TUSSA IKT

Steinar Hauge (t.v.) og Ivar Driveklepp (t.h.) frå Tussa IKT presenterte bedriften og den fantastiske utviklinga gjennom 20 år, der Sunnmøre blant annet har fått en rekordstor fiberdekning.
I 2002 vart det lagt til rette for å tilby breiband til innbyggjarane på søre Sunnmøre. Salet gjekk godt, utbygginga tok fart, og i 2006 kunne 95 prosent av innbyggjarane på søre Sunnmøre få breiband frå Tussa. I 2008 starta eit nytt kapittel i breibandsutbygginga, då Tussa gjorde vedtak om å byggje ut fiber. I dag er fiberdekninga i området på 95 prosent, og Tussa er i gang med utbygging til bygder som Runde, Bjørke og Dalsfjorden.
Parallelt med dette vart det satsa på IT-tenester. I 2003 kjøpte Tussa selskapet Netway og etablerte ei avdeling i Ålesund. Seinare vart selskapet Tussa IKT oppretta, for å ta hand om både breibandssatsinga og IT-satsinga til Tussa.
I dag har Tussa IKT om lag 80 tilsette, og tilbyr i tillegg til høghastigheits internett og digital-TV frå Telia, profesjonelle IT-tenester frå eit topp moderne og miljøvenleg datasenter i Hovdebygda. IT-tenestene blir selt til næringslivet primært i Møre og Romsdal, men også til andre delar av landet.

21. september 2020
Kjell Olav Kleppe - « SJØLVPRESENTASJON - EIT AKTIVT LIV»
Kjell Olav Kleppe heldt eit spennande og interessant føredrag. Han fortalde om oppvekst, utdanning, yrkeskarriere, interesser, og krydra det med historier
14. september 2020
Guvernørbesøk
Guvernørbesøket fann stad på Thon hotell i Fosnavåg. Hareid, Herøy og Ulstein Rotary hadde kvar sine møte med DG Roald Fiksdal.
7. september 2020
Stølsdrift på Hareidlandet
Rotarymedlem Stig S. Riise holdt en engasjert presentasjon om stølsdrifta på Hareidlandet tidlig på 1900-tallet.
Sjå presentasjonen her.
31. august 2020
TANGO Seaweed v/Annelise Chapman
«Mer enn fisk i havet – sunne og næringsrike matprodukt fra den blåe åkeren»
24. august 2020
Første møte i Rotaryåret 2020/2021
President Lidun Hareide ledet med glans det første medlemsmøtet i Rotaryåret 2020/2021 - Vi ser fram mot en innholdsrik høst!
23. august 2020
Rotaryåret 2020/2021
Det spanande haustprogrammet til Ulstein Rotaryklubb er no klart!
29. juni 2020
Presidentskifte
Årets presidentskifte ble feiret med nydelig middag og flere foredrag på idylliske Skotholmen i Herøy.
22. juni 2020
Frå kontinuitet til vendepunkt
Ragnhild Velsvik Berge hadde ordet denne dagen, - i ein kombinasjon av å presentere seg sjølv, yrket sitt og det sjølvvalte temaet «frå kontinuitet til vendepunkt»
18. juni 2020
Informasjonskilt for Høddmonumentet
En dugnadsgjeng fekk i dag satt siste hånd på verket ved å montere informasjonskiltet om Høddmonumentet!
15. juni 2020
Overrekking av Bugardhuken, Lisjevatnhuken og Høddmonumentet
Bjørn Gunnar Tafjord - President i Ulstein Rotaryklubb
overrekte formelt Bugardshuken Lisjevatnhuken og
Høddmonumentet til Ulstein Kommune.
Sjå video fra overrekkelsen, med innlegg også frå Ordførar og Kultursjef i Ulstein Kommune