Kaffimøte
I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.
Møtet var denne gangen lagt til Bjørndals minne.
Presidenten orienterte om at vi står framfor ei reforhandling av avtalen om møtelokale. Vi held til på hotellet og er nøgde med det, men avtalen er dyr for klubben. Ein auke i prisen vil fort føre til behov for auke i medlemskontigent, og dette er ikkje ynskjeleg. Bjørndals minne kan vere eit aktuelt lokale om det skulle verte slik at vi ikkje går vidare med hotellsamarbeidet. Auditoriet på folkehøgskulen vart trekt fram som eit anna alternativ. Her er mange praktiske forhold som eventuelt må avklarast.
President og past president er forhandlingsutval. Dei kjem tilbake til klubben med orientering om aktuelle tilbod.
Det vart mint om invitasjonen til Kompetansekraft nettverksarena den 26.november, kl 18-20 på Brosundet auditorium (Ankeret NTNU). Det er ei ny arena i Ålesund organisert av RotaryKomNå i samarbeid med NTNU. Her får vi presentert aktuelle tema og gode forelesarar. Denne gangen er temaet kjernekraft. Påmeldingsfrist 24.11. Påmelding til aalesundost@rotary.no. merk Rotary KomNå 26.11.25 Pris kr 200.
Vidare vart fleire oppmoda om å melde seg på julebordet, som vi skal ha på Bogne saman med Herøy Rotaryklubb.
26. april 1963
Charterfesten 26 April 1963
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963