Kaffi/Arbeidsmøte angående Distrikskonferansen
I kveldens møte orienterte president Stig Ole Borgundvåg om følgande saker frå styremøtet som vart halde 17:30-19:00 tidlegare på kveld:
Orientering om presidentskifte mandag 24.06.2024 kl. 18:00-20:00
Sjå vedlegg/presentasjon utsendt 29.05 fra President Stig Ole Borgunvåg om å melde seg på via spond. Den er utarbeida av Ulstein Rotaryklubb og utsendt av Greta Herje til RYLA, distriktsleiing og klubbar i vårt AG område.
PROGRAM:
1) Presidentskifte Ulstein Rotaryklubb (SOB ønsker velkomen)
2) Presidentskifte Hareid Rotaryklubb
3) Guvernørskifte distrikt 2305
Det er distrikt 2305 som er arrangør og det vil verte halde styremøte for innkomande guvernør Lidun Hareide i samanheng med dette arrangementet.
OBS! Meld deg på via Spond slik at vi får sikra rett antal innan vi må rapportere endeleg antal påmelde må til hotellet 13.06.24.
Status Distriktskonferansen Ulstein Hotell 27. til 29. september 2024
Assistanse under konferansen:
Vi er i full gang med planlegging av distriktskonferansen vår og oppmodar om at alle klubbmedlemmar blir med på å dra lasset saman for å få til eit spektakulært arrangement klubben kan vere stolte av.
Her er dei komiteane og komitemedlemmane vi har på plass per dato:
DG & Vertskap | Styringsgruppe | Økonomi |
Lidun Hareide | Lidun Hareide | Thor Martin Eidem |
Geta Herje | Greta Herje | Synnøve Riise |
| Thor Martin Eidem |
|
| Synnøve Riise |
|
Praktisk | Lotteri | Sponsor |
Synnøve Riise | Thor Martin Eidem | Thor Martin Eidem |
Elisabeth Tuvnes | Sølvi Mork Aarseth | |
Ragnhild Velsvik Berge | Rolf Arne Klungsøyr | |
Hege Longva | ||
Turid Tranvåg | ||
Monica Småge Skeide | ||
Program | Program: Walk & Talk | Program: Spektakulær |
Lidun Hareide | Stig Ole Borgundvåg | Stig Ole Borgundvåg |
Rune Ulfstein |
| |
Johan Ottesen |
| |
Program: Kulturinnslag CorSonus | Program: Konferansier bankett | Meny |
Synnøve Riise | Dagfinn Olav Bye | Lidun Hareide |
Bjørn Gunnar Tafjord | ||
Sølvi Aarseth Mork |
I tillegg har vi ein komite for partnerprogram med kunstutstilling av Håvard Vikhagen på Bjørndals minne som Synnøve Overvåg har teke ansvaret for.
Vi treng i første rekke personar som kan vise gruppene postar under walk & talk (omlag 13 personar) og praktisk hjelp i lotterikomiteen. Ta kontakt med komiteleiiarar der du har lyst til å bidra.
Deltaking på konferansen:
Vi oppmodar alle klubbmedlemmar om å nytte høve til å delta på konferansen og foreslår følgande alternativ i påmeldingsskjemaet:
Ikkjebuande som deltek laurdag til søndag inklusiv bankett laurdag, pluss evenntuelt drikkepakke.
Dersom ein tek med partner må dette spesifiserast i feltet Innbetaling.
Stig Ole illustrerte på storskjerm korleis ein går fram via invitasjonsbrev på heimesida: Distriktskonferansen 2024 Invitasjon_01.05.24_SR.pdf (mysiteshop.com), der ein finn lenke for påmelding. Dersom de ikkje får det til på eiga hand er det berre å ta kontakt med Synnøve Riise.
Ingenting å stusse i – dette blir kjekt!
Skriver: Synnøve Riise
Referat frå styremøtet finn de på Members Media.
4. juni 2018
Idar Overvåg hjalp til på dugnaden som representant fra Skeide Grunneigarlag.
Dette byrjar å rigge pent i landskapet.
Det ble servert god kaffi med kaker, som seg hør og bør!
28. mai 2018
Godt arbeid med kaker og kaffi.
Nydelig ver og god stemning.
14. mai 2018
Dugnad på Gapahuken ved Lisjevatnet.
God stemning med kaker og kaffi
16. april 2018
Presidenten takkar for eit særs lærerikt foredrag om BDO, skattereglar 2017/2018 og korleis vi skal handtere sjølvmeldinga digitalt. Økonomi i klartekst v/Thor Martin Eidem!
9. april 2018
Finn Ove Kvalsvik orienterte om årets motto : Be the inspiration
Rotary sine målsetningar med utrydding av Polio.
Støtta vi gjev til hjelpearbeid i Afrika og Sør Amerika.
19. mars 2018
Gisle Weddegjerde holdt eit rystande foredrag om brannen på Scandinavian Star.
La fram bevis på at brannen var påsett og forsikringssvindel.
President Synnøve Riise takkar med blomar.
12. mars 2018
Ulstein Betong Marine ved Dagleg leiar Asbjørn Tronstad orienterte om den fantastiske utviklinga av betongflåtar og brygger.
Past President Otto Kjetil Nytun takkar med blomar for den lærerike timen
3. mars 2018
Årets torskemiddag på Folk Spiseri
Perfekt mat, drikke og hyggelig betjening.
Koselig selskap med den gode samtalen.
12. februar 2018
Hans-Eirik Pettersen, den nye Lensmannen i distriktet vårt holdt foredrag om rikets tilstand.
Engasjerte medlemer fekk oppmoding om at vi alle må bry oss meir.
President Synnøve Riise takkar med blomar.
5. februar 2018
Særs engasjerande bilder og video om barneheimen i Peru som Ulstein Rotary er med på å støtte.
Intercitymøte hos Hareid Rotary.