Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong
Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre. Ei familiebedrift som går på skinner og er i stadig utvikling. Eit nytt bekjentskap for mange av oss i Ulstein Rotary, der vi lot oss imponere over kva nokre få eldsjeler kan få til.
I 2020 flytta bedrifta frå Haugsbygda i Sande til Leikong i Herøy kommune. PROAS AS vart starta i 2001 av Reidar Håvik som ein snikkarverkstad for produksjon av innreiingar og teakdekk til båtar. Etter nokre år kom sonen Roy Endre Håvik med, og produksjonen vart utvida til å gjelde reparasjon, ombygging og nybygging av båtar, so vel som produksjon av utstyr i syrefast stål og aluminium. Fram til «oljekrisa» var om lag halvdelen av produksjonen samansett av underlevering av mob-båtar i glasfiber. Sidan vart snikkarverksemda avvikla og produksjonen består no av eigenutvikla sjarkar/arbeidsbåtar i formstøypt glasfiber. Dei lagar alt av utstyr i stål og aluminium til båtane som maskinhus, luker, dører, rekkverk, master og leiderar med meir. Og dei har samarbeid med andre lokale firma for å få levert ein komplett båt.
Filosofien deira er bygd på at fartøyet "proa" er ein del av maritim historie. Denne type fartøy symboliserer menneskets oppfinningsevne og tilpassing på sjøen.
Dei arbeider proaktivt med å ta stilling til korleis framtida vil sjå ut, og tek avgjersler for at ein på best mogleg måte kan handtere den framtidige situasjonen innan sitt fagområde.
Vi fekk omvisning i produksjonslokale og kontorbygg, og innblikk i firmaet sin rike produksjon. Dei er i dag 8 tilsette, og kunne gjerne vore fleire, men på lik linje med andre er rekruttering ei utfordring. Vi takkar for god mottaking og ynskjer lukke til med vidare arbeid.

19. januar 2026
Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong
Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre.
12. januar 2026
Møte med Ulstein næringsforum 12.01.26
Vi tok turen til Skaparhuset i Ulstein der vi hadde eit triveleg møte med Ulstein næringsforum.
1. desember 2025
Intercitymøte med Hareid
Johannes Alme fortalde frå boka si om selfangst og GC Rieber si betydning for norsk selfangst
17. november 2025
Bedriftsbesøk hos Furene Ulsteinvik
Vi fekk presentasjon av bedrifta og omvisning i dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum
10. november 2025
Kaffimøte
I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.
3. november 2025
Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador
Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.
27. oktober 2025
Problematiske stadnamn
Klubben har mange interne ressursar, og denne kvelden var det Johan Ottesen som delte av sin kunnskap
24. oktober 2025
Ulstein Rotary markerer poliodagen 24.10.25
Rotaryklubbar over heile landet går saman om å utrydde polio. Bill Gates Foundation bidreg slik at for kvar lokal krone som vert samla inn, vert det 3 kroner.
20. oktober 2025
Presentasjon av Susteni
Arild Hatløy og Alf Einar Moldtubakk orienterte om tenestene deira innan innovasjon og analyse