Web Analytics Made Easy - StatCounter

Medlemsmøte med ymse orientering

Kaffemøte med ymse orientering som er verdt å merke seg framover.

Opning av møtet

Møtet vart opna av Thor Martin Eidem, som vedkjente at han ligg litt bakpå grunna distriktskonferansen, men lova å ha komiteane klare til neste medlemsmøte 4. november 2024.

Vellukka distriktskonferanse 27.–29. september 2024

Medlemmane som deltok på distriktskonferansen var samde om at arrangementet vart svært vellukka. Dei rosa særleg den praktiske komiteen, som hadde god kontroll på alt frå registrering til oppfølging av gjestar. Stig Ole Borgundvåg fekk mykje skryt for si rolle som arrangør av Walk & Talk, i tillegg til å sikre flyten i programmet i tett dialog med lyd- og lysansvarleg. Dagfinn Olav Bye leia banketten med stø hand, medan Thor Martin Eidem fekk gode tilbakemeldingar som leiar gjennom heile konferansen. Ikkje minst ein stor takk til vår eminente fotograf Jan Einar Saunes for gode bilete.

Kjell Olav Kleppe vart framheva som ein helt for å ha ansvaret for transporten av Embla. Samla sett bidrog dette til at Ulstein Rotaryklubb og Ulsteinvik fekk vist seg frå si beste side. Det høge deltakartalet kan òg tilskrivast den solide promoteringa utført av praktisk komité. I tillegg har DG fremma  distrikstkonferansa på samlingar.




Strandryddingsaksjon 20. oktober 2024

Aksjonen kolliderte noko med årets TV-aksjon, men med strålande haustvêr og blikkstille hav vart det ein flott dag. Totalt møtte 9 vaksne og 4 born opp for å bidra til ryddinga. Synnøve Riise publiserte innlegg om aksjonen på Facebook, medan Stig Ole Borgundvåg og Thor Martin Eidem rapporterte inn fangsten via Rydde Norge-appen for å sikre godtgjersle.



PolioPlus-aksjon 24. oktober 2024

Thor Martin Eidem kunngjorde at det er avtalt med Ståle Hatløy om å lyse opp Mylna, som tidlegare år, med bensindrive aggregat og kraftige lamper. Synnøve Riise har oppretta ein VIPPS QR-kode, og det vil vere behov for 4-8 frivillige til å rigge opp og halde vakt på kveldstid, samt bemanne Blåhuset med rollup på dagtid for å selje poliopennar til inntekt for PolioPlus-aksjonen. Pris for pennane er kr 100,-.
Som klubb syns vi det er kjekt å sjå at andre klubbar i Distriktet også er med på å lyse opp bygg.

 

Bacalao Sharing på Willys Gourmet 25. oktober 2024

Det vart minna om påmeldings- og betalingsfristen som er 21. oktober. Under møtet var det 16 påmelde, inkludert følgje, og det er plass til totalt 20 personar. Ragnhild Velsvik Berge vil skape gode rammer for arrangementet, og oppmoda om at medlemmane kan bidra med underhaldning i form av gode historier for å skape ei hyggeleg atmosfære.

 

Besøk av distriktsguvernøren 28. oktober 2024

Møtet med distriktsguvernøren finn stad på klubbhuset på Hareid. Det vart oppmoda om at fleire melder seg på via Spond, slik at ein kan gje Hareid ein god peikepinn på deltakartalet frå Ulstein Rotaryklubb.

Komande møte

  • Kaffemøte: 11. november 2024
  • Julebord på Bogne Breseri saman med Herøy Rotaryklubb: 25. november 2024. Thor Martin Eidem takkar for invitasjon og god mat. Frist for påmelding kjem.
  • Årsmøte og siste møte for året: 9. desember 2024
  • Første møte i 2025: 6. januar 2025

Forslag til program for 2025:

  • Omvising av nytt kontorbygg hos Kongsberg Maritime i Ulsteinvik
  • Omvising i Millenium-bygget på Hareid når det står klart
  • Dugnad for gapahukar

Ulstein Rotaryklubb ser fram til ei rekkje spennande og sosiale aktivitetar i tida framover!

Takk til Synnøve Riise for notater og bilete.


 
Sivertstøl Film

2. februar 2026

Sivertstøl Film

Ein inspireande time med filmskapar Tor Sivertstøl

Medlemsforedrag

26. januar 2026

Medlemsforedrag

Møte med presentasjon av nytt medlem og litt informasjon frå presidenten

Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong

19. januar 2026

Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong

Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre.

Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26

12. januar 2026

Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26

Vi tok turen til Skaparhuset i Ulstein der vi hadde eit triveleg møte med Ulstein næringsforum.

Kaffimøte på Ulstein hotell

15. desember 2025

Kaffimøte på Ulstein hotell

Årets siste møte brukte vi til mimring og god drøs

Årsmøte

8. desember 2025

Årsmøte

Årsmøtet vart halde på Ulstein hotell

Intercitymøte med Hareid

1. desember 2025

Intercitymøte med Hareid

Johannes Alme fortalde frå boka si om selfangst og GC Rieber si betydning for norsk selfangst

Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik

17. november 2025

Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik

Vi fekk presentasjon av bedrifta og omvisning i dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum

Kaffimøte

10. november 2025

Kaffimøte

I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.

3. november 2025

Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador

Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.