Guvernørbesøk
Klubbane i Ulstein, Herøy og Hareid hadde fellesmøte med guvernøren for vårt distrikt. Hareid var vertskap
Guvernør Morten Moe fortalde om Rotary-organisasjonen sin omfattande internasjonale aktivitet. Er du medlem er du velkomen på medlemsmøte over heile verden. Du kan delta i ei mengd med ulike fellowships der du kan treffe folk med like interesser på alle slags tema.
Rotary har 7 fokusområde:
- fredsbygging og konfliktførebygging
- sjukdomsførebygging og behandling
- vatn, sanitær og hygiene
- mødre- og barnehelse
- grunnleggande utdanning og leseferdigheiter
- samfunnsøkonomisk utvikling
- støtte miljøet
Vi er ein interessert samfunnsorganisasjon som er lyttande og informert, uten å ta side. Sidan vi er politisk nøytrale får vi lettare tilgang krigssoner.Vi yter tenester til andre, og fremmer integritet og verdsforståing. Rotary driv fredssenter og tilbod om utdanning på 8 universitet i 7 land. Dette er USA, England, Sverige, Japan, Australia, Uganda og Tyrkia.
Rotary Internasjonal har fleire fond, der avkastninga vert brukt til ulike hjelpetiltak og prosjekt. I det siste har mykje støtte gått til Ukraina, og elles er kampen mot polio ei sak som har stått sterkt i organisasjonen i mange år. Vi vert sterkt oppmoda om å lage lokale arrangement og samle inn pengar også i år.
Årets motto er "unite for good". Det er vanskelig å oversette for det ligg ei dobbel betydning i det. Gå saman for å gjere godt, lenge/alltid.
Elles orienterte dei lokale klubbane om sin aktivitet og sine prosjekt. Felles for alle er at det er eit generasjonsskifte og behov for nyrekruttering. Mykje av medlemskontingenten går til Rotary internasjonal og dei nemnde fokusområda, og det er difor gunstig å ha over 40 medlemmar for også å få rom for lokale prosjekt.
Guvernøren fekk godt fram for ein stor, samansatt og dyktig organisasjon vi er ein del av. Vi har midlar til å hjelpe andre og mange dyktige folk får ting til å skje.
15. oktober 2022
Årets Krabbe og rekefest
Krabbe og reker i paviliongen på Kari og Njål sitt paradis på Eiksund.
3. oktober 2022
Ulstein Brannstasjon
19 spente medlemmer møtte for å få omvisning i Ulstein kommune sin nye brannstasjon. Brannsjef Olav Helt Brubakk var den som tok oss imot og ønskte oss velkommen
29. september 2022
Besøk på det nye helsehuset på Hareid
Klubbmedlem og kommunedirektør på Hareid, Ragnhild Velsvik Berge viste oss rundt i bygget.
18. september 2022
Distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island
Lidun Hareide og Synnøve Riise har vore på distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island denne veka!
29. august 2022
Besøk av DG Gunhild Aalstad
Ulstein Rotary hadde eit oppløftande møte med Gunhild Aalstad (Distriksguvernør 2022/2023).
22. august 2022
Kaffimøte
Orientering om komitesammensetning, med etterfølgende god prat og diskusjoner rundt bordet.
15. august 2022
Åpning av Rotaryåret 2022/2023
President Arnfinn Godø holdt orienteringsmøte vedr. planene for det nye Rotaryåret.
20. juni 2022
Presidentskifte
President Thor Martin Eidem overlet roret til Innkomande President Arnfinn Godø