Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik
Vi fekk presentasjon av bedrifta og omvisning i dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum
Inge-Jonny Hide viste oss rundt og fortalde om det viktige samfunnsoppdaget deira. I 2023 fylte bedrifta 50 år. I eit halvt århundre har verksemda jobba for å integrere dei som står utanfor arbeidslivet. Gjennom kartlegging av evner og motivasjon, tilrettelegging for læring og finne eit startpunkt, har Furene gitt mange livskvalitet samstundes som samfunnet betaler løn istaden for bistand.
Dei har i dag 180 tilsette fordelt på dei 7 kommunane på Søre Sunnmøre. Av desse er halvparten aktive arbeidssøkarar. Dei har folk som treng hjelp inn i arbeidslivet, dei som treng hjelp tilbake til arbeid, eller treng å finne ein ny vei inn i arbeidslivet.
Furene har fokus på å omstille seg i takt med behova og endringane i samfunnet, og jobber aktivt med å verte meir synlege. Det nye lokalet i Ulsteinvik sentrum borga for kvalitet og framtidstru, og vi fekk høyre om ny logo og visjonen "saman skaper vi eit arbeidsliv med plass og moglegheiter for alle".
Hide viste til at det norske samfunnet er i stor mangel på arbeidskraft samstundes som ein aukande andel står utanfor arbeidslivet. Det pågår no eit arbeid som viser at det er behov for å tilnærme seg dette på ein heilt annan måte. Ved å bryte opp innhaldet i ei stilling innanfor helsevesenet ser forskarane at oppgåvene består av mange ulike element som slett ikkje treng den fagkompetansen som ligg i stillinga. Heile 50 % av oppgåvene kan gjerast av andre. Det trengs eit omfattande samarbeid frå mange partar for å gjennomføre denne omstillinga. Men dette er nettopp slike ting Furene er gode på,- å dele opp arbeidsoppgåver slik alle kan bidra med sitt.
Hide fortalde om eit anna bilde som visualiserer kor stort problemet faktisk er når det gjeld utanforskap blant dei unge i fylket. NAV og NHO har gjennom arbeidskraftløftet i 2024 kartlagt unge mellom 15-29 år i Møre og Romsdal. Av desse er 2500 under utdanning, 6100 i jobb og 1100 utanfor. Desse siste tilsvarer 11 fulle bussar med unge, som ein då kan sjå for seg køyrer rundt uten å vite kvar dei skal. Om ein klarer å sysselsette 1 av dei 11 bussane tilsvarer dette, ifølge Hide, 10 milliard kroner.
Fleire av medlemmane ga uttrykk for at dei hadde lært mykje denne timen, og på vegne av presidenten takka past president Thor Martin Eidem for eit svært interessant møte.
20. september 2021
Alv Ottar Folkestad om havørna si utvikling i Norge
Alv Ottar Folkestad holdt et engasjert foredrag om Havørna si positive utvikling i Norge.
6. september 2021
Dugnad - Bugardshuken og Lisjevatnhuken
I dag blei gapahukane beiset av en dyktig dugnadsgjeng!
30. august 2021
Kick-off Rotaryåret 2021/2022
President Thor Martin Eidem orienterte om planane for året som kjem.
23. august 2021
Guvernørbesøk
Rotaryklubbene i Hareid, Ulstein og Herøy fekk besøk av Distrikts guvernør Hans Olav Osbak
21. juni 2021
Presidentskifte
Past President Lidun Hareide overlet roret til President Thor Martin Eidem.
7. juni 2021
Kosedugnad - Holsekrerdalen 20 - "Rotaryhagen"
Vi hadde ein «enkel kosedugnad i Rotarhagen». Vi fylte på med mold i plantekara, lyfta opp ein del av plantene så dei synest betre, kosta og ordna litt.
31. mai 2021
Ulstein Rotaryklubb har bidratt til oksygenapparat til landsbyhospital i India.
På dagens kaffemøte blei medlemmene overrasket av et kjekt nettmøte med en Rotaryklubb i India i samband med at URK sammen med "From you 2 them" og gjennom Rotaryklubben i India har bidratt med et oksygenapparat.
Turid Tranvåg holdt 5 minutter.
12. mai 2021
President Lidun Hareide og Hagearkitekt Hiljerd Holt Myrene med ekstradugnad :)
Lidun og Hiljerd har i dag fylt på med jord og fleire blomar i kumringbeda.