Måndag 31. mars 2025 samla Ulstein Rotaryklubb seg til eit kaffimøte på Ulstein Hotell, leia av president Thor Martin Eidem. Med godt frammøte og ei aktiv forsamling, vart det ein kveld fylt med viktige diskusjonar og planar for framtida.
Sjøreise frå Valparaiso til Buenos Aires
Møtet starta med ei spennande presentasjon om ein 25-dagars sjøreise langs kysten frå Valparaiso til Buenos Aires. Denne reisa vekka stor interesse blant medlemmane.
Rotarypresident Thor Martin Eidem med informasjon og historie frå turen.
Invitasjon til Styreseminar
Stig Sandanger Riise informerte om det komande styreseminaret som vil føregå på nettet frå 31. mars til 9. april 2025. Han jobbar med å få på plass komitéleiarar for perioden 2025-2026, men det manglar framleis dugnadsleiar og leiar for ungdomsutveksling. Medlemmane vart oppfordra til å melde seg.
Dugnad Gapahukar
Otto Kjetil følgjer opp dugnaden ved gapahukane som er planlagt til måndag 5. mai 2025. Han treng frivillige og håpar på godt ver for gjennomføringa.
Dugnad Rotaryhagen
Thor Martin følgjer opp dugnaden i Rotaryhagen som skal finne stad i april 2025. Han vil finne eit tidspunkt utanom Rotary-måndag og treng minst fem frivillige til å rydde i hagen og tilføre mold. Frukttrea vart klipte i haust.
Rotaryhagen
Programkveldar fram til Sommarferien 2025
Programmet for kveldane fram til sommarferien vart gjennomgått. Det blir fri måndag i påskeveka og 2. påskedag. Presidentskiftet er bestemt til måndag 16. juni, som blir siste møte før sommaren.
Eventuelt
Under eventuelt vart rekruttering av nye medlemmar diskutert. Det vart understreka viktigheita av å følgje opp dei som blir inviterte, samt å behalde dei medlemmane vi allereie har.
15. januar 2024
Kaffimøte med orientering angående konferansen 2024 og foredrag fra Orlando med Lidun Hareide
8. januar 2024
Carl Magnus Hegde Næss tok turen innom Ulstein Rotary og holdt en presentasjon om kryptovaluta.
12. desember 2023
Bedriftsbesøk til Larsnes Mekkaniske Verksted med en usedvanlig engasjert og positiv Daglig leder Jarle Gunnarstein
6. november 2023
Presentasjon av landbruket i Ulstein av avdelingsleder hos Landbrukskontoret; Anne Kathrine Løberg, med påfølgende besøk i det hypermoderne fjøset til Jonas Flø.
5. november 2023
Etter invitasjon frå Ulstein Sokn, deltok Ulstein Rotaryklubb søndag kveld 05.11.23 med å markere solidarisk støtte til sivile som er offer for krig i Ukraina og Midtausten.
29. oktober 2023
Strandrydding frå Ivarfjøra til Gåsneset og Roppesanden. 120kg avfall rydda av ein entusiastisk gjeng.