Åpning av Rotaryåret 2022/2023
Avspark nytt Rotaryår
Arnfinn Godø ønskte velkomen til nytt Rotaryår 2022-2023 og viste fram utkast til presentasjon som Synnøve Riise har utarbeida i høve besøket frå Distriktsguvernør Gunhild Aalstad 29.08.22.
Styret har møte med DG kl. 18:00-19:00 og det vert fellesmøte for alle medlemmar kl. 20:00.

Komiteleiarar:
- Medlemskapskomité: Stig Sandanger Riise
- Ungdomsarbeidskomiteen: Eldrid Anne Vik
- Informasjons- og kommunikasjonskomité: Stig Ole Borgundvåg
- Lokal/regional prosjektkomité: Otto Kjetil Nytun
- Internasjonal prosjektkomité/TRF: Thor Martin Eidem
- Fest- og kameratskapskomité: Ragnhild Velsvik Berge
- Programkomité/styremedlem: Njål Vikanes
Komande aktivitetar:
- 22.08.22: Kaffemøte
- 29.08.22: Besøk frå Distriktsguvernør. Fellesmøte kl. 20:00-21:00. Adresse: Sanitetshuset, Sjukeheimsvegen 3, Fosnavåg.
- Ein busstur på den nyåpna vegen til Nordøyane 04.09.22 er planlagt - medlemmene melder tilbake på SPOND eller på E-post til Njål interesse for dette.
Dersom medlemmar har gode idear til program er det
berre å ta kontakt med komiteleiaren.
Prosjekt 2022-2023:
1. Rotaryhagen vil bli ferdigstilt i løpet av året og vi har forplikta oss til 2 dugnader i året – vår/haust.
2. Klubben jobbar no med eit prosjekt retta mot den yngre garde (Meir info i fullt møtereferat som du finn i Members Media)
Presentasjonen inneheld ellers følgande høgdepunkt:
- Ulstein Rotaryklubb
fyller 60 år 26.04.23
- Klubben sine mål og
planar for 2022-2023, samt spesifikke handlingsplanar for kvar enkelt
komite
- Paul Harris Fellow – 13 utdelte og 2 tilgjengelege for utdeling.
Endeleg presentasjon vil bli lagra på Members Media.
Her følger ein link på korleis ein får tilgong til Members Media: Praktisk info | Ulstein Rotaryklubb
Referat: Synnøve Riise (Kasserer) / Bilder: Jan Einar Saunes / Web: Stig Ole Borgundvåg (CICO)
2. juni 2014
På besøk hos Hareid Rotaryklubb
Ulstein Rotary på besøk og servering hos Hareid Rotary då vi fekk sjå på deira flotte prosjekt: "Rotarystien".
Video: Jan Einar Saunes
28. juni 2010
Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet
Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes
26. april 1963
Charterfesten 26 April 1963
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963