Medlemsmøte med ymse orientering
Kaffemøte med ymse orientering som er verdt å merke seg framover.
Opning av møtet
Møtet vart opna av Thor Martin Eidem, som vedkjente at han ligg litt bakpå grunna distriktskonferansen, men lova å ha komiteane klare til neste medlemsmøte 4. november 2024.
Vellukka distriktskonferanse 27.–29. september 2024
Medlemmane som deltok på distriktskonferansen var samde om at arrangementet vart svært vellukka. Dei rosa særleg den praktiske komiteen, som hadde god kontroll på alt frå registrering til oppfølging av gjestar. Stig Ole Borgundvåg fekk mykje skryt for si rolle som arrangør av Walk & Talk, i tillegg til å sikre flyten i programmet i tett dialog med lyd- og lysansvarleg. Dagfinn Olav Bye leia banketten med stø hand, medan Thor Martin Eidem fekk gode tilbakemeldingar som leiar gjennom heile konferansen. Ikkje minst ein stor takk til vår eminente fotograf Jan Einar Saunes for gode bilete.
Kjell Olav Kleppe vart framheva som ein helt for å ha ansvaret for transporten av Embla. Samla sett bidrog dette til at Ulstein Rotaryklubb og Ulsteinvik fekk vist seg frå si beste side. Det høge deltakartalet kan òg tilskrivast den solide promoteringa utført av praktisk komité. I tillegg har DG fremma distrikstkonferansa på samlingar.


Strandryddingsaksjon 20. oktober 2024
Aksjonen kolliderte noko med årets TV-aksjon, men med strålande haustvêr og blikkstille hav vart det ein flott dag. Totalt møtte 9 vaksne og 4 born opp for å bidra til ryddinga. Synnøve Riise publiserte innlegg om aksjonen på Facebook, medan Stig Ole Borgundvåg og Thor Martin Eidem rapporterte inn fangsten via Rydde Norge-appen for å sikre godtgjersle.

PolioPlus-aksjon 24. oktober 2024
Thor Martin Eidem kunngjorde at det er avtalt med Ståle Hatløy om å lyse opp Mylna, som tidlegare år, med bensindrive aggregat og kraftige lamper. Synnøve Riise har oppretta ein VIPPS QR-kode, og det vil vere behov for 4-8 frivillige til å rigge opp og halde vakt på kveldstid, samt bemanne Blåhuset med rollup på dagtid for å selje poliopennar til inntekt for PolioPlus-aksjonen. Pris for pennane er kr 100,-.
Som klubb syns vi det er kjekt å sjå at andre klubbar i Distriktet også er med på å lyse opp bygg.
Bacalao Sharing på Willys Gourmet 25. oktober 2024
Det vart minna om påmeldings- og betalingsfristen som er 21. oktober. Under møtet var det 16 påmelde, inkludert følgje, og det er plass til totalt 20 personar. Ragnhild Velsvik Berge vil skape gode rammer for arrangementet, og oppmoda om at medlemmane kan bidra med underhaldning i form av gode historier for å skape ei hyggeleg atmosfære.
Besøk av distriktsguvernøren 28. oktober 2024
Møtet med distriktsguvernøren finn stad på klubbhuset på Hareid. Det vart oppmoda om at fleire melder seg på via Spond, slik at ein kan gje Hareid ein god peikepinn på deltakartalet frå Ulstein Rotaryklubb.
Komande møte
- Kaffemøte: 11. november 2024
- Julebord på Bogne Breseri saman med Herøy Rotaryklubb: 25. november 2024. Thor Martin Eidem takkar for invitasjon og god mat. Frist for påmelding kjem.
- Årsmøte og siste møte for året: 9. desember 2024
- Første møte i 2025: 6. januar 2025
Forslag til program for 2025:
- Omvising av nytt kontorbygg hos Kongsberg Maritime i Ulsteinvik
- Omvising i Millenium-bygget på Hareid når det står klart
- Dugnad for gapahukar
Ulstein Rotaryklubb ser fram til ei rekkje spennande og sosiale aktivitetar i tida framover!
Takk til Synnøve Riise for notater og bilete.
22. juni 2026
Ragnhild Velsvik Berge er ny Rotary-president
Ulstein Rotaryklubb markerte måndag 22. juni det årlege presidentskiftet med rekordstort oppmøte på Kråen Gard i Sande.
15. juni 2026
Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy
Herøy Rotaryklubb hadde ei fin markering av sitt 60-års jubileum.
9. juni 2026
Fin medlemstilvekst :)
Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.
1. juni 2026
Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre
Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.
11. mai 2026
Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring
så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet
4. mai 2026
Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal
Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap
27. april 2026
Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming
Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming
Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.
13. april 2026
Vil du skal kjenne deg herifrå..
Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid
23. mars 2026
Orientering om Ulstein vidaregåande skule
Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet