The Rotary Foundation (TRF)
Gunnar Kvalsund (t.h) er godt kjend for klubben gjennom sitt store engasjement i Rotary. Han har mellom anna vore distriktsguvernør, og er no distriktsrepresentant for Rotary Foundation. Kvalsund er fosnavågar, men busett på Vigra og medlem i Giske Rotaryklubb.
Kvalsund innleia sin presentasjon med å gratulere klubben med å ha fått Påtroppande distriktsguvernør. Han oppmoda klubben om å støtte Lidun Hareide i hennar verv, og om å førebu seg på å arrangere distriktskonferanse.
TRF kapitalen til Rotary, og det systemet som vert nytta for å finansiere organisasjonen sine mange prosjekt ute i verda og lokalt. I følgje Rotary sin grunnleggjar, Paul Harris, er Rotary det Rotary gjer. Rotary består av 1.22 millionar medlemmar på verdsbasis, med cirka 50 000 klubbar fordelt over 200 land.
Sjølv om The Rotary Foundation og Rotary er to separate organisasjonar, med eigne styre, så jobbar dei saman mot felles mål. TRF er kapitalen og fondet, medan Rotary organiserar aktiviteten opp mot klubbane. Mottoet til TRF er «Doing good in the world”, og for å få tildelt Global Grant, må prosjektet vere innanfor eit av fokusområda til fondet som er:
· Fred og konfliktforebygging /-løysing
· Sjukdomsførebygging og behandling
·
Vatn og
sanitær
·
Barne-
og mødrehelse
·
Grunnutdanning
og leseferdighet
·
Økonomi-
og samfunnsutvikling
·
Miljø og
naturvern
Den såkalla Rotary Grants-modellen er delt inn i Global (globale tilskot) og District Grants (distriktstilskot).
Globalt Grant støttar store internasjonale aktivitetar med berekraftige, målbare resultat innanfor eit eller fleire av dei sju fokusområda som nemnde ovanfor. For å få tildelt Globalt Grant er det ei rekke krav som må vere stetta, som mellom anna at prosjektet må:
·
Vere eit
internasjonalt partnerskap mellom rotarydistrikt og/eller rotaryklubb i landet
der prosjektet gjennomførast, og ein Rotary klubb eller distrikt utanfor dette
landet. Den klubben som søker om tilskotet er anvvarleg for prosjektet og at
det er i samsvar med krava.
·
Inkludere
målbare mål som dokumenterast gjennom framdriftsrapportar.
·
Være i
samsvar med minst ett av Rotarys syv fokusområder.
·
Dekke
reelle behov i samfunnet.
·
Ha eit
totalt budsjett på minst USD 30.000.
· Oppfylle dei generelle krava for å få tilskot
Ein kan søke The Rotary Foundation om tilskot gjennom heile året. Søknaden er elektronisk (online), men må gå igjennom ein kvalifiseringsprosess der distriktet anbefalar og innstiller prosjektet til Rotary International, som er godkjennar.
District Grant – (Distriktstilskot)
Denne tilskotsordninga støttar mindre, kortsiktige aktivitetar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er ein enklare søknadsprosess enn for Global Grants. Frist for søknader er 15. nobember kvart år.
Meir informasjon om TRF finn du her: https://www.rotary.no/no/rotaryfondet-trf
Kvalsund oppmoda Ulstein Rotaryklubb og medlemmane om å auke sitt bidrag til TRF. Gjennomsnittet til klubbane bør ligge på 30 USD per medlem per år. I tillegg kan kvart enkelt medlem gje ein donasjon digitalt ved å gå inn på Rotary si heimeside, der ein mellom anna kan velje betaling via automatisk trekk på bankkonto: https://www4.solidus.no/SolidusUser/avtalestraks/35A7B50C-E391-4B93-871E-E5CD9730672C
https://www.rotary.no/no/trf-the-rotary-foundation
Kvalsund orienterte også om at det er mogleg å gje donasjonar til Ukraina innan 30. april via Rotary sitt Disaster Fond: https://rotary.no/no/nyhetsdetaljer/301#
Fullt møtereferat på medlemsnett
20. juni 2022
President Thor Martin Eidem overlet roret til Innkomande President Arnfinn Godø
30. mai 2022
Denne kvelden fekk Ulstein Rotaryklubb besøk av Brian Tsuyoshi Takeda, grunnleggjar og administrerande direktør i det globale selskapet Urchinomics, som har hovudkontor i Ulsteinvik.
23. mai 2022
Kaffimøte med sjokolade og diskusjoner om framtidige prosjekt. Flott tur rundt Osberget for å inspisere stien som kanskje snart har behov for litt ny omsorg.
9. mai 2022
Stig Ole Borgundvåg heldt eit lærerikt foredrag om Rotary Medlemsnett og My Rotary.
25. april 2022
Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde fortalde om korleis ho opplevde pandemien.
4. april 2022
President Thor Martin Eidem presenterte etterføljaren sin Stian Sunde Karlsen i BDO. Etter det gav han oss ein god leksjon i Skattemeldinga, og endringane som gjelder for 2021 - samt det som kjem for 2022.
28. mars 2022
Gunnar Kvalsund er godt kjend for klubben gjennom sitt store engasjement i Rotary. Han har mellom
anna vore distriktsguvernør, og er no distriktsrepresentant for Rotary Foundation.
21. mars 2022
Njål Vikanes fortalte om Franklins mislykka ekspedisjon til Nordvestpassasjen med musikk og innlevelse.
8. mars 2022
En herlig dugnadsgjeng sørger for at Rotaryhagen vil bugne med blomster gjennom våren og sommaren