Bedriftsbesøk hos Brimer
På bedriftsbesøk hos Brimer, der sals- og markedssjef Lauritz Skeide orienterte om bedrifta.
Brimer har spesialisert seg på bærekraftige og korrosjonsfrie løysingar som dei leverer til fleire ulike markedsområde mellom anna innan vatn og avløp, landbasert oppdrett, lukka oppdrett i sjø, prosessindustrien på land, subsea energimarkedet og anna. Etter nokre strategiske oppkjøp og fusjonar dei siste åra ser Brimer betydelige vekstmuligheiter, både i Norge og internasjonalt, og med ny hovudeigar på laget er Brimer no klare for videre vekst og utvikling av selskapet.
Brimer har produksjonsfasilitetar i Norge og Latvia, medan hovedkontoret samt salg, prosjektleiing, design og engineering, produktutvikling og administrative funksjonar ligg i Norge.
Den nye eigaren er AccentEquity, som er eit svensk investeringsselskap som har operert i si noværande form sidan 1999 og i løpet av den tida gjort over 90 plattforminvesteringar i private selskaper i Norden.
26. januar 2026
Medlemsforedrag
Møte med presentasjon av nytt medlem og litt informasjon frå presidenten
19. januar 2026
Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong
Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre.
12. januar 2026
Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26
Vi tok turen til Skaparhuset i Ulstein der vi hadde eit triveleg møte med Ulstein næringsforum.
1. desember 2025
Intercitymøte med Hareid
Johannes Alme fortalde frå boka si om selfangst og GC Rieber si betydning for norsk selfangst
17. november 2025
Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik
Vi fekk presentasjon av bedrifta og omvisning i dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum
10. november 2025
Kaffimøte
I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.
3. november 2025
Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador
Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.