Omvisning National Geographic Resolution

Ulstein Rotaryklubb fekk invitasjon til å kome om bord i National Geographic Resolution, som vart overlevert frå Ulstein Verft til Lindblad Expeditions Holdings Inc. den 30. september i år. Ekspedisjonscruiseskipet, som har isklasse og som er designa med X-BOW®-løysinga, reiser på jomfrutur den 17. november til Antarktis, Sør-Georgia og Falklandsøyene.
Skipet har ei moderne og delikat innreiing og dei 126 passasjerane om bord vil kunne innta eit betre måltid og nyte det arktiske lyset frå hovudrestauranten, som har vindauge som går frå golv til tak, eller på det utandørs grill- og bistrområdet.
Spa- og treningsområdet inkluderer eit yogarom, behandlingsrom, saunaer, eit treningsrom og eit avslapningsområde. I tillegg har skipet på toppdekket boblebad med glas i endeveggen for å gi uhindra utsikt bakover og to spektakulære glas-iglooar der ein kan overnatte. Om passasjerane ønsker å slappe av er det eit yogastudioet bak på dekk 8 med store glas som gir passasjerane moglegheit til å nyte naturen medan dei held på med yoga.
Det var nok fleire av dei frammøtte rotarianarane som drøymte om å få bli med dette vakre skipet på ein ekspedisjon.
Omvisinga vart avslutta med at presidenten overrekte Per Eide si bok «Lost in Norway» til reiarlaget som takk.
Meir informasjon om skipet finn du her:
https://ulstein.com/news/next-lindblad-polar-cruise-newbuild-delivered-from-ulstein












9. juni 2026
Fin medlemstilvekst :)
Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.
1. juni 2026
Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre
Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.
11. mai 2026
Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring
så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet
4. mai 2026
Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal
Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap
27. april 2026
Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming
Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming
Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.
13. april 2026
Vil du skal kjenne deg herifrå..
Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid
23. mars 2026
Orientering om Ulstein vidaregåande skule
Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet