VIKINGHUSET PÅ LEIRA I HJØRUNGAVÅG
Hǫðr-Hjørungavaag Vikingsete
Intercity i saman med Hareid Rotaryklubb.
Omvising og fortelling av Ronny Nipen.
Ulstein og Hareid Rotary
Ronny Nipen held foredrag
Ide og avspark skjedde på vårparten i 2018 med etablering av styre og registrering i Brønnøysundregisteret hausten 2018. Plassering vart bestemt på eit ferdig utfylt område i Liavågen utan fare for funn av fortidsminne i grunnen. Bruksløyve på 30 år vart gitt frå Hareid Kommune. Vidare vart det søkt om tippemidlar (grasrotandel) og kulturmidlar frå fylket. Det vart samla inn vel 1,3 million. Deretter var arbeidet klar til oppstart.
Dimensjonar vart i utgangspunktet berekna ut frå utgravingar av originale vikinghus, der plassering av stolpar gir ein klar indikasjon på storleik. Utover det er arkitekturen i all hovudsak berekna og utarbeida av Gunnar Hjørungnes, med ein lokal dugnadsgjeng i ryggen.
Ronny Nipen og Otto Kjetil Nytun
Tømmer av 240 tre vart henta frå Røyset og Overå og frakta av lokale bønder og tørka på fabrikklokala til Ekornes. Bebreidinga av trevirke forgjekk i perioden 2019-2021. Dei 14.600 talflisene frå Latvia vart handspikka. Oppstart på bygget starta 18.02.2022 og kranselag vart halde i oktober 2022. Formidable 10.993 dugnadstimar er lagt ned per oktober 2023!
Ein ser for seg å nytte huset til vikingspel, konsertar, opplæring i tradisjonelle bygge-, handverks- og matlagingstradisjonar, museum og selskapslokale for 70-80 personar. Både dei lokale hotella og 62 Grader Nord er på ballen og vil bruke huset til turisme. Berre fantasien set grenser. Kven som ska stå for drifta gjenstår å sjå.
Både byggverk og dugnadsånd er rett og slett imponerande!
Sjå elles: Hjørungavåg Vikingpark | Facebook
13. februar 2023
Hødd i 2023
Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.
6. februar 2023
Nye Ulsteinvik Barneskule
Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).
30. januar 2023
HAV Hydrogen
Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.
24. januar 2023
Bedriftsbesøk - Jets Vacuum
Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.
9. januar 2023
Kaffimøte
Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.
12. desember 2022
Båtbesøk - SMARAGD
Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.
26. november 2022
Julegilde 2022
Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande