Web Analytics Made Easy - StatCounter

Holsekerdalen 20 - Hageprosjekt

Ulstein Rotaryklubb gir ein vakker og tenleg hage til Holsekerdalen 20 i Ulsteinvik. 

Første byggetrinn VART overlevert 10 mai 2021

Ulstein Rotaryklubb ønskjer å gi ein vakker og tenleg hage til Holsekerdalen 20 i Ulsteinvik. Holsekerdalen 20 er eit fantastisk leiligheitskompleks for eldre, der servicenivået endrar seg saumlaust frå at brukarane greier seg sjølve – opp til sjukeheimsstandard ettersom behova deira endrar seg. Dette er eit nytt og nydelig bygg, med stilrein arkitektur, gode leiligheiter for dei eldre som bur der, store, lekre fellesareal, og ein stor, fin terrasse (altan). Vi i Ulstein Rotaryklubb synest at bygget, bebuarane og dei tilsette fortener ein vakker, raus og velfungerande hage, der ein kan glede seg over frukt, bær, roser og pionar. Ein hage som kan stimulere sansar og minner, men som også kan fungere som motivasjon til å rusle seg ein liten tur, og der det er tilrettelagt for koselege sitteplassar.

Kart over Holsekerdalen 20

 Utearealet i Holsekerdalen 20 var asfaltert for at det skulle vere lett å ta seg fram med rullestol og rullator. Før vi sette i fang, vart det gjennomfrt ei spørjeundersøking mellom bebuarane om kva dei ønskte seg i ein hage, og dette var svara:

·         Flaggstang

·         Roser

·         Frukttre

·         Bærbusker

·         Rhododendron

Før renovering:


Utearealet sett mot aust mot porten


Utearealet sett mot vest

 GJennomføring/byggetrinn 1:

Vi har engasjert Hiljerd Holt Myrene til å teikne hagen i tråd med bebuarane og dei tilsette sine ønsker. Det aller første som kom på plass i hagen er flaggstanga, akkurat i tide til alle flaggdagane i mai. 


Otto Kjetil og Bjørn Eldor Nytun har akkurat reist flaggstanga

I tillegg set vi i fyrste byggetrinn ut benkar, og planter roser, pionar, rhododendron, hortensia, bærbusker, frukttre liljer og sommarblomar. For å ta vare på asfaltunderlaget, har vi valt å sette opp gråmalte kumringar i ulike storleikar, og fylle desse med singel, jord og planter. Til å male kumringane, fuge overgangen mellom ring og asfalt og til å fylle dei med singel, fekk vi svært god hjelp av ungdommar ved Ulstein ungdomsskule som har faget «Innsats for andre». Heile 20 jenter møtte på dugnad på tysdagen, og to på laurdag, og vi er svært takksame for den flotte innsatsen jentene gjorde!





Ingunn Hestnes fyller singel i kumringane

Arnfinn Godø, Synnøve Riise og Lidun Hareide hadde det kjekke oppdraget å handle blomar for 50 000 kroner. Ein stor hengar og Lidun sin bil vart fylt med blomar, som snart skal plantast ut i kumringane. 





No står det att å fylle jord i kummane og plante i, så Holsekerdalen 20 får ein blømande hage til 17.mai! Men dette er berre første byggetrinn, så nos tartar arbeidet med å samle inn pengar til neste byggetrinn, som blir plantekasser og benkar langs veggane, utestue og område til kvardagsrehabilitering. Har du lyst å bidra, kan du støtte oss på spleis. 

Sponsorer Rotaryhagen byggetrinn 1

Ulsteinvik, Hasund/Sundgot og Haddal Sanitetsforening

50 000,00

Rotary District Grant

30 000,00

Sparebank 1 Søre Sunnmøre

100 000,00

SPLEIS Sparebank 1 (fra beboere i Ulsteinvik)

Sparebanken Møre (venter på svar)

180 000,00

Aurvoll & Furesund

Transport

Ulshav

Kasser, benker og arbeid

Dugnadstimer Ulstein Rotaryklubb

Dugnadstimer Ulsteinvik Ungdomskule

Hageland Tilseth, Volda

Pekas, Gurskøy

OBS Bygg Ulsteinvik


Referat og bilder: Lidun Hareide (President URK)

 

22. juni 2026

Ragnhild Velsvik Berge er ny Rotary-president

Ulstein Rotaryklubb markerte måndag 22. juni det årlege presidentskiftet med rekordstort oppmøte på Kråen Gard i Sande.

Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy

15. juni 2026

Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy

Herøy Rotaryklubb hadde ei fin markering av sitt 60-års jubileum.

Fin medlemstilvekst :)

9. juni 2026

Fin medlemstilvekst :)

Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

1. juni 2026

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

11. mai 2026

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

4. mai 2026

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

27. april 2026

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming

Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.

Vil du skal kjenne deg herifrå..

13. april 2026

Vil du skal kjenne deg herifrå..

Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

23. mars 2026

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet

Fest e kjekt

16. mars 2026

Fest e kjekt

Torskemiddag har vore ein fast tradisjon i mange år