Erfaringar frå reklamebransjen i New York
Henrik Bakke Hareide delte sine erfaringar frå 9 år i Amerika der han arbeidde med formålsdreven reklame. Alt som barn fekk han interesse for det visuelle. Etter vidaregåande skule ville han til America og studere fagområdet reklame. Han har ein amerikansk master innanfor det kreative feltet i reklame, og er utdanna art director. Jobben går ut på å skape det visuelle universet. No er han tilbake i Norge som lærar i barneskulen på Hareid. Dette likar han så godt at han no vil vidareutanne seg til lektor.
Vi lærte mellom anna at reklame har ein kommersiell funksjon.. nokre gongar skal ein berre selje eit produkt. Reklame når det er gjort rett er krysninga mellom det kunstneriske og kommersielle. Målet med god reklame er å etablere eit langsiktig forhold. Norge er god på reklame og har hevda seg i fleire internasjonale konkurranser.
Vi takkar for eit interessant foredrag og ynskjer lykke til med framtida!
6. september 2017
Dugnad på Bugardshuken!
Med pågangsmot, innsatsvilje, god tru og ei solid dose sjølvtillit er det meste mogeleg. Etter berre to byggtekniske dugnadar hittil i september, er vi særs nøgde framdrifta i gapahukprosjektet Bugardshuken!
28. august 2017
Byggingen er i gang!
Da er vi i gang med å sette opp Bugardshuken, dette blir spennende!
15. november 2015
Ulstein Mannskor
Vi fekk både flott song og sjå historiske bilder frå Ulstein Mannskor.
Video: Jan Einar Saunes
5. januar 2015
Besøk hos Grim og Gryt Økobryggeri
Lærerikt og gode smaksprøver.
Video: Jan Einar Saunes
2. juni 2014
På besøk hos Hareid Rotaryklubb
Ulstein Rotary på besøk og servering hos Hareid Rotary då vi fekk sjå på deira flotte prosjekt: "Rotarystien".
Video: Jan Einar Saunes
28. juni 2010
Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet
Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes