TUSSA IKT

Steinar Hauge (t.v.) og Ivar Driveklepp (t.h.) frå Tussa IKT presenterte bedriften og den fantastiske utviklinga gjennom 20 år, der Sunnmøre blant annet har fått en rekordstor fiberdekning.
I 2002 vart det lagt til rette for å tilby breiband til innbyggjarane på søre Sunnmøre. Salet gjekk godt, utbygginga tok fart, og i 2006 kunne 95 prosent av innbyggjarane på søre Sunnmøre få breiband frå Tussa. I 2008 starta eit nytt kapittel i breibandsutbygginga, då Tussa gjorde vedtak om å byggje ut fiber. I dag er fiberdekninga i området på 95 prosent, og Tussa er i gang med utbygging til bygder som Runde, Bjørke og Dalsfjorden.
Parallelt med dette vart det satsa på IT-tenester. I 2003 kjøpte Tussa selskapet Netway og etablerte ei avdeling i Ålesund. Seinare vart selskapet Tussa IKT oppretta, for å ta hand om både breibandssatsinga og IT-satsinga til Tussa.
I dag har Tussa IKT om lag 80 tilsette, og tilbyr i tillegg til høghastigheits internett og digital-TV frå Telia, profesjonelle IT-tenester frå eit topp moderne og miljøvenleg datasenter i Hovdebygda. IT-tenestene blir selt til næringslivet primært i Møre og Romsdal, men også til andre delar av landet.

28. juni 2010
Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet
Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes
26. april 1963
Charterfesten 26 April 1963
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963