Bedriftspresentasjon ved Glen Bradley frå Rostein AS
Rostein AS tek utgangspunkt i at laksen skal ha det godt, og bygg teknologien sin rundt det. Glen Bradley fortalte engasjert om rederiet som er 100 % norsk eigd og har sitt hovedkontor på Harøya. Rederiet har 20 fartøy og 350 tilsette. Dei legg vekt på sikkerhet både for mannskap og utstyr. Eksempelvis har dei difor sentrallager med reservedeler lett tilgjengelig lokalt. Elles står verdiar og kulturbygging sentralt, saman med bevisst fokus på strategi. Dei har fått til ein unik integrasjon ved å ha hand om både rederi, design og verft. Dei er hovudeigar i Larsnes verft og har satsa med blant anna utbygging av ein stor tørrdokk. På 10 år er det levert 10 nybygg frå Larsnes verft.
Vi fekk ei interessant innføring i formuesskatt, og korleis den slår ut for norske eigarar kontra utanlandske. I 2017 hadde brønnbåtane 80 % norsk eigarskap, mot 20 % i 2024. Glen presiserte at han ikkje har imot utanlandsk eigarskap, men peikte på behovet for like konkurranseforhold. Vidare peikte han på kor viktig næringslivet er for kultur og idrett.
Glen Bradley minte om at den store befolkningsveksten i verden fører til matmangel. 71% av planeten si overflate er hav, men ressursane i havet er lite utnytta. Vi fekk høyre om Salmon evolution og Bauta fishfarms. Det siste er lukka oppdrettsmerder i stål. Konkurrentane Larsnes verft og Ulstein Group samarbeider no om å tilby forsvaret tenester, så det kan verte eit nytt satsingsområde.
Firmaet er på stadig leit etter nye måtar å sørge for at laksen har det godt, og utvikle tenestene sine. Firmaet støtter lokale tiltak, og han oppmodar også Rotary til å ha fokus på inkludering av unge.
Foredraget handla om mykje meir enn brønnbåter og timen gjekk alt for fort.
President Stig Riise takka for ein spennande og engasjerande presentasjon :)
Ragnhild Velsvik Berge orienterte om Distriktskonferansen på Hamar der hovedtemaet var beredskap. Rotary er ein verdsomspennande organisasjon som får utretta mykje ved samarbeid på tvers av landegrenser. Utrydding av polio er eit felles prosjekt som endå treng vårt fokus. Etter krigsutbrotet i Ukraina sendte ein rotaryanar ei bøn om hjelp til klubbar i andre land, og dette har ført til ei enorm mobilisering for hjelp og støtte til medisinsk utstyr.
13. februar 2023
Hødd i 2023
Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.
6. februar 2023
Nye Ulsteinvik Barneskule
Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).
30. januar 2023
HAV Hydrogen
Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.
24. januar 2023
Bedriftsbesøk - Jets Vacuum
Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.
9. januar 2023
Kaffimøte
Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.
12. desember 2022
Båtbesøk - SMARAGD
Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.
26. november 2022
Julegilde 2022
Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande