Web Analytics Made Easy - StatCounter

Intercitymøte med Hareid

Johannes Alme er ein flink formidar så det var med stor interesse forsamlinga lytta til historier frå ishavet, og kor stor betydning bergensrederiet GC Rieber fekk for sunnmørsmiljøet innan selfangst og forvaltning av ressursane. Vesterisen gav og tok. Ishavet var gode turar og mange gode historier, men også mange brutale forlis og store tap for mange familier og rederi. Rieber involverte seg i heile verdikjeda, og har hatt svært mykje å seie for utviklinga. For Sunnmøre var dette viktig for her var ikkje den nødvendige kapitalen. Rieber var oppteken av modernisering både av flåten og utstyret. Dei stod for overgangen frå tre til stål, og det vart større fartøy og større motorar. I 1956 avhenda dei den siste treskuta. Kapitalen frå selfangst kom mange til nytte. Brua i Tromsø og ishavskatedralen er eksempel på det.


Men selfangst har vekt sterke reaksjonar gjennom historia, og i 1982 innførte EU importforbod. Rederia fekk mange og sterke truslar og aksjonar mot båtane, noko som til slutt vart enden på næringa,og i 2010 la det siste mottaket ned drifta.


Johannes fekk spørsmål om han trudde at selsfangst igjen kunne verte ei næring, men dette kunne han ikkje svare på. Han viste til intervjuet med Christian Rieber som meiner det er feil at fisken går til å halde liv i ein sterkt veksande selstamme, istaden for å vere menneskeføde. 


 
Jarle Osnes - Med kunsutstilling i høve sin 90års dag!

27. oktober 2012

Jarle Osnes - Med kunsutstilling i høve sin 90års dag!

Bilder: Njål Vikanes

Fjelltur til Muldalen

25. september 2011

Fjelltur til Muldalen

Video: Jan Einar Saunes

Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet

28. juni 2010

Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet

Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes

Krabbefest i Eiksund

7. september 2007

Krabbefest i Eiksund

Foto: Njål Vikanes

Borgarøya saman med Herøy Rotary + Presidentskifte

27. juni 2005

Borgarøya saman med Herøy Rotary + Presidentskifte

Bilder: Njål Vikanes

Rotarytur til Trandal

9. mai 2002

Rotarytur til Trandal

Bilder: Njål Vikanes

Charterfesten 26 April 1963

26. april 1963

Charterfesten 26 April 1963

Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963