Ava Ocean - Berekraftig fangst av skjel
Ava Ocean – Foredrag om berekraftig fangst av KAMskjel
President Thor Martin Eidem ønskte velkomen og opna møtet for Ulstein Rotaryklubb. Hovudinnslaget denne gongen var eit spennande foredrag av Bjørn Roppen, som representerte selskapet Ava Ocean. Roppen delte innsikt i korleis dei har utvikla teknologi for å plukke kamskjel på ein meir skånsam og miljøvenleg måte.
Nyvinning innan fangstteknologi
Ava Ocean har skapt eit revolusjonerande fangstsystem kalla "Ava Ray". Systemet består av ein fangstkurv som opererer like over havbotnen og eit avansert pumpesystem. Pumpesystemet genererer ein vatnstraum som løftar kamskjela skånsamt opp frå botnen. Bifangst og mindre skjell blir straks sortert ut og returnert uskadde til havet. Dette bidrar til å minimere påverknaden på havøkosystemet, noko som er avgjerande for berekraftig drift.

Frå historisk kollaps til ny start
Det var ein topp i fangsten av kamskjel i 1987, då 25 båtar leverte heile 40 000 tonn. Dette fisket kollapsa i 1990, og det vart innført eit totalforbod i 1992. I 2020 fekk Ava Ocean tildelt ei prøvekvote for kamskjelfangst. Dei nyttar no kun skjell som er minst seks år gamle og over seks centimeter i storleik, medan mindre skjell blir sett tilbake i havet. Målet deira er å starte kommersielt fiske i Barentshavet innan første halvår av 2025.

Grøn satsing på kråkeboller
Ava Ocean har saman med sine partnarar også eit prosjekt som retter seg mot kråkebollar. Dette prosjektet har fått 47 millionar kroner i støtte frå Grønn Plattform. Målet er å skape ein berekraftig verdikjede for kråkebollar og bidra til å revitalisere tareskogane langs kysten.

Ulstein Rotaryklubb takkar Bjørn Roppen for eit inspirerande og innsiktsfullt foredrag om korleis teknologi og innovasjon kan skape nye moglegheiter for berekraftig ressursutnytting i havet.
29. oktober 2018
Herøy Kystlag omvisning med Robert Voldnes
Herøy Kystlag omvisning med Robert Voldnes. Interessant om arbeidet med å ta vare på kystkulturen og gamle båtar.
Fellesmøte med Herøy Rotary.
28. oktober 2018
Svein Eiksund får utmerkerlsen "Rotary Paul Harris Fellow"
Eiksund har i fleire ti-år arbeidd med songkor og musikk, både lokal og sentralt. Han har stått fram som kanskje den mest markante personen i korrørsla, både i eigen kommune, og på Sunnmøre.
21. oktober 2018
Ulstein Rotaryklubb stilte med 11 bøsseberarar under årets TV-aksjon
Ulstein Rotaryklubb stilte med 11 bøsseberarar under årets TV-aksjon for Kirkens Bymisjon: Mindre Alene Sammen! ❤️
21. oktober 2018
Årets krabbefest!
Vi takkar Kari og Njål for at dei opna heimen sin til årets krabbefest då veret var for ruskete på Eiksund.
Vakkert pynta med maritim dekor til krabbe og rekebordet.
15. oktober 2018
Ulstein Rotary sitt iniativ for et monument i høve Hødd sitt 100års jubileum.
Kaffimøte med orientering av President Finn Ove Kvalsvik.
Presentasjon av monumentet som Ulstein Rotary har tatt initiativ til i høve Hødd sitt 100 års jubileum.
Dette blir vakkert !
7. oktober 2018
Åpning av Lisjevatnhuken + Paul Harris fellow til Lindor Skeide!
Med vérgudane på vår side vart det godt oppmøte og ei særs vellukka opning av Lisjevatnhuken i dag!
Kultursjef Leif Ringstad klippte snora, og ikke minst ble Lindor Skeide tildelt den prestisjetunge Paul Harris Fellow prisen!
1. oktober 2018
Presidentens time
President 2018/2019
Finn-Ove Kvalsvik med Presidentens time om målsetnadar og oppgåver i året som kjem.
24. september 2018
Unni Takseth med gjevande kåseri
Past President Synnøve Riise takkar Unni Takseth for eit gjevande kåseri om dugnadsånda i dagens travle samfunn. Avslutningsvis las ho dikt om freistande frukter i Edens hage.