Guvernør og Presidentskfite
Under ei høgtideleg seremoni måndag 24. juni fekk Hareid Rotaryklubb og Ulstein Rotaryklubb to nye presidentar. Astrid Velle tok over roret i Hareid, medan Thor Martin Eidem, ein veteran i Ulstein Rotaryklubb, igjen tok på seg ansvaret som president. Ove Midtflø og Stig Ole Borgundvåg overleverte stafettpinnen til Astrid Velle i Hareid Rotaryklubb og Thor Martin Eidem i Ulstein Rotaryklubb etter eit år med leiaransvar. For Ulstein Rotaryklubb markerer dette ei historisk hending, då det er tredje gong Eidem sit som president, etter to tidlegare periodar med solid leiarskap.

Ny President Thor Martin Eidem (til høgre) takkar Stig Ole Borgundvåg og rosar han for innsatsen.

Ove Midflø gratulerer Astrid Velle som ny President i Hareid Rotaryklubb
Men det var ikkje berre presidentskifte denne dagen. Guvernørvervet i Distrikt 2305 gjekk også over til nye hender. Lidun Hareide tok over som Guvernør etter Anders Anderson. Under den storslåtte seremonien mottok Hareide klubba og kjeda, og ho vil no leie Rotary distrikt 2305, eit distrikt som strekkjer seg frå dei pittoreske fjordane i Sunnmøre og Romsdal til den svenske grensa ved Eda i Värmland. Med sine rundt 1500 medlemmar, er dette eit stort ansvar, men Hareide skriv historie som den første kvinna frå vårt område til å tre inn i denne rolla. Som Guvernør vil Lidun vere Rotary International sin representant i distriktet og ei støtte for klubbane.

Anders Anderson som høgtidleg gir klubba og kjeda til Lidun Hareide og gratulerer med rolla som Guvernør
Vi takkar Ove Midtflø, Stig Ole Borgundvåg og Anders Anderson for deira store innsats, og ønskjer Astrid Velle, Thor Martin Eidem og Lidun Hareide lykke til i deira nye roller som Presidentar og Guvernør. Deira engasjement og leiarskap vil utvilsamt føre Rotary-klubbane våre inn i ein spanande framtid.

Bilete: Jan Einar Saunes og Synnøve Riise
17. november 2025
Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik
Vi fekk presentasjon av bedrifta og omvisning i dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum
10. november 2025
Kaffimøte
I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.
3. november 2025
Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador
Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.
27. oktober 2025
Problematiske stadnamn
Klubben har mange interne ressursar, og denne kvelden var det Johan Ottesen som delte av sin kunnskap
24. oktober 2025
Ulstein Rotary markerer poliodagen 24.10.25
Rotaryklubbar over heile landet går saman om å utrydde polio. Bill Gates Foundation bidreg slik at for kvar lokal krone som vert samla inn, vert det 3 kroner.
20. oktober 2025
Presentasjon av Susteni
Arild Hatløy og Alf Einar Moldtubakk orienterte om tenestene deira innan innovasjon og analyse
13. oktober 2025
Dugnad i Rotaryhagen i Holsekerdalen
Ein fin gjeng sytte for at hagen ved omsorgsbustadane er klar for vinteren
6. oktober 2025
Guvernørbesøk
Klubbane i Ulstein, Herøy og Hareid hadde fellesmøte med guvernøren for vårt distrikt. Hareid var vertskap
29. september 2025
Bedriftspresentasjon ved Glen Bradley frå Rostein AS
Rostein AS er eit av dei tre største brønnbåtrederia i verden. Dei transporterer smolt- og slaktefisk og utfører sortering/telling av laks og ørret. Dei utfører også utsleppsfri parasittbehandling uten bruk av kjemikalier eller medikament.
22. september 2025
Kaffimøte
I dag var det medlemsmøte med informasjon frå styremøtet, og høve til fri drøs over ein kopp kaffi