Web Analytics Made Easy - StatCounter

Kick-off Rotaryåret 2021/2022


President Thor Martin Eidem orienterte om planane i året som kjem - Årets motto er "Serve to Change Lives"

Den nye presidenten,Thor Martin Eidem, starta med å ønske alle velkomen og ga deretter ein presentasjon av seg sjølv og si varierte yrkeskarriere.

Presidenten ga ei orientering frå Ulstein Rotaryklubb sitt klubbmøte med distriktsguvernøren, Hans Olav Osbakk, 23. august på Hareid.
I nemnde møte vart det gitt ein presentasjon av klubben vår, prosjekta våre og kva mål og planar vi har for Rotaryåret 2021/ 2022. Ulstein Rotaryklubb har 44 medlemmer, derav 9 kvinner.

Distriktsguvernøren ga gode tilbakemeldingar på klubben sitt arbeide. Distriktsguvernøren er oppteken av medlemsrekruttering, og meiner det er positivt at Ulstein Rotaryklubb har eit så høgt fokus på dette. Han understreka også viktigheita av å skape gode opplevelser i klubben for å ta vare på dei medlemmane ein allereie har.

Under fellesmøtet med Hareid og Herøy, peikte eit medlem på at vi burde ha større fokus på å rekruttere medlemmer frå andre land og kulturar. Presidenten oppmoda klubben om å ha fokus på dette.

Presidenten har lagt inn følgande mål og planar for klubben i Club Central:
• Auke medlemstalet: frå 44 til 50
• Deltaking dugnadsprosjekt: 15 personar
• Fadderordning: 6 personar
• Deltaking på styreseminar: 6 personar
• Opplæring styreseminar: 3 personar
• Deltaking på distriktskonferansen: 6 personar
• Donasjon til «The Rotary Foundation»: USD 750/ 6200 NOK
• Lokalt prosjekt: Rotaryhagen
• Deltaking RYLA: 2 personar
• Sosialt samvær: 4 (2 stk. per halvår)
• Oppdatering heimeside +Facebook: 4
• Omtalar i media: 2 stk.

Styret for Rotaryåret 2021/ 2022
Presidenten ga medlemmane ein presentasjon av klubben sitt styre for Rotaryåret 2021/2022:
Thor Martin Eidem President
Lidun Hareide Avtroppande president
Kjell Olav Kleppe Innkomande president
Ingunn Hestnes Skrivar
Synnøve Riise Kasserar
Arnfinn Leif Godø Leiar av programkomiteen

Program
Presidenten og leiar av programkomiteen presenterte sitt utkast til program for hausten. Formålet med årets program er å ha eit godt program, som bidreg til å utvikle fellesskapet i klubben.
Revidert program vert lagt ut på klubben sine heimesider snarast råd.

Komitear
Presidenten presenterte sitt forslag til komitear, komiteleiarar og medlemmar. Sekretæren legg inn endeleg oversikt i medlemsnett.

«Rotaryhagen» – status og vegen vidare
Presidenten og avtroppande president ga ei statusoppdatering av prosjektet «Rotaryhagen» og kva arbeid som står att.
Klubben har per dato 160 000 kroner tilgjengeleg i prosjektmidlar, og har fått signal frå både Sparebank1 og Saniteten om at vi kan søke om meir støtte.
Medlemmane støtta styret sitt forslag om å få sett opp ei utestove i hagen i haust. Avtroppande president tek kontakt med Møre Royal for å forhandle på pris (sponsing?).
Dugnader hausten 2021 Planen er at ein i løpet hausten 2021 skal setje opp fleire blomsterkasser og potter, i tillegg til å plante blomsterlaukar i eksisterande kummar og kasser. Hagen må også ryddast og klargjerast for vinteren.
Planlagde prosjekt i hagen våren 2022 er mellom andre:
• Lage «kike-kasser» med tilhøyrande sitjeplasser
• Opparbeide ei skråning ved inngongspartiet (Rhodondendron/ bartre, blåbær etc)
• Opparbeide ein liten dam med ei bru, som kan nyttast til trening






Referat: Ingunn Hestnes (Sekretær) / Foto:Jan Einar Saunes

 

22. juni 2026

Ragnhild Velsvik Berge er ny Rotary-president

Ulstein Rotaryklubb markerte måndag 22. juni det årlege presidentskiftet med rekordstort oppmøte på Kråen Gard i Sande.

Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy

15. juni 2026

Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy

Herøy Rotaryklubb hadde ei fin markering av sitt 60-års jubileum.

Fin medlemstilvekst :)

9. juni 2026

Fin medlemstilvekst :)

Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

1. juni 2026

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

11. mai 2026

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

4. mai 2026

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

27. april 2026

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming

Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.

Vil du skal kjenne deg herifrå..

13. april 2026

Vil du skal kjenne deg herifrå..

Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

23. mars 2026

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet

Fest e kjekt

16. mars 2026

Fest e kjekt

Torskemiddag har vore ein fast tradisjon i mange år