Web Analytics Made Easy - StatCounter

Ulykka i Vesterisen 1952


Ulykka i Vesterisen 1952

Rekordoppmøte av medlemmer for å høyre Johannes Alme!

Spent gjeng som satt klar for å høyre om påskeorkanen i Vesterisen frå 1952. 79 mann kom aldri tilbake. 45 sakna frå Troms og 34 frå Sunnmøre. Dette er et trist minne frå ishavnæringa. 


Tekst av Johannes Alme: 

Vesterisen med sin polarbaks, oddane og strimlane som kjem drivande mot sør, er ikkje konstant i si oppbygging. Når pålandsvinden set inn frå aust, vert dei drivande ismassane pressa saman. Oddane og strimlane vert til eit einaste samanhengande kvitt teppe som brer seg heilt inn til polarbaksen, og det oppstår ein rett kant imot sjøen. Denne iskanten vert kalla tett stråkant. Så snart vinden kjem frå Aust-Grønland, vert det på nytt danna oddar og strimlar. Vert denne vinden langvarig, driv isen raskt utover og det oppstår ”fordelt is”, som kan forville seg langt til havs. Den vinden selfangarane likar best, er enten med eller mot straumen. Under slike forhold er oppbygginga av strimlar og oddar rimeleg stabil. Når is er i drift, er det den største og tyngste isen som driv raskast. Eit isfjell er alltid ustoppeleg, og råka etter isfjellet avslører kva veg straumen går.

Om ein fangar eller leitar etter fangst, er ein alltid på vakt med omsyn til vind og barometertrykk. Vind frå nordaust gjer at oddane kan klappe saman, og om skuta er inne i ei slik bukt, kan ein verte sett fast i den tettpakka baksen og fryse inne. Nordausten er kald; den går med straumen, og drivisen får stor fart. Nordausten lagar strak kant og er den sterkaste, og også den farlegaste, vinden på dette feltet. Trass i alle hjelpemiddel som er i dag, har alle skipperane eit nærmast heroisk forhold til barometeret. Det reagerer med ein gong, og det som ikkje dét viser, kan ein sjå av skyene, vart det sagt tidlegare. Når stormen kom, var det viktig å finne eit avhald, dvs. ein plass der det er lite dønning, samstundes som det ikkje måtte vere så langt inne i isen at ein risikerer å verte fast. Påskestormane i Vesterisen var meir eller mindre årvisse; det var liksom ikkje påske før ein hadde hatt ein storm. 

Vesterisen 1952

 

24. mars opna fangsten. I 1952 var skutene som fanga i Vesterisen treskuter med ein størrelse frå knappe 70 fot og opp til om lag 120 fot. Like eins varierte motorstorleiken frå 60–70 til 400–500 hk. 

Allereie 23 mars forliste Tjørvågskuta «Vestis». Isen tok tak i roret og rorkjettingen rauk, skuta vart liggande i råka og isen sette saman og tok til slutt heile skuta. Etter ein tøff marsj over isen vart mannskapet plukka opp av ein fangstbåt frå «Sjannøy». Alle mann vart berga. 

Ein del skuter gjorde tidleg brukbar fangst av blueback og klappmyss. Sidan hadde dei fleste skutene leita etter Grønlandsselen og dei nyfødde kvitungane. Nokre kom over enkelt nykasta, men ingen fant det store selkastet. 

Tromsøskuta «Ringsel» hadde vore taus lenge, nokre visste at den gjekk vestover(sør). Fleire diskuterte om dei skulle ta turen vestover og sjå om der var noko å finne. Langt sørvest i Vesterisen er ein stygg plass, der er ofte største isen, hard avvaska blåis, og sterkaste vinden. Kjem uveret er der typisk stråkant utan gode avhald. 

Ein del skuter tok sjansen og gjekk vestover. Før dei kom så langt at dei fant fangst, snudde dei fleste, mellom andre «Polstjerna», «Myregga» og «Asbjørn». Vartdalskuta «Buskø» og Tjørvågskuta «Pels» var blant dei som ikkje snudde. Dei heldt fram vestover. Dei gjekk seg rett inn i bluebackfangst. Ein veit med sikkerheit at der var samla seks skuter langt vest, i tillegg til Sunnmørsskutene var det «Vårglimt», «Brattind» «Ringsel» og «Arild», alle frå Troms. 

«Ringsel» skipper Terje Johnsen, hadde fangsta godt og var nærmast lasta når barometeret falt. Far til Terje, Julius Johnsen, var skipper på «Polis». Dei to prata når uveret hadde kome. Julius visste godt at «Ringsel» ikkje var ei spesielt god skute, så han var litt bekymra. Svaret Terje gav, var at dei var så godt som lasta og hadde funne eit godt avhald, så det var ingen fare. Desse orda var dei siste Julius høyrde frå sonen. 

Ishavsskutene «Fangstmand» - skipper John Nedrelid, og «Eskimo» - skipper Bernt Brandal, var begge på tur vestover. Begge skutene snudde når vinden auka og barometeret fall. 

I ettertid har det også synt seg at vêrmeldingane som vart sendt ut, først meldte for svak vind, for så å oppgraderte til storm og orkan etter vinden hadde vore på det sterkaste. Fenomenet polart lågtrykk vart først oppdaga på 60-talet når vêrsatellittane kom til. Dei er vanskelege å føresjå og med det også vanskeleg å melde. Det er ingen tvil om at 1952-stormen var danna av polart lågtrykk. 


Hovudtyngda av ishavsflåten låg nord(aust) i Vesterisen, i området kring Jan Mayen. Dei alle merka stormen, kulden og isinga. Som tidlegare peika på var det enklare å finne gode avhald lenger aust, så dei skutene som var i området nord for Jan Mayen når stormen kom, gjekk ut gjennom isen og fant seg gode avhald, der risikoen for å verte sette inne og med det verte faste var liten. 

Skutene lengst vest fekk stormen først og sterkast. Den andre april hadde dei fangsta blueback i gode forhold. Då dei gjekk til ro, var det i tru på at dagen etter vart ein ny god fangstdag. I løpet av natta falt barometeret raskt og vinden kom. Det vart snøkave og temperaturen falt. 

Dei seks skutene som låg lengst vest var «Pels», «Buskø», «Vårglimt», «Brattind» «Ringsel» og «Arild». Av desse var «Buskø» den klart største. I ettertid har det kome fram at «Buskø» hadde skade på propellen og ikkje kunne bruke full maskinkraft.

Desse skutene fekk været først, og dei måtte finne seg avhald. Første døgnet hadde dei truleg bra avhald, men set vi saman den vesle informasjonen vi har, så synes det som om at den fjerde april har avhaldet minka eller forsvunne. Skipper Aksnes på «Furenak» prata då med skipper Karsten Brandal på «Buskø», han sa då at no slører dei, altså har dei gitt opp avhaldet og er på veg til havs. Denne samtalen overhøyrde også førsteskyttar Angel Brandal på «Eskimo». 

Snart er uveret over heile Vesterisen. Det er slutt på fangstinga, no gjeld det å finne gode avhald, og halde skutene mest mogleg rein for snø og is. Frå kuling aukar vinden til storm og orkan. Temperaturen er ned i -30 grader Celsius. Og det bles valdsamt. Mannskapa høyrer den kraftige susinga i lufta, ulinga frå vinden i riggen og på skutene som ligg nærmast lågtrykket har folka eit sterkt trykk i trommehinnene. Skutene vaktar på avhaldet, og ikkje minst på teikn til at det forsvinn eller riv i frå fastisen. Om avhalda forsvinn må skutene finne nytt, og då er det ut i havet og gå mot vinden. Det er maskinkrafta som avgjer kor godt det lykkast. 

Stormen herjar over Vesterisen i mange dagar. 

Om bord «Flemsøy» om kvelden 7.april. 


Mange av skutene som ligg lengst nordvest i Vesterisen ligg samla. Trass i sterk vind, ligg «Brandal» på sida av «Flemsøy», og om kvelden den 7. april går skipper Johannes M Brandal og student Per Øynes frå «Brandal» på besøk til skipper Karl Brandal på «Flemsøy». Dei to skipperane drøftar stormen og Karl Brandal nemner at det er elnge sidan han har høyrt frå «Buskø» og «Pels», og at han er bekymra. Johannes Brandal trur ikkje noko kan ha hendt med «Buskø» som var ei om lag like god skute som «Brandal». Karl Brandal roper på dei to skutene, men får ikkje svar. Etter kvart er der andre skuter som ropar på «Ringsel», «Vårglimt» og «Brattind». Med den sterkaste radiosendaren i heile Vesterisflåten vert det etter kvart Karl Brandal som ropar på alle dei sakna skutene. Men i eteren kjem det ikkje anna enn susing. 

8.april 

Dagen etter, den 8.april om kvelden kom Siglufjord radio på Island og spurte om det er noko gale, dei hadde lytta til den store radiotrafikken. Karl Brandal bekrefta då at fem skuter var sakna. Siglufjord foreslår at dei kontaktar den amerikanske flybasen på Keflavig og ber om at fly vert sendt ut for å leite etter dei sakna skutene. I løpet av natta klarte Karl Brandal via kontakt med andre skuter å gi oppdatert informasjon til Island over kvar skutene som ikkje var sakna låg. Det vart også gjeve instruksjonar om at det for det meste måtte leitast sør for dei skutene som ikkje var sakna, både i isen og i sjøen. 

Den dagen, 8.april kom «Ungsel» «Selfisk» og «Arild» til Island. 

Ut på natta kom også Tromsø radio med spørsmål om det var noko gale, dei hadde fanga opp stor radiotrafikk, men hadde ikkje heilt fått med seg årsaka. Karl Brandal var varsam i svaret han gav. 

Dagen etter, den 9. april, var to amerikanske, eit islandsk og eit dansk fly på leit. Dei amerikanske flya landa og meldte frå om at dei ikkje såg noko skute sør for dei ikkje sakna skutene. Flya vart beordra i lufta igjen. Ishavsskutene «Polstraum» og «Furenak» meldte frå at dei trakk seg frå fangsten og gjekk på leiting etter dei sakna skutene. Skipper Osvald Lillenes på «Polstraum» var bror til skipper Olaf Lillenes på «Pels». 

Langfredag 11. april , var åtte fly – seks amerikanske, eit islandsk rutefly og ein dansk Catalina på vingane over Vesterisen og Danskestretet. Offisielt var seks skuter tekne ut av fangsten for å leite, i praksis var det nok fleire skuter som gjorde seg ærend vestover for å ta del i søket. Det var klar luft og god sikt. Stundom såg flymannskapet fotspor på isen, då måtte dei gå lavt ned, kvar gong vart dei skuffa, det var spor etter isbjørn. Like så når dei såg mørke skapningar på isen, måtte dei gå så langt ned at dei kunne slå fast at det var selskrottar og ikkje menneske som låg der. Flya leitte over eit stort område, frå sørlege delen av Vesterisen ned Danskestretet og langt til havs. Ingen funn som kunne knytast til dei fem sakna skutene vart gjort. 

Det gjekk etter kvart opp for alle i Vesterisen at dette mest truleg var ei ufatteleg stor tragedie som hadde råka kameratane og næringa deira. 

Resultatlaus leiting. 

Korkje leitinga med fly eller skuter gav resultat. Første påskedag, den 13 april går dei to korvettane KNM "Sørøy" og KNM "Nordkyn" ut frå Tromsø med kurs for Vesterisen. Dei skal leite frå isen og vidare vestover. Flyleitinga held fram.

 Andre påskedag rapportera eit av flya om ein oljetank og ein del treverk i området mellom 64 og 65 grader N og 30-35 grader V. 

Korkje korvettane eller flyleitinga gjer funn som kan knytast til dei sakna skutene. 

Skutene som er på heimveg frå Newfoundland, går opp langs kysten av Grønland, skutene frå nord går nord om Island for å søke, utan resultat. 

Heime er sjølvsagt dei pårørande i sjokk og fortvila. Det vert framleis leita. I kyrkjene vert dei sakna teke med i bøner. Medan synske folk fortel at dei ser overlevande som vandrar på isen. 

Selfangstskutene «Norland I» og «Polarsel» vert leigd inn for å saumfare isen og kysten langs Grønland vestover, Ottar M Brandal var skyttar og han har fortalt korleis dei gjekk inn og ut buktene og fylgde  iskanten like ned til Kapp Farvel og opp til Jan Mayen. 

I fem veker søker dei to skutene. Det einaste dei finn er ein leider og ei romluke som truleg kom frå ei av dei sakna skutene frå Troms. 

Etter kvart som ishavsskutene kjem heim, vart det spørsmål om kva som har skjedd, og om det framleis var håp om å finne dei sakna.

 Ishavsskuta Arild: 

Ishavsskuta «Arlid» som var blant dei seks skutene som låg lengst vest, kom til Island den 8. april.

 Både skipper Werner Willhelmsen og  fangstmann Kåre Nilsen på «Arild» har fortalt om den ville ferda frå Vesterisen til Island. 

Ut på natta 4. april synes det som om avhaldet skutene ligg i forsvinn, det er stor is att og dønningen veks. Skutene har problem med å gå mot vinden som no er oppe i orkan styrke. Mange stygge brotsjøar skyl over skuta, og både skipper og skyttarane fryktar at skuta skal verte brekt ned. Det vert gjeve ordre om å fylle olje i bølgjedemparane og hengje desse ut akterut på skuta. (Bruk av olje som bølgedempar er ein måte å avgrense sjøgangen, mindre brottsjø og bevegelse frå bølgene. Oljen legg seg som ei tynn hinne over vatnet, som reduserer overflatespenninga, som hindrar bølgene frå å sette kam og bryte.) Skipperen ser at han neppe klarer å halde skuta opp imot vêret særleg lenge, så han bestemmer seg for å snu skuta for å få henne på lensing. Men før dei kjem så langt, får dei seg eit stygt brott som sender skuta langt nedover havet, og det er så vidt skuta klarer å løfte seg opp att. Og kjem skuta på sida, vil det truleg berre ta ei kort tid før sjøen knuser brua og anna som er over vatn. Først prøver dei å få skuta rundt, for å få henne unna vinden, men ho vil berre grave seg ned i havet. I siste liten får skipperen gjeve ordre om stopp i maskina; om ikkje hadde skuta gått seg ned gjennom havet. I staden klarer dei med å gi full fart akterover å få akterenden opp mot vêret, og på det viset klarer dei å få skuta unna vinden. 

Før ”Arild” kom over på lensinga, ser Kåre Nilsen ”Vårglimt” i le. «Den køyrer motoren så det står tung svart røyk ut av skorsteinen, likevel ligg skuta på sida av vêret. Det er ei stor skute, men dette ser ut til å vere meir enn kva motoren og skuta kan klare. Førsteskyttaren om bord i ”Arild” Ibert Mathisen, som hadde vore skipper på ”Ringsel” i fleire år, er sikker på at dette vêret er meir enn den skuta kan tole. Han hadde sjølv slutta fordi han meinte skuta ikkje var eigna til å vere i Vesterisen. Også ”Brattind” ser dei så vidt gjennom sjøroket. Skuta vert slengt frå side til side, og dei ser noko mørkt som flagrar gjennom lufta, truleg var det ei romluke. Om det stemmer, er det nok berre kort tid att før den er fylt med sjø og vil forsvinne nedgjennom havet. 

Etter nokre timar med lensing vert Kåre Nilsen og tre andre menn sende bak på hekken for  å ordne med bølgjedemparane, slik at ein kan få meir effekt av desse. Det vart stille, og dei to på babord side kjem seg inn, men dei to på styrbord, vart tekne av sjøen. Ein mann vert hengande fast i jollevaieren og kasta om bord att i skuta, mens den siste forsvinn i det opprørte havet. 

Formasta brotnar av, øvste delen med tønna kjem ramlande i dekk, så alle trur dette er spikaren i kista. Karane vert sende ut på dekk for å surre mastretoppen og bøte dekket, og dei finn at dekket er heilt. Materialen i dekket skulle vere av bongossi(hardt tremateriale) , og det har ikkje vorte knust av mastra, til karane si store undring. 

«Ein mann hadde brekt lårbeinet og låg framme, men han ville akterut heile tida, så lugarkappedøra stengte vi frå utsida så han ikkje skulle kome seg ut på dekk. Vi surra tau rundt kappa. Han ville aldri kome seg levande akterover.»

 Etter nokre døgn spaknar vinden, og sjøen roar seg så pass at dei begynner å få trua på at det finns ei berging. Skuta  var 150 nm sør av Reykjanes langt på veg ned i Atlanterhavet. Dei går imot Island i eit og eit halvt døgn, så er dei under Reykjanes på Island, ytterlegare eit halvt døgn før vi kom til Arnafjordur og vidare til ein plass som heitte Bildudal. Dette var då tre døgn etter dei gjekk frå iskanten. 

Skuta ”Arild” var opphavleg tysk og heitte ”Sachen”. Det var ei sterkbygd skute, og hadde luftinntaket oppe på motoren. 

I boka «Ein gong ei ishavsbygd» har Osvald Lillenes – skipper på «Polstraum» i 1952 og bror til skipper Olaf Lillenes på «Pels», delt sine tankar om kva han trudde hendte med «Pels». «Polstraum» var også på veg vestover, men snudde. Han trur «Pels» og dei andre fem skutene låg i synste enden av ein stor isodde og fanga. Når uveret kom gjekk dei inn i odden og hadde godt avhald. Det Osvald Lillenes seier er at han meina odden har slitna frå fastisen i rota, og utan at dei seks skutene var klar over det, var dei saman med odden på veg til havs. Etter kvart som stormen og dønningen åt opp odden forsvann småisen og det var berre stor avvaska blåis att. Hans teori var at skutene var sette inne, og dei vart knuste av store surfande isflak. 

«Polstraum» og «Furenak» var dei første to skutene som offisielt starta å leite. Osvald Lillenes fortel at dei leita langt vestover, og at «Polstraum» gjekk ut gjennom havet, der dei trudde dei såg ei islysne. Det stemte, og den isen dei møtte var stor og tung.  Osvald Lillenes tenkte då at dette var restane av den odden skutene hadde lagt i. Når desse store isflaka tørna saman kunne dei knuse ei skute til pinneved. Det som var att var berre store avvaska livlause flak. «Polstraum» snudde og gjekk austover att. 

Alvoret forstod vi alle når ”Arild” kom til Island og melde frå

I samband med arbeidet med boka «ishavsfolk si erfaring» intervjua eg Bernt J Brandal – skipper på «Eskimo» i 1952. Han sa det veldig enkelt: «Alvoret forstod vi alle når ”Arild” kom til Island og meldte frå.» 

Tekst av Johannes Bjarne Alme 

Sjå også: https://www.ishavsmuseet.no/blogger/paskeorkanen-i-vesterisen-1952/

Video frå minnemarkeringen: Videolink

Kjelder:

«Alarm i Vestisen» Nystrøm og Øynes. Strukturen i artikkelen er henta frå denne boka.

«Ishavsfolk si erfaring» Alme

«Når storstormen rasar» Ishavsmuseet

«Ishavsskutenes historie II» Odd Magnus Heide Hansen

«Ein gong ei ishavsbygd» Richard Bergh

Samtale med Ivar Vartdal 05.02.2020

Samtale med Petter Gudleik Liavåg 13.01.2020

Samtale med Paul Stark 17.01.2007

Samtale Bernt J Brandal 10.11.2006

Samtale Arnljot Brandal 07.11.2006

Opptak av Kåre Nilsen frå Odd Magnus Heide Hansen sitt arkiv.

Korrespondanse med Idar Eklund 2021 og 2022

Korrespondanse og telefonsamtale med Tor Arne Jakobsen 18.01.2022

 

 Referat v/Elisabeth Tuvnes – Skriver.

 

 


 
Glad dugnadsgjeng i Rotaryhagen

6. mai 2024

Glad dugnadsgjeng i Rotaryhagen

Glad dugnadsgjeng i Rotaryhagen – klargjøring av hagen for 17 mai og sommeren 2024.

Distriktskonferansen 2024/2025

1. mai 2024

Distriktskonferansen 2024/2025

Velkommen til Ulsteinvik 27-29 september 2024

NORSK LOSHISTORIE 1720-2020

15. april 2024

NORSK LOSHISTORIE 1720-2020

Foredrag/boklansering ved Ola Teige om Norsk Loshistorie 1720-2020
Lærerikt og interessant om utviklinga av lostjenester på kysten vår.

MEDLEMSFOREDRAG

8. april 2024

MEDLEMSFOREDRAG

Medlemsforedrag holdt av Monica Småge Skeide som varmt
delte sin historie og betydningen av fellesskap, familie
og faglig utvikling i livet sitt.

Bedriftsbesøk hos Hyperthermics

18. mars 2024

Bedriftsbesøk hos Hyperthermics

Bærekraftig miljø for fremtidige generasjoner..Foredrag holdt av CEO Harald Nordal

Sparebank 1 SMN - Ulsteinvik

11. mars 2024

Sparebank 1 SMN - Ulsteinvik

På kveldens møte med Sparbank 1 SMN i Ulsteinvik ble det lagt stor vekt på framtidsfullmakt

KVINNEDAGEN  8 mars 2024

9. mars 2024

KVINNEDAGEN 8 mars 2024

Også i år var det markering på SUFH for å markere kvinnedagen.
Kvinnene i Hareid og Ulstein stimla til kvinnedagsmarkeringa fredagskvelden, i regi av Ulstein Rotaryklubb.

TORSKEMIDDAG

4. mars 2024

TORSKEMIDDAG

Torskefest med Ulstein Rotaryklubb på Quality Hotel Ulstein. Mandag 4 mars, klokka 19:30

TEAM WARHOLM - INTERCITYMØTE

12. februar 2024

TEAM WARHOLM - INTERCITYMØTE

Intercity møte mandag 12 februar. På besøk til Hareid Rotaryklubb i sammen med Herøy Rotaryklub. Foredrag av Kristine Haddal, manager Karsten Warholm og daglig leder for Sunn Vekst AS.

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE (SUFH)

5. februar 2024

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE (SUFH)

Kanskje landets fineste Folkehøgskule? «Forvent mykje, få meir». Omvisning og presentasjon holdt av rektor Arnt Ole Grimstad.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...