Kaffimøte
I dag var det medlemsmøte med informasjon frå styremøtet, og høve til fri drøs over ein kopp kaffi
Presidenten orienterte frå styremøtet, og det vart diskusjon mellom anna med utgangspunkt i desse sakene:
- Distriktskonferanse på Hamar
- Ny distriktsinndeling
- Ordning med kontigent ved inn- og utmelding
- Klubben sin økomomi
- Møte med distriktsguvernøren vert saman med Hareid den 6 oktober
- Ungdomsutveksling. Det er ei utfordring for gjennomføringa at dei fleste medlemmane ikkje lenger har ungdom i hus. Det er ungdomsutveksling på mange andre plassar i samfunnet no, og tida er kome for å stille spørsmål ved om dette er noko Rotary som organisasjon skal halde fram med.
- Rekruttering og fadderordning
- Leiar for festkomiteen har søkt om permisjon, og vårt nye medlem Mette Longva tek oppdraget som ny leiar på strak arm. Vi applauderer :)
- Avtalen med Ulstein hotell om bruk av lokale
- Programkomiteen er godt i rute og det er mykje spennande program i vente
26. januar 2026
Medlemsforedrag
Møte med presentasjon av nytt medlem og litt informasjon frå presidenten
19. januar 2026
Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong
Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre.
12. januar 2026
Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26
Vi tok turen til Skaparhuset i Ulstein der vi hadde eit triveleg møte med Ulstein næringsforum.
1. desember 2025
Intercitymøte med Hareid
Johannes Alme fortalde frå boka si om selfangst og GC Rieber si betydning for norsk selfangst
17. november 2025
Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik
Vi fekk presentasjon av bedrifta og omvisning i dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum
10. november 2025
Kaffimøte
I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.
3. november 2025
Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador
Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.