Web Analytics Made Easy - StatCounter

KVINNEDAGEN 8 mars 2024

 

Også i år var det markering på SUFH for å markere kvinnedagen. Kvinnene i Hareid og Ulstein stimla til kvinnedagsmarkeringa fredagskvelden, i regi av Ulstein Rotaryklubb.


 

Kvinnedagen den 8. mars 2024 vart markert på ein minneverdig måte i Ulsteinvik.


 

Ragnhild Velsvik Berge var programleiar for arrangementet, der Synnøve Riise og Elisabeth Tuvnes gav informasjon om Rotary og dei pågåande prosjekta i klubben og internasjonalt.






 



Ingrid Nerhoel imponerte med song og spel. Det var også ho som akkompagnerte då det var allsong av «Barn av regnbuen».


 Ingrid Nerhoel



 

Hovudtalar var direktør frå NHO Møre og Romsdal. Lene Trude Solheim delte personlege motivasjonar og yrkesval, og ho vart høgt æra med Kvinneprisen 2024 som eit inspirerande førebilete for andre kvinner.

 


Ho har eit brennande engasjement for likestilling og likeverd, mangfald og inkludering. Føredraget handla om hennar fire store førebilete, og korleis dei har vore med på å påverke henne. Det er Anne Cath. Vestly, Fredrikke Qvam, Henrik Ibsen og Faten Lubani.

 








Årets prisvinnar er ein pådrivar som heiar fram og er med på å synleggjere sterke og dyktige kvinnelege leiarar i tradisjonelt mannsdominerte roller. Ho har gode evner og innsikt i å bygge nettverk, er eit førebilete, ein inspirator og motivator for andre kvinner til å ta neste steget på karrierestigen.




Korgruppa CorSonus gav ein fantastisk opptreden før det vart servert kaffe, kaker og smørbrød. 




https://fb.watch/qJbKIjtOSC/





Eli Skåtun delte informasjon om Live Åtte sitt prosjekt for funksjonshemma i Nepal, som vil nyte godt av overskotet frå arrangementet.


 Eli Skåtun





Hallgerd Conradi heldt ein appell på vegner av Amnestygruppene i Hareid og Ulstein. Ho var innom overgrepa som skjer i Gaza, og heldt ein orientering og underskriftsaksjon mot kvinneundertrykking i Afghanistan. 

 


Hallgerd Conradi 






Thor Martim Eidem og Bjørn Gunnar Tafjord stod for billettsal.




Det vart også arrangert loddtrekning med flotte gevinstar frå lokale sponsorar som Kongsberg, Sjøgt Tannklinikk og Nordbelegg.

 


Synnøve Overvåg, Monica Tuvnes Koppen, Sølvi Aarseth Mork og Eldrid Anne Vik solgte lodd.




Arrangementet, som vart arrangert av den dyktige 8. mars komiteen i Ulstein Rotary, var ein suksess takka vere engasjerte deltakarar. Ulstein Rotary fekk mykje god omtale i media.








Ragnhild Velsvik Berge overleverte stafettpinnen til Tverrpolitisk kvinnegruppe 1975, som skal arrangere 8. mars-markeringa i 2025.


 



Stor takk til Jan Einar Saunes som på vegne av klubben stilte opp som fotograf.

Stor takk til Thor Martim Eidem og Bjørn Gunnar Tafjord for billettsal.

Stor takk til vår President Stig Ole Borgunvåg som tok seg av det tekniske (lyd og bilete).



 
Sivertstøl Film

2. februar 2026

Sivertstøl Film

Ein inspireande time med filmskapar Tor Sivertstøl

Medlemsforedrag

26. januar 2026

Medlemsforedrag

Møte med presentasjon av nytt medlem og litt informasjon frå presidenten

Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong

19. januar 2026

Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong

Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre.

Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26

12. januar 2026

Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26

Vi tok turen til Skaparhuset i Ulstein der vi hadde eit triveleg møte med Ulstein næringsforum.

Kaffimøte på Ulstein hotell

15. desember 2025

Kaffimøte på Ulstein hotell

Årets siste møte brukte vi til mimring og god drøs

Årsmøte

8. desember 2025

Årsmøte

Årsmøtet vart halde på Ulstein hotell

Intercitymøte med Hareid

1. desember 2025

Intercitymøte med Hareid

Johannes Alme fortalde frå boka si om selfangst og GC Rieber si betydning for norsk selfangst

Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik

17. november 2025

Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik

Vi fekk presentasjon av bedrifta og omvisning i dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum

Kaffimøte

10. november 2025

Kaffimøte

I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.

3. november 2025

Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador

Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.