Besøk på det nye helsehuset på Hareid

Klubbmedlem
og kommunedirektør på Hareid, Ragnhild Velsvik Berge viste oss rundt i bygget.
Kommunen har med dette bygget fått samla fleire
viktige funksjonar i same bygg, og det er eit bygg for framtida.
Helsehuset
er på 5200 m2 inkludert parkeringsgarasje, og kosta 160 mill eksl mva.
Overskuddsvarmen
frå Batterihuset til fergene gjev varme (9-10 grader) inn til varmepumpe, både
til Helsehuset og Rådhuset. Huset bruker ca. 90 kWh/m2 noko som seier at her er
veldig lave oppvarmingskostnader. Eit avansert SD-anlegg gir full
kontroll på mange ulike tekniske system.
I første
etasje finn vi kommunen si nye storstove som er det moderne biblioteket. Her er
det muligheiter for fleksibel bruk og det er berre fantasien som set grensene.
I tilknytning til biblioteket er to gode møterom og ein romsleg korridor, som
tilsaman gir eit stort areal for evt felles aktivitet. Kjellaren rommer
parkeringshus og ambulanseinngang.
Vi var
innom lokala til legesenteret og helsestasjonen som er kommunen sine interne
leigetakarar. I tillegg leiger kommunen ut til Fylkestannlegen og NAV der
Hareid er vertskommune for eit samarbeid med Ulstein og Sande. Leigetakarane
gir gode tilbakemeldingar på bruken av huset.
Hareid
kommune har no drifta Helsehuset i snart to år og har erfart at det er eit godt
bygg å drifte.
Medlemmane
syns det var eit imponerande bygg og takka for ei lærerik omvisning.
13. februar 2023
Hødd i 2023
Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.
6. februar 2023
Nye Ulsteinvik Barneskule
Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).
30. januar 2023
HAV Hydrogen
Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.
24. januar 2023
Bedriftsbesøk - Jets Vacuum
Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.
9. januar 2023
Kaffimøte
Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.
12. desember 2022
Båtbesøk - SMARAGD
Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.
26. november 2022
Julegilde 2022
Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande