TUSSA IKT

Steinar Hauge (t.v.) og Ivar Driveklepp (t.h.) frå Tussa IKT presenterte bedriften og den fantastiske utviklinga gjennom 20 år, der Sunnmøre blant annet har fått en rekordstor fiberdekning.
I 2002 vart det lagt til rette for å tilby breiband til innbyggjarane på søre Sunnmøre. Salet gjekk godt, utbygginga tok fart, og i 2006 kunne 95 prosent av innbyggjarane på søre Sunnmøre få breiband frå Tussa. I 2008 starta eit nytt kapittel i breibandsutbygginga, då Tussa gjorde vedtak om å byggje ut fiber. I dag er fiberdekninga i området på 95 prosent, og Tussa er i gang med utbygging til bygder som Runde, Bjørke og Dalsfjorden.
Parallelt med dette vart det satsa på IT-tenester. I 2003 kjøpte Tussa selskapet Netway og etablerte ei avdeling i Ålesund. Seinare vart selskapet Tussa IKT oppretta, for å ta hand om både breibandssatsinga og IT-satsinga til Tussa.
I dag har Tussa IKT om lag 80 tilsette, og tilbyr i tillegg til høghastigheits internett og digital-TV frå Telia, profesjonelle IT-tenester frå eit topp moderne og miljøvenleg datasenter i Hovdebygda. IT-tenestene blir selt til næringslivet primært i Møre og Romsdal, men også til andre delar av landet.

8. september 2025
Bedriftsbesøk hos Island Offshore
Trond Hauge og Andre Almestad tok vel imot oss på administrasjonsbygget på Stålhaugen i Ulsteinvik. Dei presenterte selskapet, drifta og aktuelle prosjekt.
1. september 2025
Erfaringar frå reklamebransjen i New York
Henrik Bakke Hareide delte sine erfaringar frå 9 år i Amerika
25. august 2025
Bedriftsbesøk hos Brimer
Lauritz Skeide orienterte om Brimer der han er sals- og markedssjef
18. august 2025
Det nye rotaryåret er i gang
President Stig S Riise presenterte sine mål for det komande rotaryåret
19. juni 2025
Presidentskifte
President Thor Martin Eidem takkar for seg og overlet roret til Stig Sandanger Riise.
Vi feiret med nydelig fiskesuppe på Quality Hotel Ulstein
26. mai 2025
SISTE NYTT FRÅ KLUBBEN FOR DENNE PERIODA
Ulstein Rotary Klubb heldt medlemsmøte måndag 26. mai 2025, der fleire viktige saker vart drøfta og vedtekne. Møtet markerte starten på avslutninga av Rotary-året 2024/2025 og førebuingane til det komande året.
19. mai 2025
Ordførar med innsiktsfullt foredrag om kommuneøkonomi og beredskap
Ulstein Rotaryklubb fekk måndag 19. mai besøk av ordførar Stian Skorgen Scheide, som heldt eit engasjerande og innsiktsfullt foredrag om tilstanden og utviklinga i Ulstein kommune – med særleg vekt på økonomi, demografi og beredskap.
19. mai 2025
Å VANDRE PILGRIM
Leiv Arne Grimstad, en erfaren fjellvandrer og forfatter, delte inspirerende opplevelser fra sine pilegrimsvandringer i flere europeiske land, inkludert Norge, Island, Skottland, Frankrike, Spania og Italia.
28. april 2025
SPORSTØL ARKITEKTER
Ulstein Rotaryklubb hadde gleden av å besøke Sporstøl Arkitekter, hvor daglig leder Ingvill Arhaug Bovill, sammen med Kristian Sporstøl og Arnfinn Sporstøl, presenterte firmaets imponerende prosjekter.
7. april 2025
SIVILFORSVARET
Denne kvelden fekk medlemmane i Ulstein Rotaryklubb høyre ei grundig og tankevekkande presentasjon om Sivilforsvaret si rolle i Noreg.