
Ståle står for organiseringa, m.a. få tak i folk til dei ulike rollene, og ansvarleg for tilpassing av musikken som Henning Sommero har komponert, kor /solistar m.m.
Dagfinn Olav har regien. Han skal setje saman dette kyrkjebakkespelet, som er eit svært omfattande opplegg. Her skal ein ha med lokale personar til å gå inn i ulike roller, her er mykje musikk med solistar og eit kor. Det skal filmast/takast bilde, der Ulstein gamle kyrkjegard har ei sentral rolle.
Framsyninga skal vere på Sjøborg med aktørar i ulike viktige roller, og song med solistar og koret, der det som er filma skal syast saman med det som skjer der og då. Dagfinn Olav har ansvar for dette. Operaen i Nordfjord hjelper til med kostymer.
Referat: Eldrid Anne Vik (Sekretær) / Foto:Jan Einar Saunes
15. oktober 2022
Årets Krabbe og rekefest
Krabbe og reker i paviliongen på Kari og Njål sitt paradis på Eiksund.
3. oktober 2022
Ulstein Brannstasjon
19 spente medlemmer møtte for å få omvisning i Ulstein kommune sin nye brannstasjon. Brannsjef Olav Helt Brubakk var den som tok oss imot og ønskte oss velkommen
29. september 2022
Besøk på det nye helsehuset på Hareid
Klubbmedlem og kommunedirektør på Hareid, Ragnhild Velsvik Berge viste oss rundt i bygget.
18. september 2022
Distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island
Lidun Hareide og Synnøve Riise har vore på distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island denne veka!
29. august 2022
Besøk av DG Gunhild Aalstad
Ulstein Rotary hadde eit oppløftande møte med Gunhild Aalstad (Distriksguvernør 2022/2023).
22. august 2022
Kaffimøte
Orientering om komitesammensetning, med etterfølgende god prat og diskusjoner rundt bordet.
15. august 2022
Åpning av Rotaryåret 2022/2023
President Arnfinn Godø holdt orienteringsmøte vedr. planene for det nye Rotaryåret.
20. juni 2022
Presidentskifte
President Thor Martin Eidem overlet roret til Innkomande President Arnfinn Godø